MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Forstokka haldningar og spennande musikk

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007113010182522947585

DEBATTINNLEGG: I siste Spelemannsbladet stiller Tellef Kvifte spørsmål ved hovudstadspressa sin haldning og kunnskap om norsk tradisjonsmusikk. Reaksjonen kjem frå Svein Ove Bakke under tittelen ”Folkefiender”. I dette innlegget nyanserar Hilde Bjørkum (direktør i Førde folkemusikkfestival) og musikar Elisabeth Kværne bildet av Tellef Kvifte som ein gretten, gamal gubbe. - Vi ser fram til den dagen nysgjerrige og fordomsfrie musikkjournalistar lyttar seg opp på real folkemusikk og møter den med eit ope sinn, skriv dei to.

Hilde Bjørkum, Førde, 2005 (290x436)

Av Hilde Bjørkum, direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (bildet) og Elisabeth Kværne, musikar

Som kjent er det ikkje enkelt å drive mediekritikk i Norge, slik også denne gongen: Svaret frå Sven Ove Bakke bidreg berre til å understreke Tellef Kvifte sine poeng.

Arrogant ignorering

Tradisjonsmusikarane sjølve veit at dei er viktige aktørar i samtidas musikk og kulturliv. Dei veit at dei forvaltar ei uttrykksform som i likskap med den klassiske musikken har overlevd og blitt verdsett gjennom generasjonar.

Dei er ein sjølvstendig sjanger med grammatikk og språk fullt ut eigna til å stå på eigne bein, men som til alle tider lever i fruktbar sameksistens og utveksling med andre uttrykk. Dette er også eit mangfaldig publikum og arrangørar over heile landet klar over.

Hovudpoenget til Kvifte er at musikkjournalistane i hovudstadspressa fyrst interesserar seg for folkemusikken når den går ut av sitt eige uttrykk, heilt eller delvis, og står fram som ein del av andre sjangrar; klassisk, rock eller jazz m.m.

Gjennom pressa si arrogante ignorering av folkemusikken som sjølvstendig sjanger framstår norsk kulturliv fattigare, og publikum blir mindre merksame på ei fasinerande musikkform.

Gamle, gretne gubbar

Bildet Bakke teiknar av Tellef Kvifte som ein representant for gamle, gretne gubbar, mørkemenn i tradisjonspolitiet, fell på sin eigen urimelegheit.

Som musikar er Tellef aktiv innan tekno, jazz og tradisjonell, men grensesprengande folkemusikk. Mellom anna leia han i ei årrekkje det vellukka Talentprosjektet i regi av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival der unge musikarar frå fleire kontinent jobbar fram eit felles uttrykk innan verdsmusikk.

Allereie i 1979 fekk Tellef sin første Spelemannpris for nyskapande samspel i gruppa ”Slinkombas”. Nye samspelformer førte til endå ein Spelemannpris for multimusikaren Tellef Kvifte, for utgjevinga ”På langeleik” i 1985.

Det frodige miljøet i Bærum Spelemannslag, der både stjernene i Valkyrien Allstars og Tellef Kvifte i dag har sin plass, er eit spennande, hovudstadsnært kulturfenomen som kunne ha fortent merksemd frå vakne musikkjournalistar!

Vi ser fram til den dagen nysgjerrige og fordomsfrie musikkjournalistar lyttar seg opp på real folkemusikk og møter den med eit ope sinn!
 

Relaterte bedrifter:

Dagbladet (Media\Aviser)

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (Festivaler\Folkemusikk; Festivaler\Juli)

Relaterte personer:

Tellef Kvifte, Saxofonist

Relaterte artikler:

28.11.2007 Folkefiender?

19.11.2007 Bibelen, Fanden og andre sure gubber

15.11.2007 Om Tellef Kvifte, folkemusikk og jazzpoliti

14.11.2007 Forstokkede holdninger

22.01.2009 Førdefestivalen feirer 20 år

31.10.2008 Lucky Loop – Big, Fat and Beautiful

02.07.2008 Bruvoll/Halvorsen tilbake i Førde

14.05.2008 Utenriksdepartementet fornyer avtale med Førdefestivalen

10.03.2008 Førdefestivalen - Programmet er klart

24.01.2008 Førdefestivalen satser på ”DIALOG”

14.12.2007 Større mangfald i alle kanalar

13.12.2007 Plateåret 2007 - Å tøye strikken

12.12.2007 Plateåret 2007: Krokodilletårer

12.12.2007 Plateåret 2007: - Selvgodhet som lukter vondt

10.12.2007 Plateåret 2007: - Vi er prisgitt dagspressen

07.12.2007 Norge manglar ikkje musikk med høg kvalitet – men opne, dyktige, uavhengige journalistar og redaktørar.

06.12.2007 Plateåret 2007: Mangelen på norsk musikk – i media

30.11.2007 Gretne gamle gubber: I folkemusikken eller i media?

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no