MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Radikal opera?

Publisert: 06/07/2007 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007060708383359689173

DEBATT: - Det er flott at Festspillene i Bergen kjører opera som vi ikke har for mye av i Norge. Jeg vil heller bli provosert og være uenig enn å bli strøket med håret, sa Erik Steinskog om oppsetjinga av ”Bortførelsen fra Seraillet” under festspela denne helga. Mandag arrangerte Norsk Kritikerlag debatt med følgjande problemstilling: ”Calixto Bieitos tolkninger av Mozart, har vakt heftig internasjonal debatt. Men blir en opera radikal av sex- og voldsscener eller blir det bare smakløst?” I denne artikkelen gjengjev me nokre av innspela frå paneldeltakarane.

Fra Bortførelsen fra Seraillet (Foto: Monika Rittershaus) (330x496)

Av Ida Habbestad

Mot slutten av festspela var det tid for den kontroversielle oppsetjinga av ”Bortførelsen fra Seraillet”. Forestillinga vart presentert slik i programheftet til festivalen:

”Ved å overføre handlingen i ”Bortførelsen fra Seraillet” til dagens kyniske sexindustri får Bieito fram brutaliteten og kraften i Mozarts musikk. Oppsetningen skapte sterke reaksjoner med sine volds- og sexscener da den første gang ble vist på Komische Oper i Berlin for to år siden. Publikum ropte, og det var tilløp til tumulter i salen under forestillingen, som vakte stor internasjonal furore. Forestillingen ble imidlertid en stor publikumssukses, og etter hvert som den etablerte seg på repertoaret, stilnet protestene. Calixto Bieito har gjennom en årrekke markert seg som en av de mest betydningsfulle og kontroversielle instruktørene i Europa”.

Opera skal utfordra og engasjera

I lys av denne forestillinga arrangerte Norsk Kritikerlag debattmøte, med følgande utgangspunkt: ”Calixto Bieitos tolkninger av Mozart, har vakt heftig internasjonal debatt. Men blir en opera radikal av sex- og voldsscener eller blir det bare smakløst?”

Paneldeltakarane Hilde Andersen (regissør ved den norske opera), Astrid Kvalbein (kritikar i Dagsavisen) og Erik Steinskog (operaforskar og 1. amanuensis ved Griegakademiet) diskuterte dette og andre spørsmål i det siste av debattmøtene under årets festspel.

Nokså tidleg i møtet kom det fram ei grunnleggjande semje i panelet om at dei alle ynskjer seg fleire radikale operaoppsetjingar. Andersen innleiia sine betraktningar kring forestillinga med å sitera ein annan regissør, Peter Sellars, som sa: ”Opera skal være hovedrett; kjøtt og blod, ikke dessert. Den skal ikke trøste, men utfordre og engasjere".

Var Seraillet verkeleg radikal?

Det tyktest òg vera semje om at denne oppsetjinga av ”Bortførelsen fra Seraillet” engasjerte. Men ved spørsmålet om i kor stor grad engasjementet vart gjennomgåande i forestillinga, og om kor kontroversiell forestillinga faktisk var, fanst meir nyanserte meiningar å spora hjå panelet.

- Operaen engasjerte meg, men etter hvert ble jeg mett, sa Andersen.

Ho peikte på korleis intensiteten i forestillinga bygde seg opp mot det ho oppfatta som eit høgdepunkt; arien der karakterane Konstanze og Bassa Selim er vitne til Osmin sitt nokså ekstreme overgrep mot ei av bordellkvinnene, samstundes som Konstanze syng at ho skal halda ut alt vondt frå Bassa Selim si side.

- I høydepunktet blir alt fortalt, sa Andersen, som meinte forestillinga sidan vart langdryg, og ikkje lenger så intens.

Også Astrid Kvalbein kom inn på at det tok lang tid å avslutta. Samstundes peikte ho på at oppsetjinga lukkast i å rysta henne, og at ho meinte det var eit kvalitetsteikn.

- Det er etterkvart mange som freistar å bringa inn dagsaktuelle tema i kunsten, men ofte resulterer det i to uttrykk som står mot kvarandre, eventuelt med ein ironisk distanse imellom, sa Kvalbein, som gav uttrykk for at ho meinte at regissøren hadde fått temaet og kunsten til å flyta godt saman; sterkt og poengtert, men likevel veldisponert.

Erik Steinskog var kanskje den i panelet som sterkast hevda at han kunne ønskt seg meir radikalitet i oppsetjinga:

- Problemet var ikke at operaen var radikal, men at den ikke var radikal nok, sa han, og poengterte at forestillinga ikkje utgjorde eit sterkare inntrykk på han enn noko han kunne ha sett på TV.

Rammer som forseinkar utviklinga

Panelet diskuterte vidare korleis operaforma på mange måtar er fanga i ei konservativ ramme, og at den nyskapande utviklinga innan forma går langsomt.

- Vårt bilete av opera er jo ei borgarleg fin og pynteleg framsyning, som det ikkje eigentleg skal så mykje til å utfordra, sa Kvalbein.

Kvalbein peikte vidare på at greiner av alle andre kunstformar er komne mykje lengre; medan operaforestillinga framleis er prega av å vera eit slags rituale.

