MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Septemberlys over Ibsens smårips

Publisert: 10/02/2006 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006092212044727789883

I høve Ibsen-året har dei to unge, etablerte komponistar Eivind Buene og Jon Øyvind Ness skrive kvar sin opera basert på Ibsens verk. Dei to verka er sette saman til ei forestilling, som vart urframført under Nordland Musikkfestuke i august. I helga kan "Ibsens smårips" opplevast på Black Box i Oslo. I denne artikkelen har Astrid Kvalbein intervjua dei to komponistane, som fortel om Ibsens kvinner og om opera generelt. "I følgje rykta og den nyaste musikkhistoria burde Jon Øivind Ness og Eivind Buene representere motsette estetiske syn og arbeidsmåtar. På den eine sida ein organisk pling-plong med ein klar intensjon om venleg kommunikasjon med publikum, på den andre sida ein meir strukturstyrt og intellektualistisk musikk Men som nyslåtte operakomponistar framstår dei to som nokså nære ideologiske slektningar, med kvar sine personlege uttrykk", skriv Kvalbein.

Ibsens smårips (330x392)

Av Astrid Kvalbein

Eivind Buene og Jon Øivind Ness har begge eit ambivalent forhold til både Ibsen-jubileet og operatradisjonen. Like fullt har den eine skrive opera over Hedda Gabler og den andre over heile fjorten av Ibsens kvinner.

Temaet i dei to kammeroperaene låg inne i bestillinga frå Opera Vest, og særleg Jon Øivind Ness var i utgangspunktet skeptisk til ideen.

- Eg hadde ikkje spesielt lyst til å vere med på noko som helst knytt til jubileet. Ibsen har allereie ein årleg teaterfestival i Oslo, og dei tre store nasjonalikona våre - Ibsen, Munch og Grieg - er så forterpa at dei er i ferd med å bli tappa for all meining. Eigentleg skulle eg heller ønske at nokon sette inn tilnærma like store ressursar på å feire Jens Bjørneboe eller Tarjei Vesaas eit år, seier han.

Løysinga blei å skrive ein opera som meir eller mindre peiker nase til heile Ibsen-jubileet. I Jon Øivind Ness’ "Ibsens smårips" blir fjorten kvinner - mellom dei fru Alving, Nora, Hjørdis (frå Hærmenderne på Helgeland), Hedda, Rita (frå Lille Eyolf) - og vildanden, som komponisten har bestemt er ei ho - presentert på ein halv time..

- Det offentlege Noreg framstiller helst Ibsenkvinnene som smarte og handlekraftige. Desse bileta er òg i ferd med å bli heilt forterpa, så eg tar i staden fram det treige ved dei: Ei dame er så sein og anonym at ho ikkje eingong får sagt kven ho er. Ingen får vite det, og eg aner for så vidt ikkje heller. Fru Brockmann, på si side, er sitert frå ei scene der ho seier at ho berre vil stå i vindauget og sjå på det som hender, og Solveig skal ikkje eingong synge, der ho kortar ventetida på Peer med huslege syslar. Likevel har ho den lengste "arien" av alle, avslører komponisten, lett kryptisk.

Alle kvinnene vert gestalta av éin songar gjennom distinkt ulik musikk. Scenisk skal dei posere etter tur, på ein catwalk som både er tematisk sentral og fysisk tilstades i forestillinga.

- Ideen med catwalken er eit lite spark til kvinner, og menn, i vår tid, som av for meg uforståelege grunnar vil vende tilbake til nettopp den rolla mange av Ibsenkvinnene slåst med; rolla som passivt, vakkert objekt, seier Ness, og lovar eit snev av noko makabert på toppen: Han vil minne publikum om at mange av Ibsenkvinnene er blitt over hundre år gamle, for ikkje å seie døde forlengst…

Utfordringa med å regissere det heile er gitt Tzara Tristana Schwab Hazekamp, som òg skal gi scenisk liv til Eivind Buenes opera. Buene har vald å ta Hedda Gabler meir på alvor, og fekk ideen tre-fire år før det for alvor brygga opp til Ibsen-jubileum.

- I ettertid har feiringa vist seg å gå inn i den norske tradisjonen for å heise dei store kunstnarane våre så høgt opp at vi knapt ser dei til slutt. Men eg synes ikkje vi treng å vere så ironiske og distanserte at vi ikkje kan gå i dialog med verka til Ibsen. Dei snakkar framleis til oss, seier han

- Då eg las dei seine dramaa til Ibsen om igjen, rørte dei verkeleg ved meg. Særleg fascinerte den komplekse, nesten skumle Hedda, som framstår som hard og vondskapsfull i den eine augneblinken medan vi får sympati for henne i den neste. Motiva hos henne er langt meir uklare enn hos til dømes Nora.

