MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



- Satsing på utlandet må vera samstemt!

Publisert: 01/24/2006 av Kjell Bitustøyl

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006012314415991181963

Skal norsk folkemusikk ut i verda, må ein først rydde opp på heimebane, mener redaktøren i Spelemannsbladet, Kjell Bitustøyl. I dette innlegget ber han de to folkemusikkorganisajonene om å samle seg om saken - i stedet for å konkurrere seg imellom. - Her i landet har ein fått Folkelarm og ei slags semje om ei riksscene. Likevel er det langt fram til at kreftene dreg i same retning. Ein sit framleis for mykje på kvar si tuve. Er ein for oppteken av å ta æra for det eller det, i staden for å tenkje: Kva er det som gagnar folkemusikken best? Lat ei brei satsing på utlandet bli ein prøvestein, oppfordrer Bitustøyl.

Hardingfele-stående (148x381)

Av Kjell Bitustøyl, redaktør for Spelemannsbladet

Noreg er eit lite land med få innbyggjarar. Dette kjenner mange folkemusikarar fort kan bli ei hindring i høve til å skaffe seg nok oppdrag. Difor er det aktuelt for eit aukande tal av utøvarar å søkje seg utover landegrensene for å skaffe seg oppdrag der. Dei mest vellykka og dyktige – eller heldige – greier å skaffe seg fleire utanlandsoppdrag i løpet av eit år. Likevel utgjer dette ein forsvinnande liten del av norsk musikkeksport og truleg ein endå mindre del av den totale aktiviteten innafor norsk folkemusikk.

Danmark var eit førebilete for etableringa av Folkelarmprisen. No er det ein ny grunn til å kaste augo mot Danmark att.

Frå og med 2006 dreg danskane i gang ei storstilt satsing på eksport av dansk folkemusikk. Prosjektet er eit samarbeid mellom Danmark sin paraplyorganisasjon for folkemusikk, Folkemusikkens Fælles Sekretariat, DJBFA – Danske Sangskrivere og Komponister og plateprodusentane sin opphavsmessige interesseorganisasjon KOPIFON. Saman med ei rad organisasjonar vil dei satse halvannan million kroner i dei komande tre åra på å sende eliten av dansk folkemusikk til utlandet.

Visst har norske spelemenn, folkedansarar og folkemusikarar reist utanlands i mange år. Men dette har i liten grad vore på grunn av ei kultupolitisk satsing. Og sjølvsagt kan ein kritisere styresmaktene for at dei ikkje har gjort meir for folkemusikken på dette feltet. Men like mykje må ein sjå til eigne rekkjer.

Er organiseringa innafor norsk folkemusikk eit hinder i høve til å stable på beina ein slagkraftig strategi som rettar seg mot utlandet?

Som mange vil vita, har NFD gjennom Norsk Folkemusikkformidling gjort ein del framstøytar for å få norsk folkemusikk ut i verda. Og dei har gjort verdifulle erfaringar og etablert viktige kontaktar i utlandet. Men har dette vore ei strategisk god arbeidsdeling, der LfS meir har konsentrert seg om andre verkefelt og med det overlate til vesle NFD å fronte norsk folkemusikk i det store utlandet?

I denne samanhengen er det interessant å merke seg kva avtroppande dagleg leiar for Norsk Folkemusikkformidling, Ola Berge, seier i eit intervju med Kvinten. Han meiner at organiseringa av folkemusikk-Noreg ikkje er optimal. Han seier vidare at om det skal koma ei endring i dette, lyt det koma "som eit pålegg utanfrå, til dømes frå Kultur- og Kyrkjedepartmentet."

Dette støttar underteikna fullt ut. Skal ein kunna koma vidare med ei stor sasting på norsk folkemusikk i utlandet etter til dømes mønster frå Danmark, eller Sverige for den saks skuld, må ein stable på beina eit apparat eller ein organisasjon som har tillit i heile folkemusikkmiljøet. Fyrst då kan ein bli slagkraftig til det beste for sjangeren og den norske folkemusikken. Det gamle tankegodset om at det berre blir bråk om ein skal endre på organisasjonsstrukturen, er kanskje moge for å kastast over bord?

I Danmark har Danish Folk Music Award blitt ein stor suksess, og no har danskane samla seg om ei ny, stor satsing. Her i landet har ein fått Folkelarm og ei slags semje om ei riksscene. Likevel er det langt fram til at kreftene dreg i same retning. Konkurranse kan vera skjerpande, men som Ola Berge seier, for å sitere han nok ein gong: "Vi trår i kvarande sine bed og er usamde om fordelinga av oppgåver. Ein konkurransesituasjon kan vere bra, men det kan også føre til at arbeidet kjennest tyngre, fordi ein veit ein kunne fått til meir saman."

