MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Folkemusikkveka 2006: Frå stand up-kveding til folkemusikkmesse

Publisert: 05/18/2006 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006051811515329564202

Den Norske Folkemusikkveka går føre seg frå 21. til 28. mai, som alltid i Ål i Hallingdal. Det er Stortingsrepresentant Sigrun Eng som opnar Folkemusikkveka 2006, der det mellom anna vert CD-slepp med Truls Ørpen, visekonsert med Kirsten Bråten Berg og Lena Willemark, fløytival, stand-up kveding og eigne konsertar med barnehageborn frå Hallingdal.

Tindra, 2005 (360x239)

Stortingsrepresentant Sigrun Eng opnar Folkemusikkveka 2006 i Stavkyrkjemuseet sundag 21. mai. Så vert det CD-slepp med Truls Ørpen-opptak, der Magne Myhren fortel, og Nes Spelemannslag, Steinar Strøm og Per Åsmund Omholt opptrer.

Måndag 22. mai er det tid for "So ro liten tull" - ein konsert som barnehageborn i Hallingdal lagar saman med mellom andre Eilif Gundersen, Gunnlaug Lien Myhr, Hild Sofie Tafjord og Unni Løvlid i Gol samfunnshus. Same kveld er det duka for "På veg til Festspillene i Bergen", der Ingfrid Breie Nyhus spelar Grieg-slåttar i Ål kulturhus.

Musikk, mat og moro er stikkord for fleire av aktivitetane under Folkemusikkveka, der Hallgrim Berg kjem med ny bok, og det elles er rom for både frukostspringar, fløytival, stand-up kveding og hallingkost på scena. Tordag 25. mai mai visast framsyninga ”Snart lyset seg mon svinge….”.i Stavkyrkjemuseet, med Folkelarmprisvinnar Bodil Haug med Ole og Knut Aastad Bråten. På kvelden kan du høyre kyrkjekonserten "Vindens hjul” – ei folkemusikkmesse med Henning Sommerro, Dalakopa, Ål-koret, Eirik Lyngvi og Andreas Bratlie, og og få med deg ein visekveld med Kirsten Bråten Berg og Lena Willemark på Thon Hotell.

Ingunn Stræte Lie, Olav Luksengård Mjelva, Audun Haugeplass, Audun Moen, Andreas Barth, Thea Tunås Bratteng, Bjarne Odde , Håvard Kjøntvedt, Tom Kjetil Tørstad er nokre av dei mange utøverane som skal i aksjon utover i Folkemusikkveka 2006, der det også vert gallakveld med konsert og dans, med m.a. Lena Willemark, Ale Möller, Per Gudmundson, Kirsten Bråten Berg og Gunnar Stubseid, Hallingdal Kraftlag, AskerLadden, Dalakopa, Jan Beitohaugen Granl og Øyvind Brabant. Til helga vert det vert og plateslepp i Trugeholu med Tindra, "geriljaspeling til maten" ved Eilif Gundersen, Ola T. Stave m.fl., samt hardingfelekonsert med Øystein Romtveit.

Bygdamønstringa 2006 gjer eit gjensyn med høgdepunkt gjennom 30 år, medan Jubileumsforestillinga m.a. byr på P.A. Røstad jr. orkester, Willemark, Möller, Gudmundson, Bråten Berg og Stubseid, samt danseforestillinga "Laus" - og ikkje minst finalespelet i Fanitulltevlinga. Her er Ingjerd Berg Helland og Halgrim Berg programleiarer, medan Per Anders Buen Garnås er tittelforsvarar.

Det vert og utdeling av Jens A. Myros Minnepris og Olav H. Skrindo Slettens minnepris.
 

Relaterte bedrifter:

Den Norske Folkemusikkveka / Folkemusikkdagane i Ål (Festivaler\Mai)

Relaterte personer:

Øyvind Brabant, Hardingfelespiller

Hallgrim Berg, Programsjef

Kirsten Bråten Berg, Kveder

Henning Sommerro, Komponist, Pianist

Ingfrid Breie Nyhus, Pianist

Unni Løvlid, Folkemusikksanger

Relaterte artikler:

06.06.2002 Folkemusikkveka på Ål: Øyvind Brabant årets «fanitull»

05.02.2002 Spelemannens plass i direktørkofferten

02.06.2005 Rekordår for Den Norske Folkemusikkveka

19.12.2005 LFS: - Viktig auke til folkemusikkfestivalane

10.12.2004 INTRO-folk søker unge, dyktige folkemusikere

10.11.2004 INTRO-folk: Storsatsing på folkemusikk

01.12.2005 I Lindemans fotefar: Tre timars storkonsert

22.09.2005 Ny sesong med folkemusikk i Tromsø

15.04.2002 Konsert med Trispann

18.08.2005 Sprek høst hos Columbi Egg

03.04.2006 Åshild Vetrhus er ny leiar i NFD

28.11.2008 Grieg Society Award 2008 til Ingfrid og Åshild Breie Nyhus

20.07.2007 Pionerar i folkemusikken

18.05.2007 Erling Lae åpner Den Norske Folkemusikkveka

15.05.2007 Grieg til Bangladesh og Jotunheimen

02.10.2006 Folkelarm: Årets vinnere

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no