MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Åshild Vetrhus_2 (Foto: Yina Chan) (330x464)Åshild Vetrhus: - To organisasjonar får til meir enn ein

Publisert: 04/05/2006 av Anne Hytta

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006040513024191192950

Åshild Vetrhus, ny styreleder i Norsk Folkemusikk- og Danselag, er klar til å ta fatt på styreledervervet. - Eg ønskjer å vere ein lyttande og tydeleg leiar, forteller hun. Hun sier også at det ikke er aktuelt å slå sammen Landslaget for Spelemen og NFD.


Av Anne Hytta/Kvinten

- Vi skal halde fram med å nytte moderne arbeidsmetodar, og samstundes vil vi arbeide for å få til ein tettare dialog med dei andre folkemusikkorganisasjonane. 28-årige Åshild Vetrhus, opprinneleg frå Suldal i Rogaland, men busett i tjukkaste Oslo-gryta på Carl Berner, synest nokre endringar må til i organisasjonen ho nettopp har blitt øverste leiar for.

Fordeling av oppgåver

Dei siste månadene har debatten gått om kva som er poenget med fleire organisasjonar. Men Åshild Vetrhus synest ikkje ei samanslåing er aktuelt.

- Eg meiner som andre at det er bra med konkurranse - i positiv forstand - fordi det vert fleire som ”piskar” kvarandre til å jobbe meir og betre. Sjølvsagt kan ein diskutere om det er rom for løyvingar til to administrasjonar i staden for ein, men eg meiner det er så enkelt som at to organisasjonar får til meir enn ein. Ein sikrar at miljøet ikkje vert einsretta. Når det er sagt, synest ho ikkje det er ønskjeleg at organisasjonane skal halde på med det same - parallelle strukturar - som det heiter på departementspråk.

- Vi må få ei tjeneleg fordeling av arbeidsoppgåver som alle organisasjonene er samde om. Dersom det er arbeidområde der fleire organisasjonar ønskjer å vere aktive, må vi vere gjensidig opne om kva vi jobbar med.

Kulturpolitisk arbeid

I 2002 fekk ho ein telefon med tilbod om å vere med på Eurofolk, eit arrangement med utøvarar frå heile Europa som det året vart arrangert i Parthenay i Frankrike. NFD var norsk arrangør, og dermed melde ho seg inn i organisasjonen.

- Eg visste verkeleg ingenting om NFD då, men høyrde meir om organisasjonen via dåverande styremedlem Synnøve Bjørset, og eg skjøna at det var ein organisasjon som dreiv eit godt kulturpolitisk arbeid. Men det var først då eg kom inn i styret at eg fekk augo opp for kor aktiv organisasjonen er sett opp mot relativt låge økonomiske ressursar.

Uimotståeleg scenesjarm

Folkesongaren frå Suldal har studert fire år ved Norges Musikkhøgskole, og i dag underviser ho sju elevar ved Oslo Musikk- og Kulturskole. Utanom det er ho frilansar, som solist og i trioen Tindra. Dei som følgjer med, har fått sjå at Åshild stadig utviklar seg som songar, med uimotståeleg scenesjarm og klokkeklar røyst.

I vår er Tindra plateaktuelle på selskapet ta:lik, det er travle dagar, og mange i hennar situasjon ville halde seg langt unna styreverv, og endå lenger unna leiarverv, i ein utøvarorganisasjon som NFD. Men Åshild vågar denne kombinasjonen.

- Eg trur eg kan lære mykje av dette, det blir spennande, seier ho.

Navigator

Si eiga rolle som leiar har ho tenkt mykje på dei siste dagane etter at det vart klart på årsmøtet 1. april at ho overtek NFD-klubba.

- Eg ønskjer å vere ein navigator for organisasjonen, som kan få dei rundt meg i styret og administrasjonen til å yte sitt beste. Vi har mange med dyktige eigenskapar på forskjellige område. Vi må også jobbe for å få medlemmene til å engasjere seg og seie si meining, det må vere rom for å seie ting rett fram - open kommunikasjon, rett og slett.

Intervjuet har tidligere stått på trykk hos NFD og bringes her videre på oppfrodring fra artikkelforfatteren.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter)

Landslaget for Spelemenn (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

Tindra (Utøverinstitusjoner\Band)

Relaterte artikler:

03.04.2006 Åshild Vetrhus er ny leiar i NFD

02.02.2006 - To hoder tenker bedre enn ett, også i folkemusikk-miljøet

24.01.2006 - Satsing på utlandet må vera samstemt!

09.01.2006 Kvelande konsensus i folkemusikk-miljøet

16.03.2005 NFD presenterer ny folkemusikkfestival - og åpent møte om å leve av folkemusikk og -dans

05.12.2005 Norsk Folkemusikkformidling søker medarbeidar

25.03.2009 Ambivalens og entusiasme

24.03.2009 Grønt lys for sammenslåing

15.12.2008 - Lat dei forbli ulike!

27.06.2008 Ny stor organisasjon i folkemusikken?

26.02.2008 Endringsvilje i folkemusikkmiljøet

11.01.2008 Tradisjonane med snigle- eller turbofart?

09.01.2008 Mot tettere samarbeid i folkemusikken

16.08.2007 Delte meninger om organisering

15.08.2007 Om Statens Kunstnarstipend og profesjonelle utøvarar

13.08.2007 Legg ned organisasjonane!

26.06.2007 Artistene på årets Folkelarm er klare

10.04.2007 Landslag for levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg

21.02.2007 Store forventninger til Riksscene for folkemusikk

29.01.2007 Tindra til India

15.01.2007 Invitasjon til å søke medlemskap i Riksscenerådet

15.06.2006 Norsk Folkemusikk- og Danselag søker redaktør

11.05.2006 Om NFDs Universal-eksempel: Feil, skyld og politikk

09.05.2006 NFD: - Vi krever respekt for tradisjonsbærerne

02.05.2006 Utanlandske innkjøparar til Folkelarm

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no