MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Liten og internasjonal

Publisert: 02/06/2009 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2009020614281989474937

Sekkepipespelarar frå Romania, felespelarar frå Shetland, svenske, slovakiske og norske utøvarar står på programmet i Rauland neste veke.


Rauland Internasjonale Vinterfestival går av stabelen kort etter at Vinje kommune vart kåra som landets mest mest offensive og oppegåande kulturkommune i 2009.

Gjennom fire dagar tilbyr festivalen kurs i engelske og franske folkeviser, norsk kveding, svensk felespel og slovakisk folkedans.


(Mark Laurenson / MySpace)


Festivalen stiller spørsmål gjennom seminaret: har "sounden"/stilen/uttrykket i dagens folkemusikk og –danseutøving utvikla seg til å bli fellesnordisk? Der får deltakarane mellom anna diskutera med innleiiar Fiona Talkington, ei av BBC’s spesialmedarbeidarar innafor folkemusikk.


(Kevin Henderson / My Space)

Det vert òg konsertar, mellom anna med Shetlandskveld i regi av Kevin Henderson, Mark Laurenson og Vidar Skrede. Dessutan opptrer den legendariske gruppa Fratij Petreus frå Romania, samt vår eigen multikulturelle kunstnar Gabriel Fliflet.


(Vidar Skrede / MP3)

For øvrig vert det handverk, iskunst, utstillingar og kappleik under festivalen som finn stad 11.-15. februar.

Fullstendig program finn du her.
 

Relaterte personer:

Gabriel Fliflet, Trekkspiller

Vidar S. B. Skrede, Nordic Folk Music

Relaterte artikler:

05.06.2002 - Folkemusikkarven kun for festtaler?

20.09.2002 Nordlandenes musikk

24.06.2005 Mer politikk, mindre kultur?

14.09.2007 Folkemusikken i Kulturdepartementet

25.08.2005 Stort folkemøte om kultur i valgkampen

21.06.2007 Folkemusikken ser ut

31.01.2003 Norsk folkemusikk- den nye eksportartikkelen til USA

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no