MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Konkurrerer for musikalske opplevingar

Publisert: 10/01/2009 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2009100115284777307392

- Konkurransene gjev korsongarane lyst til å øva og yta meir, seier dirigent Anne Karin Sundal-Ask til Ballade. Denne hausten deltek kora hennar i opptil fleire konkurranser, og har så langt gjort det godt.

Anne Karin Sundal, 2005 (Foto: Blunderbuss) (250x354)

Av Ida Habbestad

For ein knapp månad sidan vann Kammerkoret NOVA første pris i klassene for sakral og profan musikk under Grieg Internasjonale Korfestival i Bergen. Denne månaden gjer dei seg klare til å representera Noreg under finalen i Let The Peoples Sing.

Sistnemnte er den europeiske kringkastingsunionens sin konkurranse for amatørkor, som i år er lagt til Oslo i NRK sin regi.

18. oktober møtest ni finalistar (meir om desse hjå NRK.no) til konsert og kåring i Store Studio. Finalen vert direkte overført samtlege land i kringkastingsunionen.

Alt før den tid varmer NOVA opp med konsert i Kanonhallen. 7. oktober syng dei saman med Det Norske Jentekor, som dagen derpå reiser for å delta ved Landskonkurransen for kor i Trondheim.

Anne Karin Sundal-Ask er dirigent for begge kora, og meiner dei mange tevlingane utløyser ein god energi.

- Konkurransene gjev korsongarane lyst til å øva og yta meir. Ein får ut betre musikk heilt enkelt, seier ho til Ballade på spørsmål om den hyppige konkurreringa.

Sundal-Ask bedyrer at målet ikkje først og fremst er å gå heilt til topps, men å laga fin musikk. Og denne er ofte meir oppnåeleg gjennom konkurranseverksemd enn gjennom normal konsertering, hevdar ho.

- Eg har opplevd gong på gong med kora at me har ei felles energi; at der oppstår større musikkopplevingar under konkurransene enn ved konsertar. Der er sjølvsagt gode opplevingar under konsertane òg. Men eg trur nok at konkurranseinstinktet spelar ei rolle.


Ulike ideal
Det norske jentekor er ei sjølvstendig vidareføring av NRK sitt jentekor som i dag består av fire kor med songarar frå 6-20 år. Jentekoret vart oppretta i 1947, medan Kammerkoret NOVA vart oppretta i 2001 og kom til på Sundal-Ask sitt eige initiativ.

Let the Peoples Sing er mellom fleire internasjonale konkurranser koret har delteke i. Kva betyr det for NOVA å delta i nettopp denne konkurransen?

- Det er ein kjempefin konkurranse, og det er veldig kjekt å vera Norge sin representant. Det er fine kor som er med, og eg ser ikkje minst fram til konserten dagen før – då alle kora skal synga i Frogner kirke under Care sin innsamlingsaksjon, seier Sundal-Ask.

Sist konkurransen vart arrangert – i 2007 – var det norske Schola Cantorum, leia av Tone Bianca Dahl, som gjekk av med seieren.

Det er gode tider for norske kor?

- Eg veit ikkje om eg kan kommentera om dei norske kora er betre enn kor frå andre land. Men me har jo eit godt rykte, seier Sundal-Ask.

Ho peikar på at der – uavhengig av kva ein opplever som kvalitativt godt – er nokså store skilnader i måten kora syng på og at der, avhengig av kvar ein kjem frå er ulike musikalske ideal som vert vektlagt. Slik kan det vera enkelt å høyra forskjell på kor frå nordiske land og kor frå lenger sør i Europa, trur dirigenten.

- Det er særleg klangleg sett ein finn skilnader. Nordiske kor nyttar gjerne mindre vibrato, har ein slankare klang, og ikkje den store, meir buldrande fylda me finn sørover. Så er det også lysare vokaler i Norden, seier Sundal-Ask.

Målet hennar, òg for kommande konkurranser, er uansett ikkje berre å vinna.

- Motivasjonen er at det skal bli fin musikk. Eg er sjølvsagt glad om me vinn, men er aller mest glad om me har ei god kjensle og syng optimalt, seier Sundal-Ask.



 

Relaterte bedrifter:

Kammerkoret NOVA (Utøverinstitusjoner\Kor)

NRK - Norsk Rikskringkasting (Media\Radio\Riksdekkende; Offentlige institusjoner)

Det Norske Jentekor (Utøverinstitusjoner\Kor)

Relaterte personer:

Anne Karin Sundal, Dirigent

Relaterte artikler:

20.01.2009 NOVA til Let the Peoples Sing

17.10.2007 Schola Cantorum til topps

31.08.2007 Schola Cantorum tatt ut til Let The Peoples Sing

01.11.2005 Schola Cantorum gjorde rent bord i Spania

27.07.2007 Det Norske Jentekor urfremfører Ratkje-stykke i Japan

31.05.2005 Anne Karin Sundal overtar Det Norske Jentekor

06.05.2005 Det Norske Jentekor operadebuterer i Montpellier

10.05.2010 Kulturrådet: Pliktig grunngjevnad?

20.10.2009 NOVA til topps

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no