MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Norsk folkemusikkformidling ser mot utlandet

Publisert: 03/17/2006 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006031313085080173495

- Eg gler meg! seier Lene Furuli, som overtek i Norsk folkemusikkformidling 1. august i år. Folkemusikkeksport og opprustning av Norsk folkemusikkatalog er viktige oppgåver som ventar. . Elles ønskjer ho naturleg nok å ha nær kontakt med dei andre folkemusikkorganisasjonane, og håper ein kan få til eit samarbeid om utanlandske kontaktar til Folkelarm, bransjetreffen Landslaget for Spelemenn oppretta i fjor. Musikaren Andreas Ljones` synspunkt på Ballade.no om at folkemusikkorganisasjonane må bli flinkare til å fordele oppgåvene, stiller ho seg heilt bak: - Dette trur eg vi skal få til ved å halde nær kontakt og bli samde om kva den eine og den andre skal satse på, seier Furuli til folkogdans.no.

Lene Furuli, Førde Internasjonale Musikkfestival (283x378)

- Vi er veldig glade for å ha fått Lene Furuli til Norsk Folkemusikkformidling, seier styreleiar Jon Anders Halvorsen, og held fram:

- Ho har brei erfaring frå det norske og internasjonale folkekultur-feltet gjennom Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar og ikkje minst Førdefestivalen. Ho har bransjekunnskap, og er samstundes genuint interessert i musikken og følgjer med på det som skjer i miljøet med ekte engasjement. I dag er stillinga 60 prosent, men vi håper at vi skal klare å utvide stillinga til 100 prosent, det er ein ambisjon, seier Halvorsen.

Frå kjøpar til seljar
I dag er Lene Furuli arrangementsjef ved Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Ho stortrivst i jobben, men ser no fram til å vende nasen i retning austlandet og setje seg på den andre sida av forhandlingsbordet.
- Då eg såg at stillinga i Norsk folkemusikkformidling (Nff) var utlyst, tenkte eg at som kjøpar av norsk og utanlandsk folkemusikk i Førdefestivalen, ser eg stort forbedringspotensial i formidlinga av desse artistane. Dette er noko eg ser fram til å arbeide med i Nff, seier ho.

Ho meiner mange folkemusikk-artistar framleis er litt smålåtne og forsiktige på eigne vegne, og med fordel kan lære meir om korleis ein kan selje seg sjølv betre. Å byggje opp gode strukturar for sal og kjøp, formidling og mottaksapparat bør vere ein viktig jobb for Nff å ta tak i.

- No er det ei kjempespennande tid å gå inn i ein jobb som dette. Med så mange folkemusikarar med høgre utdanning som utøvarar er det ein ny situasjon, med mange som ønskjer å leve av musikken. Det er mange som vil mykje, og det finst mange varierte uttrykk. Målet må vere å gjere det mogleg for fleire å leve av det, det er det viktigaste. Og så vil det jo vise seg om det er plass til alle. Å vere artist i dag er ikkje berre å vere best på instrumentet sitt, men å ha noko å formidle. Ulike utøvarar trivst på ulike arenaer. Heldigvis finst det etter kvart mange ulike arbeidsplassar for musikarar, til dømes i kulturskulane og andre musikarordningar i fylke og kommunar - det er mange arenaer og situasjonar for formidling av folkemusikk, Nff bør vere med å finne arenaene og bidra til at kvar utøvar finn det interesserte publikum for sitt uttrykk.

Frå ho var lita, har ho vore engasjert i folkedans-miljøet i heimbyen, ho har vore på stemne og kappleikar gjennom oppveksten, ho spelar fele, og dessutan hardingfele med Indre Sunnfjord Spelemannslag.
- He he, spelemannslag er interessant, ler ho, for meg i andre rekke er det mange kodar å lære seg.

Folkemusikk-eksport
I det siste har det vore ein debatt om norsk folkemusikk og utanlandsatsing. Lene Furuli er svært oppteken av potensialet i utanlandsmarknaden, men meiner ein ikkje i iveren over å ha oppdaga denne moglegheiten må gløyme heimemarknaden.
- Vi treng ein større marknad også her heime. No har vi, gjennom Den Norske Folkemusikkscena, fått fleire scener rundt om i landet. Fleire festivalar og arrangørar tek inn folkemusikk i sine program. Men det tek tid å byggje opp eit publikum og skape forståing for kvaliteten i musikken, sjølv om publikum er meir opne no enn for nokre år sidan.

