MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Verdsstjerner og lokale høgdepunkt

Publisert: 08/10/2007 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007081018113049024032

KONSERTMELDING: I denne andre meldinga frå Stavanger skriv Ballades utsende om torsdagens opplevingar som omfatta utøvarar som Trio Parnassus, SSO Samtid, Isa Gericke, SSO klassisk og Midori. - Midori innfridde truleg dei fleste forventningar og spela verk etter verk bortimot perfekt, med stor virtuositet, imponerande uanfekta av det heile. Likevel var ikkje dette den største opplevinga for min del, skriv Ballades meldar om Midori-konserten.

Midori 2007-1/Foto: www.icmf.no (330x219)

Av Ida Habbestad

Som utgangspunkt for årets kammermusikkfestival i Stavanger er det ingen særskild tematikk eller overskrift. Festivalens kunstnarlege leiarar har grunngjeve det med eit ynskje om variasjon; at dei ikkje alltid vil halda seg til eitt bestemt mønster. Løysinga i år har derfor vore å tematisera enkeltkonsertar – gjennom presentasjonar av komponistar, stilretningar, tradisjonar – eller somme gonger å unngå ei tematisering i det heile.

Denne tankegangen har ført til at programmet virkar noko springande, men det har òg skapt interessante konstellasjonar, som ved onsdagens konsert der to kontrasterande 1800-talskomponistar var stilte opp mot to kontrasterande moderne komponistar.

Den påfølgjande festivaldag gav døme på fleire moglege innfallsvinklar. Lunsjkonserten synte til dømes eit stort spenn i tid, med Beethoven som eit opnande midtpunkt, etterfulgt av kvar sine ytterpunkt med Pärt og Händel. Midori sin solokonsert var meir konsentrert, med verk i tysk/austerriksk tradisjon (inkludert verk av sveitsiske Ernst Bloch), og kvelden vart avslutta med verk av dei austeuropeiske komponistane Prokofiev og Smetana.

Nøkternt og distansert

Programmessig var det den minst opplagt tematiserte av konsertane som fungerte best i mine øyre, kanskje på grunn av variasjonen av både stilartar og ensembleformar.

Trio Parnassus opna med Beethovens ”Varisjonar i G-dur” (op 121 A, ”Kakadu”), og balansemessig var denne framføringa betre enn opptredenen deira onsdag (skildra i denne artikkelen). Det seine verket av Beethoven hadde ein opnare tekstur enn det tidlege, og med lange solo- eller duettparti, særleg for fiolin og cello, kom enkeltmusikarane meir til sin rett. Det var òg spanande å få presentert to så vidt ulike verk av Beethoven framført av det same ensemblet nært i tid.

Likevel vart eg heller ikkje denne gongen overtydd av trioen. Skilnaden mellom framføringa av Beethovens opus 1 og hans opus 121 understreka ikkje noka stor utvikling hjå Beethoven. Snarare var det noko distansert og nøkternt ved spelemåten deira, som eg ikkje er sikker på om er eit stilistisk val, eller berre manglande engasjement. Heller ikkje då dei seinare på kvelden framførte Smetana, der høvet for kjensleutbrot er stort (stykket er skrive til minne om dottera som døydde av skarlagensfeber) kom dette til uttrykk; utøvinga tyktest tilbakehalden og avbalansert, og mangla gnist, sorg.

Isa Gericke høgdepunkt

SSO Samtid og Thomas Søndergård entra så scena med ensembleversjonen av ”Fratres” av Arvo Pärt. Ensemblet er imponerande, og gjorde nok ein gong god innsats på konserten. Men som i deira tolking av Sørensen dagen før, fekk eg også denne gongen eit inntrykk av at Søndergård innleiingsvis hadde dårleg tid; at han ikkje turde ta inn over seg den nærast ekstreme roen som ligg i Pärts musikk. Ensemblet fann imidlertid ro undervegs, og stilla etterpå målbar at denne òg hadde nådd inn til lyttarane.

Høgdepunktet i konserten kom til slutt. Isa Gericke framførte i lag med SSO Klassisk dirigert av Daniel Reuss tre arier frå høvevis ”Orlando”, ”Alcina” og ”Semele” av Händel. Gericke har alt fått mange lovord frå mediene etter sine tidlegare opptredner i Stavanger, og det er enkelt å slutta seg til; Gericke gjorde ein formidabel jobb på alle vis, formidlingsmessig i sær – aldri overdrive, men stort og enkelt på same tid.

