MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
Foto: Steve J. Sherman



Avlyst turné

Publisert: 05/04/2010 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2010050413595644349279

Bergen Filharmoniske Orkester skulle denne helga ha gjennomført to konsertar i Nord-Italia, men held fram finanskrisa som årsak til at turneen er avlyst.


I desember fekk Bergen Filharmoniske Orkester beskjed om at Festival Pianistico Internazionale de Brescia et Bergamo ikkje lenger hadde økonomi til å la orkestret delta på festivalen deira.

Orkester hadde opphavleg to konsertar under festivalen, som skulle vore avvikla i Bergamo og Brescia førstkomande søndag og måndag.

- Eg reknar med at festivalen har mista ein eller fleire av sponsorane sine på grunn av finanskrisa, og at det difor vart umogleg for dei å gjennomføra heile programmet, seier informasjonssjef i BFO, Henning Målsnes til Ballade.

På programmet sto musikk av Wagner og Nielsen, samt Griegs klaverkonsert i a-moll med Håvard Gimse som solist. Konserten vart gjennomført i Bergen førre torsdag, medan orkestret denne helga turnerer i Sogn og Fjordane i staden for i Lombardia-regionen.

Vil det vera aktuelt for dykk å halda kontakt med festivalen i Italia?

- Vi kjem heilt sikkert til å kontakta festivalen også i framtida. Orkestret har vore der tidlegare, for mange år sidan, og vi meiner absolutt det er ein interessant festival å vera på, seier Målsnes.

Som legg til at dette heldigvis ikkje var den einaste turneen for orkestret denne sesongen.

- Rett før påske gjennomførte vi ein turné til England og Sverige. Den vart vellukka, og våren 2011 kjem nok ein omfattande turné. Då held vi i alt 11 konsertar, mellom anna i Göteborg, Berlin, Wien og München, seier Målsnes.
 

Relaterte bedrifter:

Bergen Filharmoniske Orkester (Utøverinstitusjoner\Orkestre)

Relaterte artikler:

18.12.2009 Feilaktig orkester-problemstilling?

03.08.2009 Virtuos og utådvend jubilant

21.04.2009 Shhoctavoski i brennpunktet

14.04.2009 Open for mange estetikkar

01.04.2009 Kabinett av kuriositetar

09.12.2008 Truls Mørk og Juanjo Mena gjester BFO

16.06.2008 Ny gjestedirigent i BFO

04.06.2008 BFO og Litton fornyer avtale

17.06.2010 Bernt Bauge til BFO

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no