

European Forum of Wordwide Music Festivals (EFWMF) vart stifta i 1991 og er no ein organisasjon som har 50 store festivalar i tillegg til fagfolk innan verdsmusikk i Europa som medlemer.
Nettverket driv felles profilering i den internasjonale marknaden og er ein viktig organisasjon i fagmiljøet innan verdsmusikk i Europa. Den er òg eit viktig referansepunkt og samarbeidspart for tilsvarande miljø i andre verdsdelar, mellom anna i Amerika og Afrika.
Informasjons- og kompetanseutveksling mellom dei kunstnarlege leiarane for festivalane i nettverket er ein annan viktig del av arbeidet.
Hilde Bjørkum har vore leiar for Førdefestivalen i nærare 20 år og har lang røynsle frå andre verv og oppdrag innan kulturlivet både nasjonalt og internasjonalt. Førdefestivalen har vore medlem av EFWMF-nettverket sidan starten.
Førdefestivalen er ein av Norges knutepunktfestivalar og den største festivalen i Skandinavia for akustisk folk/world/trad-musikk. Kvart år presenterer festivalen artistar frå heile verda gjennom 80 store og små konsertar og arrangement over fire dagar til eit publikum på rundt 25 000.
Det er Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som melder dette.
|
Relaterte bedrifter: |
|||
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (Festivaler\Folkemusikk; Festivaler\Juli) | |||
|
Relaterte personer: |
|||
Hilde Bjørkum, Direktør | |||
|
Relaterte artikler: |
|||
30.11.2005 Hilde Bjørkum: - Tenk kva me kunne fått til for 5 millionar! | |||
14.05.2008 Utenriksdepartementet fornyer avtale med Førdefestivalen | |||
MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no