MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Vokalt fokus i 2007

Publisert: 08/13/2007 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007081312594413889219

KONSERTMELDING: Stavanger 2008 har i 2007 satt stemma i fokus. Dette sette preg på kammermusikkfestivalen si avsluttande helg, og St Petersburg Kammerkor, Elizabeth Norberg-Schulz, Eir Inderhaug og Ellen Ugelvik var mellom dei som bidrog til dette. I denne artikkelen berettar Ballades meldar om dei avsluttande konsertane. - Møtet med desse to kompromisslause og modige musikarane utgjorde ein strålande avslutning på festivalen for underteikna, skriv Ida Habbestad om Eir Inderhaug og Ellen Ugelvik.

Eir Inderhaug/Foto: T. Schønfelder/www.rikskonsertene.no (330x497)

Av Ida Habbestad

Året før det store kulturby-året går i gang, har Stavanger 2008 ynskt å setja stemma i fokus. ”Vi skal utforske sang, tale og sterke meninger, og alle stemmer skal få en anledning til å uttrykke seg og bli hørt” skriv Mary Miller i 2008-magasinet. Som del av denne tankegangen inviterte dei i samarbeid med ICMF St Petersburg Kammerkor til årets festival.

Dermed var ein sikra eit vokalt fokus også under kammermusikkfestivalen – og i den avsluttande helga fulgde festivalleiinga opp gjennom å gje rom for fleire songarar. Vokalgruppa PITSJ hadde konsert på Gaffel & Karaffel, sopranen Elizabeth Norberg-Shulz deltok ved lunsj-, galla- og avslutningskonsert, og sopran Eir Inderhaug var i lag med pianist Ellen Ugelvik tildelt ein eigen konsert søndag. Alt nemnde Isa Gericke var deltakande gjennom heile festivalen. Ho var òg den einaste utøvaren som henta fram barokt repertoar – eit lenge etterlengta innslag i det elles nokså romantisk-dominerte festivalprogrammet.

Fylde og mystikk i domkyrkja

Ein konsert mange hadde sett fram til var konserten i Stavanger Domkirke fredag kveld, der St Petersburg Kammerkor framførte sin versjon av Rachmaninovs ”Vesper”. Kyrkja var fullsett, og utanfor var det kø av folk som vona å få plass. På responsen i etterkant å dømma var publikum sterkt berørde av opplevinga.

Den russiske korklangen, på mange vis uendeleg fjern frå våre ideal, er stemningsfull; monumental på ein måte, og i sær gjorde den djupe klangen i alt- og basstemmene sterkt inntrykk på meg. Intonasjonen tyktest leva sitt eige liv , og heller ikkje det nordiske idealet om klangleg egalitet tyktest viktig. Sopranar og tenorar pøste på, uaffekterte av om det ville brista eller bera – og i mine øyre let det nokså skingrande til tider, og samstundes overveldande; buldrande og vakkert.

Det seiest at koret frå St Petersburg er eit hakk meir vestleg orientert enn Moskvapatriarkatets mannskor av St. Basil som vitja Olavsfestdagene for ikkje lenge sidan. Skulle ein samanlikna desse framføringane ligg nok skilnaden mest i det tempomessige; St Petersburg-koret sette eit hurtigare tempo enn Moskva-koret, og der sistnemnde gjerne heldt ulideleg langsame tempo hadde St Petersburg-koret tidvis så stor framdrift at enkelte høgdepunkt – som i den mest kjende satsen ”Troparion for Virgin Mary” – ikkje kom heilt til sin rett.

Men framfor alt var det det mektige og store som sto att. Det var lett å sjå for seg ein russisk-ortodoks katedral, messa som finn stad gjennom natta, med eit rikt og vakse folk som formidlar sentrale aspekt ved sine liv. Få andre kan gjera det etter dei.

Frå lied til arie

Elizabeth Norberg-Shulz har ein lang og einestånde karriere bak seg, mellom anna som fast tilsett ved Wiener Staatsoper og som gjestesongar ved operahus som La Scala, Covent Garden, Metropolitan og Salzburg. Hausten 2006 vart ho tilsett som professor i song ved Universitetet i Stavanger. Dermed er ho ein sjølvskriven gjest på programmet til kammermusikkfestivalen, mellom anna som del av lunsjkonserten laurdag i lag med St Petersburg Kammerkor.

Mitt første møte med Norberg-Schulz her utgjorde nok ikkje det beste dømet på hennar prestasjonar. Under konserten framførte Norberg-Schulz verk av Eyvind Alnæs, Jean Sibelius og Richard Strauss – og mi oppleving av dette var at alle songane lydde som dei var like. Etter å ha høyrt og ikkje minst sett Isa Gericke gjennom festivalen presentera ei heil rekkje ulike uttrykk og stemningar, overtydde ikkje denne songaren på tilsvarande vis.

