MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Den annen skjønnhet - Fartein Valen-festivalen 2006

Publisert: 04/20/2006 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006042009092714150148

Fartein Valen uttalte fylgjande i eit intervju frå 1950: "Hvis man dermed mener at den (atonale musikken) er mindre følt er det fullstendig feil. Når vi blir grepet av den atonale musikken erfarer vi det Michelangelo kaller "l'altra belta": den annen skjønnhet (...); den atonale er like følsom som en hvilken som helst annen musikk, kanskje til og med enda mer, men på en annen måte". I går byrja Fartein Valen-festivalen 2006, og gjennom fem dagar kan ein oppleva til saman 19 arrangement og konsertar. Mellom høgdepunkta er framføringa av "Sonetto di Michelangelo", som representerte gjennombruddet for Valen som komponist.

Fartein Valen/www.farteinvalen.no (330x416)

Av Ida Habbestad

Fartein Valen-festivalen byrja i går, og opningskonserten med Iver Kleive, Povl Dissing og Knut Reiersrud resulterte i terningkast seks frå Haugesunds Avis sin meldar Truls Horvei.

Vidare dette året vil det vera eit spesielt fokus på dei mange jubilerande:

- Det er mange jubilantar representert under festivalen i år, seier Ole Jørgen Furdal i Valendagane til Ballade:

- Arne Nordheim fyller 75 år dette året, dei to prisvinnarane (Hanna-Marie Weydahl og Einar Henning Smebye), Mozart jubilerer sjølvsagt, og Nordic Voices, som er 10 år i år.

Festivalen sjølv feirer sitt 25 års jubileum i 2006. Av høgdepunkt trekk Furdal fram eitt av festivalens seminar:

EIn treng drøfting kring framføring av Fartein Valen
- Det kanskje mest spanande i år er pianoseminaret, der pianostudentar frå institusjonar, hovudsakleg her i landet, samlast for å spela Fartein Valens musikk. Dette har ikkje vore gjort før i same grad. Ein treng ei drøfting kring framføring av musikken hans, seier Furdal.

Professor Einar Røttingen frå Griegakademiet har teke initiativ til, og er fagleg ansvarleg for gjennomføringa av seminaret, saman med førsteamanuensis Torleif Torgersen. Seminaret er ope for publikum, og strekkjer seg frå torsdag til laurdag før det vert avslutta med konsert i Haugesund Bildegalleri laurdag kl. 17.00

Reinskrivne Valen-partitur
Eit anna viktig arrangement er framføringa av "Symfoni nr 2" av Valen - i korrekt utgåve:

- Stavanger Symfoniorkester har vore her jamnleg, men det er første gang dei framfører ein symfoni av Fartein Valen - i alle fall i mi tid i festivalen, seier Furdal. - Det er eit viktig arbeid som er gjort her: ein oppdaga at dei opptrykte partitura til symfoniane til Valen inneheldt mange feil. Orkesteret fekk midlar av Norsk kulturråd for å reinskriva dei, og Christian Eggen gjekk til Najsonalbiblioteket og har fått retta opp dette. Orkesteret held no på med plateinnspelingar av symfoniane, fortel Furdal.

Konserten fredag opnar med "Clamavi" av Arne Nordheim, og avsluttast med Mozarts "Requiem". I tillegg vert nok eit verk av Valen framført, "Sonetto di Michelangelo".

- "Sonetto di Michelangelo" er det verket som representerer gjennombruddet for Valen, fortel Furdal. - Det belyser òg begrepet om "den annen skjønnhet" som Valen ofte henviser til.- den uttrykkskraften i den atonale musikken, som er like følsom som annan musikk.

Den slåande koplinga med renessansemusikken
"Sonetto di Michelangelo" gjev òg eit hint om Valens interesse for gamal musikk, og dette er ein av årsakane til at Nordic Voices stadig vert invitert attende til festivalen:

- Eg likar veldig godt måten ensemblet syng Fartein Valen på - og koplinga dei har til den gamle renessansemusikken. Den slår meg alltid, og den gjev mykje innblikk i Valens musikk, seier Furdal.

