MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Åshild Vetrhus er ny leiar i NFD

Publisert: 04/03/2006 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006040309520116771801

Åshild Vetrhus frå Suldal i Rogaland vart vald til ny leiar i NFD på årsmøtet 1. april. - Eg ønskjer å bidra til at NFD vert ein opnare organisasjon, men ei samanslåing av organisasjonane er ikkje aktuelt, seier Vetrhus.

Åshild Vetrhus, 2006 (330x)

Det er ein profilert utøvande folkemusikar som no har tatt på seg leiarvervet i Norsk Folkemusikk- og Danselag. Åshild er vokalist i trioen Tindra (www.tindratrio.com) som er plateaktuelle i mai.

I 2000 - 2004 studerte ho musikkpedagogikk ved Norges Musikkhøgskole med fordjuping i folkesong. Åshild har mellom anna vigd mykje tid til liksongane i Suldal og songar etter liksongaren Per Vetrhus, men også andre kjelder pregar repertoaret hennar sterkt, slik som dei religiøse folketonane etter Bertha Rafdal eller dei sorgmuntre små visene frå Bjerkreim.

Elles er Håkon Høgemo og Tove P. Dalbakk nye i styret. Håkon Høgemo er blant dei fremste hardingfelespelarane i landet, han har fått spellemannsprisen to gonger, og treng neppe ein nærmare presentasjon. Tove P. Dalbakk er felespelar og cellist frå Rendalen i Østerdalen. Ho er rektor ved kulturskulen i Rendalen, og ho har ei rekkje oppdrag i tillegg som medlem i gruppa Majorstuen.

Jan Petter Blom er ny som vara i styret. Han er fødd i 1927 på Rjukan i Tinn, og er i dag Professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Blom var aktivt med og etablerte folkemusikkstudioet i Rauland, folkemusikkvitenskap i Bergen og folkemusikkstudiet ved Ole Bull Akademiet på Voss, der han også har forelest. Han har også vore med på fullføringa av Hardingfeleverket; sju bind med hardingfeleslåttar.

2. varaperson i styret, Håkon Dregelid frå Voss, er blant dei fremste folkedansarane i landet, med ei rekkje topplasseringar på landskappleiken. Ola K Berge slutta i Norsk folkemusikkformidling ved nyttår, men han har no tatt plass i styret som 3. vara.

Etter årsmøtet spela Tore Bolstad, Britt Pernille Frøholm, Anne Hytta og Vidar Skrede til dans.

Eit større intervju med den nye leiaren, Åshild Vetrhus, kjem snart på heimesidene til nfd.no.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter)

Tindra (Utøverinstitusjoner\Band)

Relaterte artikler:

14.02.2006 Riksscenen for folkemusikk: - Vi vil lytte til hele musikklivet

02.02.2006 - To hoder tenker bedre enn ett, også i folkemusikk-miljøet

15.03.2006 TONO og folkemusikken: - Tungen rett i munnen

17.03.2006 Norsk folkemusikkformidling ser mot utlandet

09.01.2006 Kvelande konsensus i folkemusikk-miljøet

24.11.2005 Konferanse om kultureksport: - Rikdom utan kultur er degenerering

11.11.2005 Gjennomslag for etablering av Riksscene for folkemusikk og folkedans

05.10.2005 Riksscene for folkemusikk og folkedans til Schouskvartalet i Oslo?

02.11.2005 Womex 2005: Visuell presentasjon stadig viktigare

25.08.2005 Árinn - folkemusikk anno 2005

15.06.2005 Árinn: Et arnested for tradisjonsmusikken

29.04.2005 Kulturråd-evaluering roser Norsk Folkemusikk og -Danselag

27.06.2008 Ny stor organisasjon i folkemusikken?

10.04.2007 Landslag for levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg

29.01.2007 Tindra til India

15.06.2006 Norsk Folkemusikk- og Danselag søker redaktør

18.05.2006 Folkemusikkveka 2006: Frå stand up-kveding til folkemusikkmesse

11.05.2006 Om NFDs Universal-eksempel: Feil, skyld og politikk

09.05.2006 NFD: - Vi krever respekt for tradisjonsbærerne

05.04.2006 Åshild Vetrhus: - To organisasjonar får til meir enn ein

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no