Når det gjeld utanlandsatsing, meiner ho at artistar ein skal satse på i utlandet, må ha eit solid grunnlag i Norge først. For å lykkast i utlandet, må ein ha mykje konserterfaring og eit heimepublikum, elles er sjansen for å finne ein marknad ute forsvinnande liten.

At desse artistane treng ad hoc-stønad, ei ordning som gjer det mogleg å få delfinansiert konsertar og turnear på kort varsel, stiller ho seg bak. Ho meiner miljøet treng fleire stønadsordningar, men det er svært viktig at ein har moglegheit til å takke ja til oppdrag som er under eit halvt år fram i tid.

Samarbeid
- Nff har bygd opp eit viktig kontaktnett som eg ser fram til å samarbeide nært med, seier Lene Furuli, og tenkjer mellom anna på Music Export Norway, Musikkinformasjonssenteret, Utanriksdepartementet og Rikskonsertane. Elles ønskjer ho naturleg nok å ha nær kontakt med dei andre folkemusikkorganisasjonane, og håper ein kan få til eit samarbeid om utanlandske kontaktar til Folkelarm, bransjetreffen Landslaget for Spelemenn oppretta i fjor. Musikaren Andreas Ljones` synspunkt på ballade.no om at folkemusikkorganisasjonane må bli flinkare til å fordele oppgåvene, stiller ho seg heilt bak.

- Dette trur eg vi skal få til ved å halde nær kontakt og bli samde om kva den eine og den andre skal satse på, seier ho.

Kvitaste flekken
Lene Furuli kjem frå det ho sjølv omtalar som «den kvitaste flekken på folkemusikkartet», nemleg Sarpsborg. Nff er underlagt Norsk Folkemusikk- og Danselag, ein organisasjon som arbeider for dei eldste folkemusikk- og dansetradisjonane. Korleis kjennest det?

- Eg må ærleg innrømme at eg aldri har hatt noko forhald til Norsk Folkemusikk- og Danselag. Eg har ikkje vore inne i diskusjonane som råda på 80-talet, og eg som ikkje reknar meg som utøvar har ikkje hatt så mykje kontakt med den delen av miljøet. No skal eg jobbe med Nff. Diskusjonane om ein eller fleire organisasjonar og val av strategiar i samband med dette ligg på eit anna nivå. Så lenge desse diskusjonane ikkje bremsar mine moglegheiter for å gjere ein god jobb i Norsk folkemusikkformidling kan debatten gå eller ikkje gå for min del, seier Lene Furuli, som altså tek til i jobben 1. august i år.

Artikkelen er tidligere trykket på Norsk folkemusikk- og danselags hjemmesider, folkogdans.no. Artikelen bringes videre på Ballade etter avtale.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Folkemusikkformidling (Bookingselskaper)

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (Festivaler\Juli)

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter)

Relaterte personer:

Lene Furuli, Direktør

Relaterte artikler:

25.08.2005 Hilde Bjørkum er ny festivaldirektør i Førde

12.10.2004 Statsbudsjettet 2005: Jubel hos Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

02.02.2006 - To hoder tenker bedre enn ett, også i folkemusikk-miljøet

24.01.2006 - Satsing på utlandet må vera samstemt!

09.01.2006 Kvelande konsensus i folkemusikk-miljøet

30.11.2005 Hilde Bjørkum: - Tenk kva me kunne fått til for 5 millionar!

23.11.2005 Ny riksscene for folkemusikk trenger driftsgaranti

11.11.2005 Gjennomslag for etablering av Riksscene for folkemusikk og folkedans

04.07.2007 Førdefestivalen med fransk fokus

21.06.2007 Folkemusikken ser ut

21.05.2007 Forum for utøvere: Musikerne og platebransjen

03.04.2007 Førdefestivalen frister med ekstra gode plasser

26.02.2007 Ny styreleder for Førdefestivalen

30.11.2006 42 prosent tilreisande til Førdefestivalen

20.10.2006 Kappleik i Oslo

26.06.2006 Ny arrangementssjef i Førdefestivalen

11.05.2006 Om NFDs Universal-eksempel: Feil, skyld og politikk

09.05.2006 Førdefestivalen: Større program enn nokon gong

24.04.2006 Førdefestivalen søker arrangementssjef

03.04.2006 Åshild Vetrhus er ny leiar i NFD

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no