MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Natasha Barrett – Trade Winds: Ei eventyrleg beretning om havet

Publisert: 10/26/2007 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007102609144776829480

PLATEMELDING: Vekas platemelding her på Ballade er Natasha Barrett si ferske "Trade Winds". - Barrett teiknar opp eit naturleg maritimt rom av hav og måkar, vind og rennande vatn - og ut frå dette kjem bearbeidd lyd som skapar avstand. Balansen mellom desse refererande og ikkje-refererande lydane skapar ein finurleg vev av meining og kaos, der havet sine skiftande stemningar kjem tydeleg fram, men med stort rom for personleg tolking. Det lyder særs overtydande – og ikkje minst varmt, meiner Ballades melder.

Natasha Barrett: Trade Winds (350x350)

Av Ida Habbestad

Dramaturgien er eit sentralt element i Natasha Barrett sin musikk. Då ho mottok Nordisk Råds Musikkpris for verket ”…fetters…” i fjor, vektla juryen nettopp den sterke dramaturgiske karakteren i stykket, og også tekstane i coveret til den nye CD-en vitnar om eit tydeleg medvit kring dette: All kunst fortel noko.

Denne gjennomgripande evna til å skapa dramaturgisk gode forløp kjem kanskje endå klårare fram i ”Trade Winds”. Der ”…fetters…” skildra ein dynamisk - og kanskje psykologisk - tilstand, har ”Trade Winds” i tillegg til dette frittsvevande òg ei konkret historie til grunn. Dessutan eit mylder av andre, meir gøymde hendingsforløp - som om Barrett ikkje berre vil fortelja, men òg problematisera det forteljande i seg sjølv.

Uvær og desperasjon

Barrett teiknar opp eit naturleg maritimt rom av hav og måkar, vind og rennande vatn - og ut frå dette kjem bearbeidd lyd som skapar avstand. Balansen mellom desse refererande og ikkje-refererande lydane skapar ein finurleg vev av meining og kaos, der havet sine skiftande stemningar kjem tydeleg fram, men med stort rom for personleg tolking. Det lyder særs overtydande – og ikkje minst varmt. For gjennom store delar av verket er eit behageleg nærvær av menneske. Me høyrer bruddstykke av samtalar, stemmer i kvardagen, i havsnaud, stemmer som kviskrar frå havdjupna, eller syng på havna.

Til saman utgjer det ei nærast uendeleg assosiasjonskjelde, og lyttaren får skapa sine eigne historier i tillegg til den konkrete. Den konkrete forteljinga finn stad i satsen ”Open Ocean”, der ein gamal sjømann berettar om sin første tur i Nordstillehavet, der han kjem ut for eit voldsomt uvær. Sjøfolka kjempar for livet medan båten stuper ned i bølgene, og sjøen fossar inn over båten som knakar og slit for å riva seg opp frå det veldige havet.

Ein slik desperasjon skildrar Barrett med varsemd, utan store klisjear, pakka inn i lag på lag av lyd og stemningar - og ein kan ikkje anna enn å la seg riva med i den eventyrlege beretninga.

Grunnleggjande spørsmål

Me skal ikkje gå inn på korleis det går med sjøfolka. Ei heller dvela lenge ved faremomentet ved at den verbale forteljinga er så oppslukande at det kan opplevast som eit tomrom når den ikkje lenger er der. Men det er ein krevjande balansegang, og konsentrasjonen kan lett byrja svikta når berre det musikalske står i fokus.

Men så byrjar det skje heilt andre ting - eller kanskje rettare; andre element i beretninga trer ut av mylderet og får stå i fokus. Eit teppe av orgelklang, forvrengte bitar av historia, sjømennenes Shanty, og ikkje minst fragment av Bach sitt orgelverk som sender ein - meint eller ikkje - assosiasjon til ”Historien om et menneske”, verdshistoria, mytologi og grunnleggjande spørsmål.

Med dette er ei utilfredsstillande lita mengd skildra av alt som utspelar seg i dette fascinerande verket. Natasha Barretts lydlege univers er heilt unikt og særeige, og dei mange beretningane i ”Trade Winds” kan ein definitivt lytta til fleire gonger.

Natasha Barrett
"Trade Winds"
Aurora/Musikkoperatørene
ACD 5056
 

Relaterte bedrifter:

Grappa Musikkforlag AS (Plateselskap)

Relaterte personer:

Natasha Barrett, Komponist

Relaterte artikler:

27.08.2007 Sleppet: Den nye natur-romantikken

05.06.2007 Barrett/Orning på Bidrobon

15.03.2007 SPOR-festivalen: Et brudd med kommersialisme og vanetenkning

15.03.2007 SPOR 2007 i Århus: - Når orkesteret spiller konsertsalen

27.02.2007 LARM: Nordisk manifestation om kvinnors verksamhet inom ljudkonsten

25.10.2006 Barrett på NOTAM

17.10.2006 Norden i fokus hedrer Barrett i kveld

12.06.2006 Natasha Barrett om "...fetters..." og elektroakustisk musikk

08.06.2006 NOTAM gratulerer Natasha Barrett

06.06.2006 Natasha Barrett tildeles Nordisk Råds Musikkpris 2006

25.04.2006 Barrett nominert til Nordisk Råds Musikkpris

01.09.2008 Natasha Barrett - Premiere på Sub Terra

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no