Operaen til Eivind Buene har fått tittelen "September". Den er ein slags meditasjon over ei scene der Hedda kommenterer at blada på treda er i ferd med å gulne, "…vi er allerede i september". Samtidig kan septemberdagane likne på sinnet hennar, der dei vekslar mellom å vere klare, isnande skarpe og mildt sommarlege. Dette doble hos Hedda har komponisten tatt fram ved å la to kvinner synge rolla.

- Men det er ikkje så enkelt som at den eine har nokre eigenskapar og den andre har eigenskapar som er annleis. Begge er mangetydige personar, dei er stemmene i hovuda på kvarandre - og begge har pistol, åtvarer komponisten.

- Våpenet er farleg og fascinerande og blir eit sterkt symbol i heile dramaet. Hedda er så å seie i duell med seg sjølv. Ho lengtar etter det vakre, men ho finn det like gjerne i det brutale som i det venlege. Her ligg ein kontrast det har vore spennande å komponere og instrumentere ut; mellom den lyse venleiken, som kjem fram i opnare, meir tonale parti, og i den mørkare, brutale, som ligg i eit meir kaotisk lydbilete rundt stemmene.

Buene har sjølv skrive librettoen til "September", med utgangspunkt i Ibsen.

- Det er spennande og tilfredsstillande å arbeide med tekst. Det gir tilgang til ei tydelegare og annleis meining enn musikken kan gi, seier han. Replikkane til Heddaene er skrive slik at dei dels kjem tydeleg fram som personar, dels forsvinn i ein uforståeleg, myldrande tekstur av lydar.

- På sett og vis har eg gjort det motsette av kva mange modernistiske komponistar gjer. Der dei tar språket frå kvarandre, dekonstruerer det ned til enkeltlydar og -element, komprimerer eg i staden store mengder tekst inn på små tidsflater, fortel Buene.

- Eg har dessutan skrive songen i eit leige der det skal gå an å forme teksten så naturleg som muleg. Idealet er ein enkel, talenær syngemåte, ikkje den klassiske operastemma med mykje vibrato.

Både Buene og Ness hører til mellom dei etablerte av dei unge komponistane. Dei har vore representert med store orkesterverk på opningskonserten til Ultima og har hatt bestillingar frå ei rad kjende ensemble i inn- og utland. Men først i år debuterer dei som operakomponistar. Begge opplever at det store produksjonsapparatet rundt ein opera, og assosiasjonane som hefter til den svulmande syngemåten og dei store kjenslene, kan verke hemmande.

- I tidlegare tider var opera ei stor multimediehappening, og syngemåten var utvikla mellom anna for å overdøyve orkesteret. Vi kan godt bruke desse effektane i dag, men ettersom vi har ein heilt annan teknologi- og mediesituasjon, og mellom anna er vant til å høre forsterka stemmer tett på, er det naturleg å vurdere fleire alternativ, seier Buene, som likevel har vald å satse på eit heilt akustisk framføring.

Ness, på si side, hadde lenge ei vegring for å skrive vokalmusikk i det heile tatt.

- Eg elskar dei symfoniske operaene til Strauss og Bartók, men før dei synes eg det er i overkant av fjas og stæsj i sjangeren – og etter dei har operaforma liksom blitt litt tømt for meg. Mellom dei lysande unntaka er Helmut Lachenmann og Salvatore Sciarrino, som verkeleg har tilført noko heilt nytt og personleg, seier han.

Ei av dei største utfordringane er å bruke tekst på ein meiningsfull måte, synes Ness. Då regissør Michael McCarthy omsider fekk overtalt han til å gjere eit prosjekt på Operatoriet (idéverkstaden til Den Norske Opera) i 2002, laga han like godt sitt eige nonsense-språk. Resultatet blei heitande "T-t-trouble in Uruk", og arbeidet gav meirsmak.

"Ibsens smårips" er skrive for Ellen Aagaard, som var med på "T-t-trouble in Uruk" og som Ness òg har skrive verket "Turquoise" til. Han er glad for å få bruke ein utøvar han kjenner så godt.

- Medan mange songarar har ein god del motstand mot å gjere "rare" ting med stemma, har Ellen på eige initiativ og i lang tid arbeidd med alternative teknikkar. Ho gjer det aller meste - med mindre det er direkte skadeleg for instrumentet. Og om ho påstår at noko er fysisk umuleg, trur eg på henne, slår Ness fast.

I Ibsens smårips er ein god del vanleg song og Ibsen-sitat, men å arbeide med song som lyd har vore minst like vesentleg for verket, mellom anna fordi instrumenta i ensemblet ofte etterliknar stemma sine lyder. Til dømes blir eit nølande, utstrekt "jeg" herma av trombone og trompet med mute, og vokale knirkelydar får svar i multiphonics frå blåsarane.

