MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Kammermusikkgalla i Grieghallen

Publisert: 05/31/2006 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006053013464167639276

Festspillene i Bergen er godt igang og har tydeleg komme over den første kneika med streikeproblematikk og avlysingstruslar. Mandagens kveldskonsert — Kammermusikkgalla i Grieghallen — var for underteikna den første i rekkja under årets festspel, noko som synte seg å vera eit solid startskot. Julian Rachlin med vener samt Oslo Camerata sto for framføringa av eit feststemt program, med musikk av Tsjaikovskij, Piazzolla og Saint-Saëns. Med overskot til formidling, langt utover det musikalske, vart gjennomføringa høgst personleg og langt frå museal.

Julian Rachlin 2006 (Foto: festspillene.no) (330x495)

Av Ida Habbestad

Kammermusikk i stort format
Det er i utgangspunktet alltid stas å vera på konsert i ein fullsett sal. Det premisset løfter opplevinga før noko er sagt eller gjort, og ein ynskjer det alltid kunne vera slik.

Når det i tillegg er ein kammerkonsert det er tale om, gjennomført i ein så stor sal som Grieghallen, tilførest etter mi meining eit nokså unikt perspektiv - ettersom formatet jo i regelen tek plass i mindre rom og for ein engare krets. Med tilgang til nettopp Grieghallen, der sjølv den svakaste pizzicato kan bera ut til ei stor folkemengde, vart ramma for opplevinga perfekt, og dei vidare forventningar vart i stor grad innfridde.

Frigjering frå konvensjonen
Ei hovudårsak til mi begeistring denne kvelden, var musikarane sitt store overskot til formidling, langt ut over det musikalske. Dei tedde seg velsigna frigjort frå formelle og stiliserte konvensjonar - men utan å gå på akkord med dei. Med mot til å gjera materialet til sitt eige, tøya grensene for kva ein normalt tillet seg, både av musikalske påfunn såvel som gestiske, vart dette ei gjennomføring som var høgst personleg og langt frå museal.

Kanskje balanserer ein med det hårfint mot grensa til overlegenhet og uærbødighet mot tradisjonen — særleg dersom ein ikkje maktar formidla sine understatements til sine tilhøyrarar, eller sine medmusikantar. Tidvis låg store delar av fokus til venstre i scenebiletet — hjå fiolinistane som kommuniserte livleg seg i mellom, men ikkje alltid kasta ballen til dei øvrige.

I all hovudsak skapte dette likevel ikkje nokon ujamn balanse, og det gjennomgåande inntrykket var at musikarane gjennom sin energi og utstråling tilførde ei ytterlegare kvalitet til framføringa.

Det intime preget ein legg vinn på når ein plasserer slike konsertar i mindre salar, gjekk heller ikkje tapt. Ensemblet mista aldri nærleiken til tilhøyrarane. Snarare vart dei tydelege detaljane og nyanseringane kanskje særleg imponerande - i og med det store rommet - og gjorde i lag med nemnte utstråling krav på all konsentrasjon hjå publikum.

Lekenhet, eleganse og overskot på dagsorden
Konsertens tre verk vart framført av ulike besetningar, alle med utgangspunkt i fiolinisten Julian Rachlin. Den vidare hovudkjerna denne kvelden, besto av Janine Jansen og Rohan Simovitz (fiolin), Maxim Rysanov (bratsj), Thomas Carroll og Torleif Thedéen (cello).

Heilt frå Tsjaikovskis ”Strykesekstett i d-moll, Souvenir de Florence” sette dette ensemblet lekenhet, eleganse og overskot på dagsorden. Strykesekstetten, som er Tsjaikovskijs einaste verk for denne besetninga, og hans siste kammermusikalske arbeid, vart framført med nettopp overskot og fridom. Ikkje alltid supertight, — men med grunngjevnad i den store fridomen dei tillot seg, var det i høgste grad til å leva med.

Oslo Camerata
Oslo Camerata baud òg på noko av denne levande formidlinga i si framføring av ”Les Cuatro estaciones portenas” (Fire årstider i hamna/Buenos Aires) av Astor Piazzolla, med Julian Rachlin som solist.

Ein kan spekulera i korvidt det var verket, med sitat både frå ”Sommar” og ”Vår”-satsane i Vivaldis fire årstider, (her i utgåve for strykeorkester, skrive til innspelinga av Vivaldi og Piazzolla sine åtte årstider, med Gideon Kremer og Kremerata Baltica) som ikkje sto kvalitativt i forhold til dei to øvrige verka på programmet. Eller om det kanskje rett og slett er vanskelegare å få ei større gruppe til å framtre så levande og personleg som ei mindre gruppe? Oslo Camerata kunne uansett ikkje heilt måla seg med det som kom før og etter dei denne kvelden, ei god framføring til tross.

Det er likevel eit stort kompliment for eit ungt norsk ensemble å bli plasserte på same program som Rachlin-klanen. Kanskje er det så dramaturgien ein helst bør klandra her, i det ein plasserer ensemblet mellom to så overveldande sterke prestasjonar; kanskje kunne framføringa ha komme ytterlegare til sin rett, dersom den fekk stå for seg sjølv under ei anna framføring.

Orkesterkarneval
Kveldens absolutte høgdepunkt var framføringa av ”Dyrenes Karneval” av Camille Saint-Saens, og det var nok her Rachlin-venene sitt overskot var aller mest tydeleg. Tidlegare nemnde strykesekstett, no utvida med Itamar Golan og Richard Hyung-ki Joo (klaver), Stacey Watton (kontrabass), Trond Magne Brekka (fløyte), Martin Fröst (klarinett), Peter Kates (xylofon) og Sophie Rachlin (harmonium), tok heilt ut einkvar intensjon som måtte liggja i verket - elegant og med mykje humor, og med klimaks i satsen ”Pianister” - der Golan og Hyung-ki Joo fekk syna fram sine evner til skodespel. Sir Roger Moore (kjend som James Bond) sto for dei små, underfundige kommentarar i mellom satsene - og hadde heilt rett i fylgjande frase:

”It isn’t every day you view
a fully orchestrated zoo!”
 

Relaterte bedrifter:

Festspillene i Bergen (Festivaler\Mai)

Oslo Camerata (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte begivenheter:

24.05.2006 Festspillene i Bergen 2006

Relaterte artikler:

29.05.2006 Klart for Das Rheingold i Bergen

26.05.2006 Om arbeidskamp og sviktende mot: Farvel, solidaritet

26.05.2006 Svenneprøve med handicap

24.05.2006 Musikerstreiken: - Arbeidsgiverne mangler forståelse, sier MFO

24.05.2006 Musikerstreik rammer Festspillene og Operaen

16.05.2006 Per Arne Glorvigen: Fra Berlin til Festspillene i Bergen

15.05.2006 Randi Stene synger Wagner under Festspillene i Bergen

08.05.2006 INTRO-klassisk: Finalistene er klare

04.05.2006 Program for INTRO-klassisk under Festspillene i Bergen

31.03.2006 Nye impulsar ved Bergen-festspela

23.06.2005 Festspillene i Bergen ansetter to nye ledere

14.06.2005 Festspillene og Rigaoperaen setter opp Wagners "Ringen" over fire år

28.05.2010 Festspel på gateplan

11.02.2008 Sjelden bylyd

22.11.2006 Festspillene i Bergen lanserer årets program

18.10.2006 Etterspill om engasjement

05.09.2006 Bylyder fra Oslos orkestre

07.06.2006 Festspillene i Bergen arena for debatt

02.06.2006 Bergen rundt på kirkeorgel

31.05.2006 Programendringer og rekordsalg

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no