MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Maja S. K. Ratkje: River Mouth Echoes

Publisert: 05/02/2008 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2008050214023456339665

PLATEOMTALE: Maja Solveig Kjelstrup Ratkje er plateaktuell på det amerikanske selskapet Tzadik. Her er eit mangfald av besetningar involvert; gambekvartetten Fretwork, trioen POING, Oslo Sinfonietta med fleire. Til saman gjev dei eit innblikk i Ratkje sin produksjon sidan 1997, og byd alle på høg intensitet, ei rekkje kontrastar, sjeldne klangfargar og snedige overgangar, skriv Ballades meldar.

Maja Ratkje: River Mouth Echoes (370x368)

Av Ida Habbestad

Intensitet er eit stikkord for denne nye utgjevinga, der Maja Ratkje har sett saman ei rekkje eldre og nyare opptak av verk frå dei siste ti åra.

Det gjev oss eit innblikk i produksjonen frå 1997 og fram til nyleg, i ein særs godt komponert konstellasjon.

Det intense er tydeleg alt frå byrjinga. Ei enkelt tone står mot deg, lys, skjerande, direkte. Den vert bearbeidd, støybelagt og utforska, men kjerna vert ubarmhjertig verande i lange strekk.

Det opplevest fysisk, tidvis vondt; og det kjenst unekteleg befriande når små element av naturleg saxofonklang frå tid til annan slepp til. Eller like gjerne stilla; som representativt for noko menneskeleg, for ro.


Heilskap og motsetnader

Ein slik kontrast er beteiknande for plata, som inneheld motsetnader på fleire vis. Der er kontrastar mellom besetningane; frå eit fulltallig Oslo Sinfonietta, via trioen POING og gambeensemblet Fretwork, til Ratkje sjølv som einsleg utøvar.

Der er kontrasten mellom stille og intensitet, mellom varmt og kaldt. Der er kontrasten mellom det akustiske og elektronikken, som ofte blandar seg men som òg står plassert vedsidan av kvarandre som diametrale motsetnader, som i dei to saxofonverka ”Øx” og ”Sinus Seduction”.

Samstundes er det ein gjennomgåande heilskap ved plata. Særleg kjem den til syne i overgangen mellom komposisjonane. For avslutninga på ”Øx” for saxofon og elektronikk til ”Essential extensions” for saxofon, akkordeon og kontrabass opplevest meir som nettopp ei essensiell utviding av ensemblet enn som nokon ny start.

Endå meir tydeleg er det ved overgangen til ”Wintergarden”, der Ratkje med synth og stemme tek utgangspunkt i den same saxofonklangen som før. Ho forlet den imidlertid snart, og gjev rom for ei fascinerande ferd frå heilt kalde, nøkterne uttrykk, til varme, menneskelege betraktningar - og ei avslutning som nærmar seg lyden av det magiske orkestret i Susanna & The Magical Orchestra.

Vilja til å utforska ein lyd eller utvikla ein idé så langt det går, er òg tydeleg på plata. Siste del av ”River Mouth Echoes” til dømes, virkar som ei einaste lang oppbyggjing mot ei klangfylde i gambene som eg ikkje har høyrt tidlegare. Dette stykket, som òg tek seg tid til å utforska heilt andre, sjeldne klangfargar i instrument som er lite brukt i ny musikk-besetningar, utgjer i mine øyre eit høgdepunkt på plata.


Utallige høve

I coveret fortel Ratkje at ho opplever alle verka på plata som beslekta med det eldste, ”Sinus Seduction”. Ho spør seg om det kanskje kan handla om at ein komposisjon like mykje som å bli ferdig, utløyser nye perspektiv og høve.

Dét er ei rimeleg forklaring på kjensla av heilskap som skapar ein tråd mellom desse verka, som trass dei mange og gjennomgripande kontrastane tykkjest ha utstpring i eitt felles, grunnleggjande materiale.

Same kva gjev CD-en eit glimrande innblikk i eit utsnitt av dei nærast utallige høve som finst i Ratkje sin produksjon.

«River Mouth Echoes»
Maja Solveig Kjelstrup Ratkje
Tzadik, 2008

Med:
Maja Solveig Kjelstrup Ratkje
POING
Fretwork
Oslo Sinfonietta
Christian Eggen (dirigent)
Torben Snekkestad (saxofon)

John Zorn (executive producer)
 

Relaterte bedrifter:

Poing (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Oslo Sinfonietta (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte personer:

Maja Solveig Kjelstrup Ratkje, Komponist, Sanger

Christian Eggen, Dirigent, Pianist, Komponist

Relaterte artikler:

29.04.2008 Revolusjonær natt til 1. mai

01.02.2008 Godt for øyra

24.01.2008 Vysotskij 70-års dag markeres på Litteraturhuset

14.01.2008 all Ears 2008: Velkomponert improvisasjon

02.01.2008 All Ears med programslippkonsert

20.12.2007 all Ears - Programmet er klart

11.12.2007 Fretwork spiller Ratkje

22.10.2007 Maja Ratkje blir festivalkomponist

04.07.2007 Maja Ratkje - Fra SPUNK til John Zorns Tzadik

25.04.2007 Vår tids største komponist: Klart for den store finalen

12.04.2007 - Sleivete om Maja Ratkje

08.03.2007 Fe-Mail: Blixter Toad (2xCD, Apshodel)

22.03.2012 Venter på norske orkestre

20.10.2009 Nytt og nordisk i St. Petersburg

08.05.2009 Ein cyborg på Svartskog

28.04.2009 Wach auf!

09.03.2009 Maja Ratkje på Dokkhuset

16.01.2009 POING 10 år

08.09.2008 Oslo Sinfonietta - Greewood og Ondes Martenot

14.08.2008 John Zorn kurerer i Bergen

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no