Dei harmoniske omgivnadene rundt Ibsen-damene vil òg bli prega av mikrotonalitet. Ness brukar mellom anna eit intervall som er karakteristisk for tyrkisk og arabisk musikk, det som oppstår når ein legg ein tone nøyaktig midt mellom trinna i ein liten ters.

- Men eg vil helst ikkje gi publikum forventningar om "ny-orientalsk pling-plong" av den grunn, seier han, med eit aldri så lite syrleg smil til etiketten som blei klistra på han og ein del studiekameratar av han då dei gav ut plate saman for om lag ti år sidan; pling-plong-generasjonen.

I følgje rykta og den nyaste musikkhistoria burde Jon Øivind Ness og Eivind Buene, representere motsette estetiske syn og arbeidsmåtar. På den eine sida ein organisk pling-plong med ein klar intensjon om venleg kommunikasjon med publikum, på den andre sida ein meir strukturstyrt og intellektualistisk musikk Men som nyslåtte operakomponistar framstår dei to som nokså nære ideologiske slektningar, med kvar sine personlege uttrykk.

- Det er vel karakteristisk at den eine gongen i livet ein kan finne på å selje seg og sitt under såpass eindimensjonale merkjelappar, er når ein står på spranget inn i ein komponistkarriere. Etter det brukar ein på sett og vis resten av karrieren til å arbeide seg vekk frå merkjelappane igjen, konkluderer dei.

Artikkelen er hentet fra Ultimas programbok 2006, og er gjengitt med tillatelse fra forfatteren og Ultima. Redaktør for årets programbok har vært Hild Borchgrevink.
Ytterligere programdetaljer finner du på www.ultima.no
 

Relaterte bedrifter:

ULTIMA (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Oktober; Festivaler\Samtidsmusikk)

Nordland Musikkfestuke (Festivaler\Jazz; Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Pop / Rock; Festivaler\August)

Relaterte personer:

Eivind Buene, Komponist, Gitarist

Jon Øivind Ness, Komponist

Relaterte artikler:

29.09.2006 - Fest for Norge!

29.09.2006 Hagens arkiver

28.09.2006 Farverik høst med Ny Musikk

28.09.2006 Stivnede stiler, levende tradisjoner - Del II

27.09.2006 Ning presenterer: Transitt

27.09.2006 Stivnede stiler, levende tradisjoner - Del I

26.09.2006 Små, nære lydar, store harmoniske rom

22.09.2006 Ultima 2006 - Musikk som erindring

03.08.2006 Åtte verdspremierer under Nordland Musikkfestuke

23.05.2005 Jon Øivind Ness: - Det er mye opplagret sinne der ute

17.01.2005 Jon Øivind Ness: Provosert av Spellemannkomiteen

14.10.2003 Jon Øivind Ness: - Midt I Musikken formidler forstokkede holdninger

30.07.2008 Musikk for 12 radioer

29.07.2008 12 urfremføringer under Nordland Musikkfestuke

07.02.2008 Low Jive

24.01.2008 Fra Nordland til London

31.10.2007 Ein friksjon mot den kommersielle musikkindustrien

22.10.2007 Maja Ratkje blir festivalkomponist

05.09.2007 Ultima søker: 100 fløytister, 100 saksofonister

31.07.2007 Avbud fra prinsessen - Johannes Joner erstatter

26.07.2007 Tom Remlov til Bodø

25.07.2007 Godt forhåndssalg for Nordland Musikkfestuke

04.05.2007 Festivalen med dei mange utfordringar

26.04.2007 NMK og Cikada med CD-lansering

01.03.2007 Stort fokus på norsk musikk i Praha

11.01.2007 Dramatisk og lidenskapelig avslutning

22.11.2006 Nordland Musikkfestuke kvitt gjelden

16.10.2006 Ultimas yngste komponister

16.10.2006 Opera, ikke krig!

13.10.2006 Ugelviks aften

12.10.2006 Thommessens revansj

11.10.2006 Suzannah

10.10.2006 - Ultima er ikke innadvendt nok!

10.10.2006 Självporträtt utan spegel

09.10.2006 Hva en stjålen cello kan føre til

06.10.2006 En slags overraskelse

06.10.2006 - Innadvendt Ultima

06.10.2006 Schaathuns musikalske portretter

05.10.2006 De unges kompetanse

05.10.2006 Ensemble Court-circuit: Gjentakelsen foredler musikken

04.10.2006 Christian Wallumrød – genrenes miksmaster

03.10.2006 IRCAM sett i speilet

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no