MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Dei skjønne kunstar

Publisert: 10/01/2007 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007100110024215516594

FESTIVAL: I denne andre og siste meldinga frå Trondheim Kammermusikk Festival oppsummerer Ballade sin utsende dei øvrige konsertopplevingane i Trondheim. - Balansegangen mellom ungt og gamalt – både kva gjeld utøvarar og musikk – og dertil ispedde innslag av jazz, elektronika, ungdomsstorband og anna, skapar ein heilt spesiell dynamikk som toppar den dyktige programuttenkjinga til festivalen, skriv ho i denne meldinga.

Trondheim Symfoniorkester_2007_1 (266x400)

Av Ida Habbestad

I Trondheim Kammermusikk Festival skapast gode repertoarkombinasjonar.

Programmet rommar standardverk frå kammermusikklitteraturen, såvel som ein grundig presentasjon av festivalkomponisten i form av portrettkonsertar og små drypp mellom klassikarane. Slik vert det noko for einkvar smak, og samstundes utfordrar dei publikum når sjansen byd seg.

Òg for utøvarane er kombinasjonen ideell. Til dømes var det eit sjakktrekk at Trondheim Symfoniorkester under sin konsert framførte verk av Rameau og Händel mellom dei meir utfordrande komposisjonane av Crumb. Der utøvarane var usikre, ja nærast ukomfortable med oppgåvene i samtidsverket (mellom anna fekk me oppleva små grupper av musikarane seia fram replikkar medan dei kom vandrande over scena), synte dei seg frå si beste side då ei lita besetning framførte den franske barokksuiten og tre Händel-ariar.

Ariane var henta frå tre ulike operaer, og framkalla ulike stemningar hjå lyttarane. Den midste av desse, ”Tornarmi a vagheggiar” frå ”Alcina”, var nærast ein duett mellom sopranen Mojca Erdmann og cellisten Joakim Munkner, som begge imponerte med presise og stilsikre framføringar.

Erdmann hadde òg imponert tidlegare, då saman med gutesopran Mads Frigstad. I Crumbs ”Ancient Voices of the Children” formidla dei Lorca sine mystiske tekstar med titlar som ”Barnet som leitar etter stemma si”, og ”Mitt hjerte av silke fylt med lys”, med komponisten sitt umiskjennelege utforskande og poetiske tonespråk

Dei skjønne kunstar – og nokre inkjeseiande

Festivalkomponistens verk har gjennomsyra festivalen, men òg andre spanande møte har funne stad. Gjennomgåande har nivået vore høgt, og den mest storslagne opplevinga fann eg i møte med Beaux Arts trio onsdag.

Dei tre utøvarane gjorde velfraserte, velintonerte og sprudlande framføringar uansett om det var Dvorak, Turnage eller Beethovens komposisjonar som sto i fokus. Etter desse balansert virtuose verka var det dessutan forfriskande å oppleva ensemblet sleppa alle hemningar og bryna buehåra i ekstranummeret av Sjostakovitsj.

Etter å ha høyrt denne trioen kom Vogler Strykekvartett i skuggen med sine framføringar av Ravel sin ”Strykekvartett i F-dur” og Brahms’ ”Sekstett i G-dur”. Kvartetten – eller først og fremst fiolinist Tim Vogler – presenterte nokså liktklingande tolkingar av to heilt ulike verk, og skuffa med ein dertil lite kommunikativ opptreden. Til å byrja med aksepterte eg den kjølige og flate versjonen av Ravel som ein mogleg innfallsvinkel til den franske klangverda. Men med same distanserte og nøkterne haldning til Brahms’ verk vart begge presentasjonar ståande att som kalde og inkjeseiande.

I sistnemnde vart det dei innhenta musikarane, bratsjist Tim Frederiksen og cellist Ellen Flesjø, som freista bringa glød til ensemblet gjennom små gestar, mimikk og augekontakt. Intensjonen var god, og liva for så vidt opp deler av kvartetten, men førstefiolinisten spelte nok mest for seg sjølv denne kvelden.

Ung og gamal

På sett og vis var det dei eldre herrar sin festival. Forutan hjå den snart historiske Beaux Arts Trio (som skal leggja opp grunna sin aldrande pianist), fann det musikalske høgdepunktet stad i møte med den 83-år gamle pianisten Lambert Orkis. Som, i følgje med den noko yngre James Primosch, framførte verk av den tilårskomne festivalkomponist.

Men parallelt med festivalen gjekk konkurransen Trondheim International Chamber Music Competition som gjennom veka har samla ei rekkje unge ensemble frå heile Europa. Denne hadde underteikna ikkje tid til å følgja – men det ryktest at nivået var høgt. Ingen 1. pris vart utdelt, men den finsk-norske trioen Arctica Piano Trio (med einaste nordmann i finalen, Anders Kjellberg Nilsson) og tyske Boulanger Trio delte andre pris i konkurransen.

Denne balansegangen mellom ungt og gamalt – både kva gjeld utøvarar og musikk – og dertil ispedde innslag av jazz, elektronika, ungdomsstorband og anna, skapar ein heilt spesiell dynamikk som toppar den dyktige programuttenkjinga til festivalen. Dei to leiarane, Vegar Snøfugl og Sigmund Tvete Vik, fortjener ros for det.
 

Relaterte bedrifter:

Trondheim Kammermusikk Festival (Festivaler\Kammermusikk; Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\September)

Trondheim Symfoniorkester (Utøverinstitusjoner\Orkestre)

Relaterte personer:

Vegar Snøfugl, Daglig leder

Sigmund Tvete Vik, Kunstnerisk leder

Relaterte artikler:

28.09.2007 Jordnær og eterisk Crumb

27.09.2007 George Crumb: Om kvalsong og svarte englar

25.09.2007 Unge kammermusikere i internasjonal konkurranse

24.09.2007 I dag starter festivalen

19.09.2007 Konjakkglass, fingerbøl og hvalsang

21.08.2007 Samspill uten grenser

11.09.2006 Programmet for Trondheim Kammermusikk Festival 2006 er klart

14.09.2009 Frisk festival

05.03.2009 Golijov blir festivalkomponist

22.09.2008 Energisk og ungt i Trondheim

16.09.2008 Trondheim kammermusikkfestival åpner mandag

15.01.2008 Bergen - Nye styreledere i Filharmonien og Festspillene

01.10.2007 Trondheim Kammermusikk Festival - resultat konkurranse

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no