MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Ikkje alltid blodpris!

Publisert: 11/29/2007 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007112914355860775463

REPLIKK: - Du må ikkje alltid betale ”blodpris” for å vere garantert klassisk musikk av høg kvalitet. På Noregs musikkhøgskole har vi orkesterserien Bylyder der Oslos profesjonelle orkester spelar i Musikkhøgskolens konsertsal på Majorstua. Her kostar billettane berre 40 kroner for studentar (førehandssal) og 150 kroner for ordinære billettar, skriv kommunikaskjonsrådgjevar Alison Bullock Aarsten ved Noregs musikkhøgskole.

Bylyder profil 07/08-1 (350x)

Av Alison Bullock Aarsten

I debatten om livet og døden til klassisk musikk, har komponist Brede Rørstad eit poeng når han skriv at publikum må vite om høge billettprisar er verdt pengane: Om dei utselde Bigbang-konsertane skriv han: Publikum har ein kunnskap om bandet og musikken deira som gir eit grunnlag for å kunne avgjere om konserten kjem til å bli verdt pengane eller ikkje. Sjølv om prisen er 275 kroner vil eit stort publikum seie at, ja, på tross av høg pris kjem denne konserten til å bli verdt pengane. (…) Eg skulle gjerne sett at det kosta mindre å få høyre det beste innan klassisk musikk..”

Dei beste orkestra til låge priser

Det kan du få på Musikkhøgskolen, Brede Rørstad! I konsertserien Bylyder, spelar Oslo-Filharmonien, Kringkastingsorkesteret, Det Norske Kammerorkester, Oslo Camerata, Den Norske Operas orkester, Trondheimsolistene og Musikkhøgskolens eige symfoniorkester og kammersolistar.

I konsertserien Bylyder er eit av poenga at omgjevnaden ikkje er så stiv, og at heller ikkje billettprisane er det. På den måten trur vi at for eksempel fleire studentar finn vegen til konsertsalen, og får moglegheit til å oppleve klassisk musikk på sitt beste.

Full sal

Sidan Bylyder blei lansert i 2006, har konsertserien blitt ein suksess. På mange av konsertane har salen vore stappfull. Det er tydeleg at prisen har noko å seie. Vi vil gjerne takke orkestra for det gode samarbeidet som gjer at vi kan halde billettprisane nede.

Sibelius og Zappa

Musikken du kan nyte under Bylyder denne sesongen spenner over alt frå intense, rørande klassikarar som Sibelius sin 2. symfoni og Fire siste songar av Richard Strauss, til nyskapande musikk av amerikanske komponistar som Charles Ives, John Adams og Frank Zappa. Vidare kan du bli kjent med Misha Alperin og Gjermund Larsen, som skriver ny musikk tufta på gamle tradisjonar.

Sesongstart 30. november med amerikansk musikk

Bylyder-sesongen 2007/08 startar allereie på fredag 30. november, med Musikkhøgskolens symfoniorkester, under leiing av Bjarte Engeset. Dei spelar eit program med musikk frå USA gjennom 1900-talet, frå Ives sitt The Unanswered Question til Adams sitt Lollapalooza. Vidare vil publikum kunne høyre Gershwins jazz- og bluesinspirerte klaverkonsert med Aksel Kolstad som solist, og Bernsteins symfoni ”Jeremiah”.
 

Relaterte bedrifter:

Norges musikkhøgskole (Musikkutdanning\Høyere utdanningsinstitusjoner)

Oslo Filharmoniske Orkester (Utøverinstitusjoner\Orkestre)

Kringkastingsorkestret KORK (Utøverinstitusjoner\Orkestre)

Det Norske Kammerorkester (Utøverinstitusjoner\Orkestre; Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Den Norske Operas Orkester (Utøverinstitusjoner\Orkestre)

Oslo Camerata (Utøverinstitusjoner\Orkestre)

TrondheimSolistene (Utøverinstitusjoner\Orkestre; Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte personer:

Alison Bullock Aarsten,

Relaterte artikler:

03.05.2007 Musikkhøgskolen med høye søkertall og pris for utdanningskvalitet

05.09.2006 Bylyder fra Oslos orkestre

15.09.2006 Bylyder: Klassisk persisk med Kringkastingsorkestret og Javid Afsari Rad

13.10.2006 Symfonisk og visuelt

19.01.2007 Festveke på Norges musikkhøgskole

23.02.2007 Vinterlydfestivalen 2007

16.01.2009 Hemmelige koder

24.11.2008 Oslo-Filharmonien på DVD

20.06.2008 Leiken energi, svulmande strykarklang

24.04.2008 Klar en klassiker på nett-TV

11.02.2008 Manze blir gjestedirigent

04.01.2008 Det Norske Kammerorkester feirar 30 år

11.12.2007 Norges musikkhøgskole - Bylyder

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no