MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Trygve Seim (Foto: Colin Eick) (300x450)Trygve Seim skriv tingingsverk til Vossa Jazz 2006

Publisert: 01/16/2006 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006011611073431603570

Urframføringa av verket, som har fått tittel "Reiser", vert i Voss idrettshall laurdag 8. april.


Trygve Seim har i den seinare tid vunne internasjonal annerkjenning både som komponist og orkesterleiar. Utgjevingane hans på ECM har hausta fagnad i internasjonal musikkpresse og han har hatt fleire prestisjefylte festivaljobbar.

Trygve Seim er ein komponist som har byrja med den meir tradisjonelle måten å komponera jazz på der korte melodiar og tilhøyrande akkordskjema dannar eit grunnlag for improvisatorisk samspel, men han har i dei seinare åra nærma seg den klassiske måten å komponera på - der det meste av musikken er notert og improvisatoriske solistparti eller ensembleparti berre førekjem som ein del av/innbakt i det skrivne materialet.

Seim hentar i dag inspirasjonen sin frå klassisk musikk, samtidsmusikk og asiatisk musikk, men har sjølvsagt etter mange år som jazzmusikar, jazzkomponist og jazzlyttar ei sterk forankring i jazzmusikken, spesielt det som vedrører rytmikk, frasering og harmonikk.

Verket til Seim har fått tittel "Reiser", og til framføringa vil han i tillegg til seg sjølv på saksofon ha med seg:

Håvard Lund, klarinett og bassklarinett, Torben Snekkestad, bassaks, Arve Henriksen, trompet, tba, horn, Lars Andreas Haug, tuba, Frode Haltli, accordeon, Kristine Martens, cello, Per Oddvar Johansen, trommer og tba, perkusjon. Asle Karstad vil stå for lyddesign.

Denne kunngjøreingen er hentet fra Vossajazz' hjemmesider. Fullstendig program for Vossajazz offentliggjøres i dag.
 

Relaterte bedrifter:

Vossa Jazz (Festivaler\Mars; Plateselskap)

Relaterte personer:

Trygve Seim, Saxofonist

Relaterte artikler:

07.12.2005 Ti år med The Source: of Christmas

23.09.2005 Armenia: De tre sjøers land

02.02.2005 God respons for norsk musikk i Frankrike

11.11.2004 To EDVARD-priser deles ut mandag

14.10.2004 Seim samler trådene på Parkteateret

03.03.2004 Fritt Fall med Tanja Orning, Øyvind Torvund og Trygve Seim

08.10.2001 Tysk kritikerpris til Trygve Seim

04.10.2001 The Source drar på Norgesturné

12.09.2001 En rimelig opptatt mann

15.08.2005 Sterkt haustprogram frå Voss jazzklubb

18.03.2005 Påskeintervjuet: Solskinn, appelsiner og herr Qvenild

28.01.2005 Jan Gunnar Hoff med tingingsverk til Vossajazz

20.01.2005 Vossa Jazz med variert påskemeny

12.08.2004 Årets unge jazzmusikere - fra Molde til Molvær

30.04.2003 Gilad Atzmon: Postmoderne musikk fra Absurditetens teaterscene

23.04.2003 Frykt og avsky på Voss

22.04.2003 Live Roggen: En dame med mange hatter

30.05.2007 Trygve Seim Ensemble/The Thing & Zu

19.01.2007 Vossa Jazz-programmet klart

16.01.2007 Berit Opheim med bestillingsverk til Vossa Jazz

05.09.2006 Vossa Jazz: Overlever og ser framover

29.08.2006 Vossa Jazz svarer: Avviser fallskjerm, ønsker gjeldssanering

25.08.2006 Vossa Jazz kan gå konkurs

25.08.2006 Ope brev til Vossa Jazz-styret og Lars Mossefinn

11.08.2006 Tøffe tider for Vossa Jazz

03.04.2006 Jazzintro 2006 starter på Vossajazz i påsken

18.01.2006 Begeistret selvskryt fra Vossajazz

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no