Vidare var det vanskeleg å få med seg det tekstlege innhaldet, i sær i stykkene av Alnæs. Etter min smak vart desse songane framført for stort og pompøst. Det store uttrykket kjendest rettare ved tolkingane av Sibelius og Strauss, men det var først under gallakonserten laurdag – ved framføringa av to operaarier – at ein meir fekk innsyn i hennar eigentlege kapasitet. Pianist Erling Eriksen var med henne gjennom begge konsertar, og gjorde ein fin innsats på klaveret.

The owl and the pussycat

Festivalens siste vokale innslag for min del fann stad i lille sal i Bjergsted konserthus. Her presenterte Eir Inderhaug og Ellen Ugelvik komposisjonar av George Crumb, Vanessa Lahn og György Ligeti, alt særs overtydande gjennomført.

Dei opna med eit mystisk og stemningsfullt verk av Crumb, ”Apporition”, som tek for seg tema som natta og døden. Verket er basert på tekstar av Walt Whitman og satstitlar som ”The Night in Silence under Many a Star”, ”Dark Mother Always Gliding Near with Soft Feet” og ”Come Lovely and Soothing Death” illustrerer den mørke undertonen i verket.

Ugelvik framførde så Vanessa Lahns meir utådvendt verk ”The Owl and the Pussycat” der ho akkompangerte seg sjølv medan ho først nynna, sidan song. Tilsvarande var ho både pianist og medsongar til Inderhaug i Ligetis ”Aria” frå operaen ”Le Grande Macabre”.

Ugelvik sine simultane prestasjonar framsto for meg som særs imponerande, både teknisk og formidlingsmessig. Spelet var kontrollert, med stor presisjon, ho song klokkereint, og samstundes var spelet uttrykksfullt og variert, frå det grasiøse og enkle til det heftig temperamentsfulle.

Likeeins er spennet mellom Inderhaug si opptreden i Crumb – i byrjinga enkel og avkledd, etterkvart meir outrert og intens – til dei hysteriske panikkutladningar i Ligeti-arien, noko av det som gjer Eir Inderhaug til ein så spanande songar.

Møtet med desse to kompromisslause og modige musikarane utgjorde ein strålande avslutning på festivalen for underteikna.

Konsertar:

Stavanger Domkirke 10. august
St Petersburg Kammerkor, Nikolai Kornev (dirigent)
Rachmaninovs "Vesper"

Stavanger Domkirke 11.august
Elizabeth Norberg-Schulz (sopran), Erling R. Eriksen (piano)
Verk av Sibelius, Strauss, Alnæs
(utgjorde første halvdel av konserten)

Bjergsted, Lille konsertsal 12. august
”The Owl and the Pussycat”,
Eir Inderhaug (sopran), Ellen Ugelvik (klaver)
Verk av Crumb, Lahn, Ligeti
 

Relaterte bedrifter:

International Chamber Music Festival (Festivaler\Kammermusikk; Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\August)

Relaterte personer:

Elisabeth Norberg-Schulz, Sopran

Erling Ragnar Eriksen, Pianist

Eir Inderhaug, Sopran

Ellen Ugelvik, Pianist

Relaterte begivenheter:

06.08.2007 International Chamber Music Festival 2007

Relaterte artikler:

10.08.2007 Verdsstjerner og lokale høgdepunkt

09.08.2007 Mellom uro og stille

03.08.2007 Tom Ottar Andreassen: - Om ingenting kan gå galt, er det ikke mye å øve for

02.08.2007 Håvard Gimse: Ein egen klang

31.07.2007 Allsidig fokus på kammermusikkfestivalen

07.06.2007 Håkon Austbø & Ellen Ugelvik: Firhendig Klaver

18.12.2006 Jagerflygel flyr igjen

15.01.2007 Konsert for flygel og figurteater

15.11.2006 Ellen Ugelvik hedret som Årets kulturnavn 2006

13.10.2006 Ugelviks aften

07.09.2006 Kulturentusiaster med Operafestival i Oslo

22.04.2009 Lederskifte i Stavanger

08.08.2008 Klart for kammermusikk i Stavanger

01.08.2008 Norsk satsing i kulturbyåret

18.06.2008 Musikk på liv og død

28.04.2008 ICMF Stavanger - Smakebiter fra programmet

09.11.2007 Kulturdepartementet - økt tilskudd til Stavanger

14.08.2007 ICMF Stavanger: Festival for fiffen?

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no