MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



"Veslefrikk” i verda

Publisert: 05/04/2009 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2009043016145084812542

Som det norske bidraget i en internasjonal operakonkurranse vert den nye norske operaen "Veslefrikk" overført på TV til 39 land.- Vi har hele tiden vært opptatt av å presentere moderne norsk opera, ikke bare i Norge men også i utlandet. seier konstituert operasjef i Den Nye Opera, Stein Olav Henrichsen.

Knut Vaage 09/Foto: Morten Krogvold (350x348)

Av Ida Habbestad
Foto: Morten Krogvold

Den omfattande presentasjonen av ”Veslefrikk” er resultatet av eit breidt internasjonalt
samarbeid.

Saman med fire andre operainstitusjonar i New York, Berlin, Gdansks og Budapest, er Den Nye Opera vertskap for ein konkurranse for operasongarar.

Denne kulminerer i ein finalerunde under Szeged Open Air Festival i Ungarn. Då er finalist-songarane fordelte i roller i fem fulle operaproduksjonar – ein frå kvart av vertskapslanda. Samtlege produksjonar vert fjernsynsoverførte, via den klassiske, franske kanalen Mezzo TV.

Det norske bidraget til festivalen er familieoperaen ”Veslefrikk”.

- Vi mente at ”Veslefrikk” ville passe utmerket som vårt bidrag. Vi har hele tiden vært opptatt av å presentere moderne norsk opera, ikke bare i Norge men også i utlandet. seier konstituert operasjef Stein Olav Henrichsen.

- Både det at forestillingen er en opera for familien – og at den skiller seg fra det store, tradisjonelle operarepertoaret har vært viktig i vurderingen. Dessuten kan tematikken i ”Veslefrikk” være utgangspunkt for en drøfting av migrasjonsproblematikken. Det passer bra, særlig i internasjonal sammenheng, der det potensielt er sangere fra hele verden som har roller.


Eit draume-perspektiv
Det er komponist Knut Vaage og librettist Torgeir Rebolledo Pedersen som står bak familieoperaen, som eigentleg var skriven til opningssesongen for Den Norske Opera & Ballett. At den framfor å bli presentert på nasjonaloperaen no vert distribuert på tv-kanalen Mezzo er eit solid plaster på såret, meiner komponisten.

- Eg har vel strengt tatt ikkje gjort noko som helst for at dette skulle gå til, seier ein nøgd Vaage.


- Men eg er sjølvsagt glad for at verket kjem opp og fram.

Utgangspunktet for stykket er det norske eventyret ”Veslefrikk med fela”. Fattig-guten som gjer teneste hjå lensmannen, vert kasta på dør. Med tre shilling, som han gjev vekk til endå fattigare folk, får han i bytte ei fele. Den får alle til å dansa, med eit ikkje like lukkeleg utfall for alle.

Men i "Veslefrikk" er denne beretninga berre eit startpunkt, fortel Vaage.

- Eventyret er jo eigentleg nokså destruktivt. Helten, Veslefrikk, ynskjer seg hemn. Men hemnen har aldri vore av det gode for menneska. Difor har me har valt ei anna løysing i operaen. Me ser beretninga meir frå draumaren sitt perspektiv – meir i retning av tanken om at det musiske i mennesket kan ha heilt spesielle krefter. Så har me spunne vidare kring temaet, og berører barnearbeid, dop, rus og flyktningepolitikk.


Konkurranse òg om produksjonen
- Det å få en utenlandsk toppregissør til å jobbe med et norsk operaverk, mener vi er et flott bidrag til norsk kunst, seier Henrichsen, om grunngjevnaden for valet av regissøren,Róbert Alföldi, som er direktør for Nasjonalteatret i Budapest.

Om han gjer resultatet overtydande, kan også produksjonen vinna fram – i nok ein konkurranse. Den trer i kraft når framsyninga vert overført to gonger via Mezzo TV, der sjåarane avgjer kva framsyning som er den beste.

Sidan vil verket bli framført på Ungarsk fjernsyn før heile produksjonen vert distribuert på DVD. Men aller først kan ein sjå framsyninga i Bergen, som har planlagt urframføring til hausten.

For meir informasjon, sjå nyop.no. Mezzo TV vil òg laga eit timelangt portrettprogram om produksjonen av "Veslefrikk" og Den Nye Opera.
 

Relaterte bedrifter:

Den Nye Opera (Utøverinstitusjoner\Opera)

Relaterte personer:

Knut Vaage, Komponist, Pianist

Stein Henrichsen, Daglig leder

Relaterte artikler:

13.02.2009 Uendelege nyansar av grått

11.02.2009 Bergen: Operamiljøene samarbeider

31.10.2008 Klart for høstens store operaforestilling i Bergen

24.04.2009 Navigasjon i lyd og rom

04.12.2006 SSO urframfører Knut Vaage

30.03.2006 Nokon kjem til å komme

06.10.2005 "Hokkaidos hagar" - Einar Røttingen spiller Knut Vaage i Bergen

05.08.2003 Vaage, Knut

11.06.2010 Internasjonalt i Bergen

08.12.2009 Fra konstituert til fast sjef

29.06.2009 "Eugene Onegin" i Bergen

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no