At det borgarlege perspektivet utgjer ei sentral problemstilling for operaforma vart tydeleggjort då Steinskog kom med eit døme frå forestillinga dagen før. Under ein arie (høgdepunktet som Andersen tidlegare skisserte) vart ein vitne til at Osim lemlesta ei av bordellkvinnene med kniv, kutta strupa av henne og til slutt den eine brystvorta – alt framfor augo på hovudpersonen Konstanze. Då arien var slutt applauderte publikum – som vanleg – og Steinskog framheldt med det at den mest perverse hendinga under framsyninga ikkje var på scena, men mellom publikummarane.

- Applausen fikk oss til å glemme at operaen angår livet, meinte Steinskog.

Lenka til partituret

Blant panelet var det òg innspel til kva som kunne gjort operaen endå meir vellukka i sitt prosjekt. Andersen sa til dømes at applausen truleg kunne vore unngått gjennom enkle grep frå regissøren si side – slik han hadde gjort det gjennom forestillinga fram til då. For å oppretthalda intensiteten i forestillinga, burde ein òg frigjera seg frå lenkene til partituret, meinte ho.

- Regissøren hadde skrevet om alle talte dialoger, men lot musikken stå urørt, sa Andersen.

- Det man kan gjøre med Shakespeare og Ibsen, burde man òg kunne gjøre med Mozart, sa Steinskog.

Steinskog uttrykte vidare sin tvil om at sex-tematikken i seg sjølv er radikal.

- Vi risikerer å bli bedøvet av at det er fokus på et felt i samfunnet som de fleste av oss har avstand til, sa han.

Steinskog peikte på motsetninga mellom muslimar og kristne som eit problem som låg latent i forestillinga, og som kanskje ville angått fleire.

- Slik sett er det nesten safere med sexindustrien, sa Steinskog.

Kvalbein uttrykte delvis ei usemje i dette, og eit tilsvarande innlegg frå salen om at ein annan problematikk – dømevis kontroversar kring Quisling – kunne provosera nordmenn meir, avdi det ligg nærare vår kultur.

- Kva som opplevest som nært er kanskje avhengig av kjønn, og sikkert òg tida me lever i, sa Kvalbein.

Ho var imidlertid samd med Steinskog i at Balixto sitt fokus på sexindustrien var ei løysing som gjorde det enklare for oss å akseptera stereotypiske kjønnsrollemønstre, og at det kunne vore meir radikalt å bryta med desse.

- Det er to kvinneroller den ærefulle og ludderet – men begge er ofre, sa Kvalbein.

Kor langt kan ein gå?

Kor langt kan ein gå i bruken av verkemidlar for å skapa radikal opera? spurte ordstyrar Magnus Andersson.

- Det ikkje mogleg å setja opp klåre grenser, sa Kvalbein, men sette fokus på spørsmålet om i kva grad kunstnaren kan nytta andre sine historier som verkemiddel i sine eige verk.

- I slike tilfelle er det ofte den kontroversielle kunstnaren som vert løfta fram, og ikkje nødvendigvis problemet sjølv, sa Kvalbein.

- Slik sett synes jeg forestillinga er markedsført galt, sa Andersen. – Det er fokus på sex og vold, men jeg tror og vet at Balixto vil noe annet enn bare å sjokkere gjennom virkemidlene sine. Temaene den tar opp – blant annet menneskehandelen er jo noe av det meste grusomme i vår tid.

Likevel, det verka på paneldeltakarane som om det ikkje var spørsmål om kor langt ein kan gå, men i kva grad verkemidla ein tek i bruk fungerer:

- Eg let meg overtyda av kva som helst, eg, berre eg tykkjer det er god kunst, sa Kvalbein.

- Og det er flott at Festspillene i Bergen kjører opera som vi ikke har for mye av i Norge. Jeg vil heller bli provosert og være uenig enn å bli strøket med håret, sa Steinskog

- Vi åpner et nytt operahus snart, og jeg håper at forestillinga vi så i går ikke bare er noe vi får se hvert tiende år, men oftere, avslutta Andersen.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk kritikerlag (Profesjonelle organisasjoner)

Festspillene i Bergen (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Mai)

Relaterte personer:

Magnus Andersson, Skribent, Musiker

Astrid Kvalbein, Sopran, Skribent

Relaterte begivenheter:

23.05.2007 Festspillene i Bergen 2007

Relaterte artikler:

06.06.2007 Festspillenes egen oppsummering

05.06.2007 Danske impulsar

04.06.2007 Eksplosivt og vart

01.06.2007 Festspelkomponist Bent Sørensen: Musikk som oppbyggjinga av ein organisme

01.06.2007 Gullsekken utdelt av Giske

31.05.2007 Intro-musikar Kristian Lindberg: - Musikk som ikke er inspirert er meningsløs

30.05.2007 Baltiske stemmer i Domkirken

30.05.2007 Intro-musikar Berit Solset: Ikkje redd for ytterpunkta

29.05.2007 Solistprisen til Hadland

29.05.2007 Mangfoldige Trio Mediæval

29.05.2007 Carte Blanche, Sponberg & Engegård og På sporet av Grieg

19.05.2008 Festspillene i Bergen - OiOi-programmet

11.04.2008 Ferdigtygget kunst?

15.01.2008 Bergen - Nye styreledere i Filharmonien og Festspillene

27.11.2007 Bjarte Eike er neste års festspillmusiker

02.10.2007 Festspillene åpner med ny operaproduksjon

27.08.2007 Lyden av arbeidet

14.06.2007 I skjæringspunktet mellom tradisjon og nyskaping

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no