MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Kunstnarstipend til Synnøve S. Bjørset

Publisert: 05/18/2006 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006051813111863033188

Synnøve S. Bjørset (Foto: Norsk Folkemusikk- og Danselag) (278x373) Nyleg kunne musikaren Synnøve S. Bjørset (27) glede seg over å vere blant dei 60 som fekk etableringsstipend frå Statens Kunstnarstipend. Forrige veke fekk ho endå ei gladmelding: ho er tildelt Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2006. Stipendet vart overrekt av Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske og banksjef Gro Reppen under ein seremoni i Tårnsalen på Bergen Kunstmuseum torsdag 11. mai, skriv NFD.


- Å få tildelt dette stipendet er ei stor ære, og ikkje minst gjev det motivasjon og inspirasjon til vidare arbeid! Det fins ikkje mange stipendordningar som ivaretek den kreative og skapande prosessen til dei profesjonelle kunstnarane, og Sparebanken Vest er difor med sitt kunstnarstipend både framsynt og visjonær, seier Bjørset til heimesida til Norsk Folkemusikk- og Danselag. .

For å styrkje den skapande kunsten på Vestlandet lyste Sparebanken Vest ut 15 kunstnarstipend á kr. 50.000. Første gong stipendet vart utlyst var i 2005, og i 2006 vart 15 av 316 søkjarar vart valde.

- Sett i høve til søkjartalet og med tanke på kor mange kvalifiserte søkjarar det fins i Vestlandsregionen, er det ei fantastisk kjensle å vere ein av dei utvalde, seier Bjørset.

I samband med tildelinga uttalte juryane at talet på kvalifiserte kandidatar langt overstig talet på stipend som juryane har til tildeling, og at det har vore ei utfordring for juryane å skulle velje blant dei mange kvalifiserte søkjarane.

I ei pressemelding frå Sparebanken Vest seier banksjef Gro Reppen at det høge søkjartalet vitnar om at kunstnarane har behov for ei slik ordning.

- Vestlandet har eit rikt kunst- og kulturliv og mange profesjonelle kunstnarar. Men tradisjonelt yter samfunnet mykje mindre midlar til den skapande fasen enn til framføring og til institusjonar kring kunst og kultur. Vi ønskjer å gjere noko for å endre dette, seier banksjef Gro Reppen.

Fleire nyhende frå folkemusikkmiljøet kan du som vanleg lese på www.folkogdans.no. Meir om Statens Kunstnarstipend finn du her.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter)

Relaterte personer:

Synnøve S. Bjørset, Hardingfelespiller

Trond Giske, Kultur- og kirkeminister

Relaterte artikler:

07.11.2002 Minimalistisk råskap på hardingfele

11.03.2002 Med hardingfele som levevei

27.09.2001 Synnøve S. Bjørset er Månadens Artist

20.09.2002 Nordlandenes musikk

22.04.2004 Felefenomen på vei ut i verden

22.09.2003 Majorstuen åpner høstsesongen i konsertserien OsloFOLK

10.07.2003 Stor EBU-suksess for Førde festivalen

07.07.2003 Forrykande avslutning av Blazin’ Fiddles på Førde

02.08.2004 Kalottspel i Målselv satser friskt

15.09.2004 Folkemusikkens Hus: Balanse mellom vern og dialog

15.06.2006 Norsk Folkemusikk- og Danselag søker redaktør

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no