Nordic Voices står i år for avslutningskonserten under festivalen, ilag med Oslo Kammersolister og Einar Henning Smebye.

Urframføringar
For øvrig vert det ei urframføring laurdag, av verket "Lurebruretrommeslåtten" for lur og skarptromme, av Ketil Hvoslef. Verket er tinga og framført av Gaute Vikdal og Odd Børge Sagland. Under same konsert vil ein òg for første gong få høyra Einar Økland lesa monologar med sine inntrykk av komponisten:

- Desse monologane er kkje framførte før, fortel Furdal. - Økland skreiv dei til ei anledning då dei ikkje vart brukte, men no skal me altså få høyra dei. Einar Økland bur i bygda, og har sjølv truffe Valen, til tross for at han var liten då.

Festaftanen laurdag foregår kl. 18.30 på festiviteten.

For det fullstendige programmet, sjå Fartein Valen-festivalen sine heimesider.
 

Relaterte bedrifter:

Fartein Valen Festivalen (Festivaler\Organisasjoner; Festivaler\April; Konsert management / Event)

Fartein Valen Prisen (Priser)

Stavanger Symfoniorkester (Utøverinstitusjoner\Orkestre; Plateselskap)

Nordic Voices (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte personer:

Fartein Valen, Komponist

Ole Jørgen Furdal, Organist

Einar Henning Smebye, Pianist, Professor

Arne Nordheim, Komponist

Ketil Hvoslef, Komponist

Einar Røttingen, Pianist

Christian Eggen, Dirigent, Pianist, Komponist

Gaute Vikdal, Trombonist

Relaterte begivenheter:

19.04.2006 Fartein Valen Festivalen 2006

21.04.2005 Fartein Valen Festivalen 2005

23.04.2004 Fartein Valen Festivalen 2004

Relaterte artikler:

24.03.2006 Fartein Valen-stipend 2007

17.08.2005 Fartein Valen-prisen til Weydahl og Smebye

02.05.2005 Fartein Valen-prisen 2006

29.03.2005 Valen-festivalen 2005: Den 25. i rekken

23.04.2004 Fartein Valen-stipendet 2005

23.04.2004 Valen-prisen 2004 til Arve Tellefsen

23.04.2004 Valen-dagene åpner i Haugesund idag

01.04.2003 Fartein Valen Prisen 2004

29.08.2002 Fartein Valen-stipendet 2002

29.08.2002 Statuttar for Farten Valen-stipendet

06.04.2006 BULL's eye

13.06.2005 Norsk klavermusikk er mer enn troll og dovregubber

31.05.2005 Festspillene i Bergen: Prosjekt Fartein Valen

14.04.2005 Stavanger symfoniorkester med Valens samlede orkesterverk

17.03.2005 Fartein Valen: Vestlandspietist og moderne europeer

26.04.2004 Valen - en visjonær komponist

23.04.2004 Valen: En pioner i det 20. århundres musikk

11.04.2003 Fartein Valen på Simax: - Alvorsfylte motstemmer

09.07.2002 Valen, Fartein

16.11.2001 På sporet av Fartein Valen og kjempen på Siljustøl

11.12.2012 Må legge Valensenteret på is

11.11.2008 Samarbeider om Messiaen i Bergen

29.08.2007 Griegs samlede sanger

14.06.2007 Fartein Valen-prisen 2008

05.03.2007 SSO framfører Kleibergs "Requiem"

06.02.2007 Avgarde: konsertserie for ny musikk i Bergen

05.02.2007 Gro Sandvik og Einar Røttingen på skandinavisk festival i USA

02.01.2007 Nyttårskonsert med SSO og Ole Edvard Antonsen

04.12.2006 Ketil Hvoslef urframføres på AVGARDE

09.10.2006 Kirkemusikkensemblet er sikret

26.09.2006 Absolutt Mozart i Bjergstedparken

15.09.2006 Avgarde: Ny scene for samtidsmusikk i Bergen

23.05.2006 Steven Sloane blir ny sjefdirigent i Stavanger

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no