Eg vil likevel poengtere at det har vore mykje godt samarbeid i løpet av året som har gått. IntroFOLK er eit godt eksempel på eit slikt samarbeidstiltak. Samstemt er eit anna form for samarbeid som har ført fram. Medan Riksscena til no for ein stor del har handla om NFD. Og Folkelarm var LfS sitt prosjekt.

Ein sit framleis for mykje på kvar si tuve.

Så er ein inne på samarbeidsfeltet inniblant, men mangelen på tillit og for dårleg kommunikasjon set ofte ein effektiv stoppar for eit ope og godt samarbeid. Er ein for oppteken av å ta æra for det eller det, i staden for å tenkje: Kva er det som gagnar folkemusikken best? Lat ei brei satsing på utlandet bli ein prøvestein. Dette er ei altfor viktig oppgåve til at berre den eine av folkemusikkorganisasjonane kan fronte det.

Innlegg i denne viktige debatten mottas på ballade@mic.no, og publiseres fortløpende.
 

Relaterte bedrifter:

Spelemannsbladet (Media\Tidsskrift)

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter)

Landslaget for Spelemenn (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

Norsk Folkemusikkformidling (Bookingselskaper)

ÁRINN - internasjonal festival for tradisjonell folkemusikk og folkedans (Festivaler\September)

Folkelarm ()

Relaterte personer:

Kjell Bitustøyl, Redaktør

Relaterte artikler:

19.12.2005 LFS: - Viktig auke til folkemusikkfestivalane

30.11.2005 Hilde Bjørkum: - Tenk kva me kunne fått til for 5 millionar!

21.10.2005 Folkelarm 2005 i Oslo denne helgen

20.10.2005 "Tryllefløyta": Ein stemningsrapport

18.10.2005 43 plater påmeldt til Folkelarm-prisen

28.09.2005 - En pris til folkemusikken

06.09.2005 Folkelarm: Ny platepris for folkemusikken

09.01.2006 Kvelande konsensus i folkemusikk-miljøet

11.11.2005 Gjennomslag for etablering av Riksscene for folkemusikk og folkedans

11.11.2005 Samstemt glede over statsbudsjettet

27.10.2005 Ja eller nei til Riksscene for folkemusikk?

05.10.2005 Riksscene for folkemusikk og folkedans til Schouskvartalet i Oslo?

15.12.2008 - Lat dei forbli ulike!

11.01.2008 Tradisjonane med snigle- eller turbofart?

09.01.2008 Mot tettere samarbeid i folkemusikken

16.08.2007 15. og 16. september, Bergen: Árinn 2007 markerer NFD 20 år

16.08.2007 Delte meninger om organisering

13.08.2007 Legg ned organisasjonane!

21.06.2007 Folkemusikken ser ut

06.06.2007 Samstemt!: - Musikk til folket

21.05.2007 Forum for utøvere: Musikerne og platebransjen

15.01.2007 Invitasjon til å søke medlemskap i Riksscenerådet

18.10.2006 Folk på Majorstua

22.09.2006 Stormfullt. Lengtende. Sjantien: en glemt norsk tradisjon

20.09.2006 De nominerte til årets Folkelarmpris er…

20.09.2006 Klappet og klart for Folkelarm

23.05.2006 55 artistpåmeldingar til Folkelarm

11.05.2006 Om NFDs Universal-eksempel: Feil, skyld og politikk

09.05.2006 NFD: - Vi krever respekt for tradisjonsbærerne

03.05.2006 Årboka 2006 presentert på Árinn

02.05.2006 Utanlandske innkjøparar til Folkelarm

26.04.2006 - Det er jo artig, da!

21.04.2006 Folkemusikk møter klassisk på Árinn

05.04.2006 Åshild Vetrhus: - To organisasjonar får til meir enn ein

30.03.2006 650 000 kroner til tre folkemusikkprosjekter

17.03.2006 Norsk folkemusikkformidling ser mot utlandet

14.03.2006 Schous-kvartalet: Hovedstadens nye kulturbryggeri?

14.02.2006 Riksscenen for folkemusikk: - Vi vil lytte til hele musikklivet

02.02.2006 - To hoder tenker bedre enn ett, også i folkemusikk-miljøet

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no