MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Turistar i eige landskap samlar sumarminne

Publisert: 08/23/2005 av Agnes Buen Garnås

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005082309580819824673

- Sumar og sol med kappleik og festivalar der videoopptakerar og minidiskar surrar og går når utøverar lear seg mot ei scene eller eit festsamvær...men kven skal eige opptaka av konsertane? Er det berre pure sedvanar som gjer til at det ikkje lenger er ei sjølvsagt sak at ein eig sine eigne utøvingar?, spør folkemusikk-songar Agnes Buen Garnås i dette innlegget til Ballade.

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen) (220x285)

Av Agnes Buen Garnås, folkemusikk-songar

Når arrangørar av kappleikar og festivalleiingar leiger eigne opptaksfolk, tenker ein:” Kva skal dei med alle desse opptaka?”

Om det korkje blir nemt, at det blir gjort opptak, eller spurt om lov til å ta desse, undrar ein seg; Om ein får svar om ein spør kva dei skal ha desse opptaka til, er ikkje sikkert. Ein kan som kjent spørre så sjølv dei kloke ikkje kan svare.

Sume folkemusikkarkiv er svært nøye med at det blir gitt løyve til å få kopi av opptak. Om ein skal ha opptak frå arkiv, må ein ha løyve, innhenta av utøvar, eller frå nær slekning. Jamnast betalast det for kopi av opptak. Likeeins om det er av eins eigne opptak. Dette er ein del av vernet til utøverane.

§ 42 i Åndsverklova:

En utøvende kunstners fremføring av et verk må ikke uten kunstnerens samtykke:

a ) opptas på film eller på innretning som kan gjengi den
b)kringkastes, eller
c) for annen måte ved samtidig overføring ved tekniske hjelpemidler gjøres offentlige for annen krets enn den kunstneren direkte opptrer for.

(MFO `s Retningslinjer for kringkastingsavtale finnes på www. musikerorg.no sjå elles Musikk Kultur Magasin mai-utgave 2002 , og www musikk-kultur.no)

NRK tar opp på Landskappleiken – og ofte og på distriktsvise eller lokale kappleikar . Rådet for folkemusikk og folkedans tar opp på Landskappleik. I tillegg er det andre som tydeleg tar opp video eller berre lyd.På lokale kappleikar
likeeins. Aktørane betalar påmeldingsavgift for å ta del i eit arrangement – d.v.s. opptreden for dei som er i salen. Framstillinga av utøvelsen er og meint k u n til dette publikummet – ikkje for media i tillegg.

Festivalar betalar honorar, men det er og for å vere utøvar for det gitte publikum. Etter norsk lov, må avtalar gjerast, om opptak skal gjerast i tillegg. Kven som skal eige optaka må og klargjerast. Kva opptaka er meint å skulle nyttast
til bør og gå fram i klartekst.

Av trykt program for Landskappleiken, går det fram at utøvar kan sei til om dei i k k j e vil tas opp. Kven skal ein sei det til? På stemnekontoret? I mikrofonen – rett før start? Kven av alle som tar opp, gjeld dette?

Om det blir tatt opp for å dokumentere: - blir det ikkje da feildokumentasjon, om ikkje alle er med?

Og kva er så spesielt viktig med å ta opp alle desse kappleikane og festivalprogramma – i staden for t.d. reise heim til utøvaren, eller be utøverar kome å spele eller synge eller danse for opptak? Det kan og gjerast med publikum – om
Det er det som er så spanande og gjer detmeir levande.

Er det berre pure sedvanar som gjer til at det ikkje lenger er ei sjølvsagt sak at ein eig sine eigne utøvingar? Og gir desse endelause rekkune med kappleikar og konsertar det eigentelege sanne bilet av den musikken, songen og dansen vi forvaltar?

Ønsker du å svare på dette innlegget? Debattinnlegg sendes til ballade@mic.no
 

Relaterte personer:

Agnes Buen Garnås, Kveder, Artist

Relaterte artikler:

02.12.2004 Født i 1801 - debuterer i 2004

17.09.2004 Melankolsk folkemusikkduo på Fabrikken

18.03.2004 Programslepp for Telemarkfestivalen

01.11.2002 Ny versjon av "Draumkvedet"

27.09.2002 Vokal folkemusikk i Valle

13.09.2002 Landstad-feiring frå Kviteseid til Stiklestad

10.06.2002 Agnes Buen Garnås syng Landstad - i Landstads kyrkje

08.12.2005 Agnes Buen Garnås får Kulturrådets ærespris måndag

28.09.2005 - En pris til folkemusikken

27.09.2005 Buen Garnås fikk ærespris

26.08.2005 NRKs Gro Holm: - Slåttespelet er ufattelig rikt

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no