Fantastisk – men keisamt?

Japansk-fødde Midori har lenge hatt stjernestatus som fiolinist. På kammermusikkfestivalen er ho den einaste utøvaren som har fått tildelt ein heilaftans solistkonsert, og her framførte ho fiolinverk frå standardrepertoaret; Brahms ”Sonate nr 2”, Bloch ”Sonate nr 2” (Poème Mystique), Schumann ”Fantasiestücke op 73” og Schubert ”Fantasi i C-dur D 934”.

Publikummet i Stavanger var stort og begeistra; møtet med ein ung musikar i verdsklasse er ikkje kvardagskost. Midori innfridde truleg dei fleste forventningar og spela verk etter verk bortimot perfekt, med stor virtuositet, imponerande uanfekta av det heile.

Dermed burde det ikkje vera anna å seia at dette var ei fantastisk oppleving – ein kanonisert utøvar med standardrepertoar som spelar alle konkurrentar i senk.

Men, med fare for å vera blasert, var ikkje dette den største opplevinga for min del. Eg klarte ikkje heilt å la meg røra av Midori sitt spel, vart ikkje bergteken, men fann meg sjølv meir likesælt lyttande medan tone for tone suste forbi. Fantastisk og perfekt – men kanskje òg litt keisamt?

Ei tilsvarande oppleving virka det som pianisten Charles Abramovic hadde – han sat traust og uengasjert bak Midori og følgde henne trufast, utan eige initiativ. Eg kunne ikkje sjå at dei to hadde augekontakt meir enn eit par gonger under konserten – og eg enda opp med å undrast på kvifor denne stjernefiolinisten gadd å ha med seg ein så uengasjert pianist.

Det er kanskje ikkje opp til ein einskild person å definera når det er på tide å gå vidare frå det tradisjonelle. Men eg meiner ein utøvar som Midori har alle føresetnader for å kunna utfordra publikum eit hakk meir, anten gjennom eit meir variert repertoar, eller ved å bryta ein konvensjon eller to.

Kanskje kunne det for festivalen i heilskap vore rom for ørlite grann meir nytenkjing?

Konsertar:
Stavanger Domkirke 9. august kl 12.00
Trio Parnassus, SSO Samtid, Thomas Søndergård (dirigent), Isa Gericke, SSO Klassisk, Daniel Reuss (dirigent)
Verk av Beethoven, Pärt, Händel

Stavanger Domkirke 9. august kl 19.30
Midori (fiolin), Charles Abramovic (klaver)
Verk av Brahms, Bloch, Schumann, Schubert
 

Relaterte bedrifter:

International Chamber Music Festival (Festivaler\Kammermusikk; Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\August)

Stavanger Symfoniorkester (Utøverinstitusjoner\Orkestre; Plateselskap)

Grieg Trio (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte personer:

Isa Katharina Gericke, Sopran

Relaterte begivenheter:

06.08.2007 International Chamber Music Festival 2007

Relaterte artikler:

09.08.2007 Mellom uro og stille

03.08.2007 Tom Ottar Andreassen: - Om ingenting kan gå galt, er det ikke mye å øve for

02.08.2007 Håvard Gimse: Ein egen klang

31.07.2007 Allsidig fokus på kammermusikkfestivalen

11.07.2007 Stavanger Kammermusikkfestival - Grieg/Backer Grøndahl-galla

22.04.2009 Lederskifte i Stavanger

05.01.2009 Grieg Trio med dobbel CD

12.08.2008 Ny programsjef i Stavanger

08.08.2008 Klart for kammermusikk i Stavanger

01.08.2008 Norsk satsing i kulturbyåret

09.06.2008 Beethovens symfonier på 11 dager

07.05.2008 Grieg Trio framfører Beethoven, Schubert og Thoresen

28.04.2008 ICMF Stavanger - Smakebiter fra programmet

04.02.2008 SSO spenner buene

09.11.2007 Kulturdepartementet - økt tilskudd til Stavanger

09.11.2007 Grieg Trio feirer 20 år

15.10.2007 Samspill i Bjergstedparken

28.08.2007 Steven Sloane debuterer som sjefsdirigent for SSO

14.08.2007 ICMF Stavanger: Festival for fiffen?

13.08.2007 Vokalt fokus i 2007

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no