MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
Jørgen Karlstrøm
Foto: Andreas Ulvo



Typisk norsk?

Publisert: 10/01/2010 av Sigrun Sæbø Åland

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2010100114023928188143

- "Kjempeviseslåtten" er eit mislukka og normdannande verk, seier komponist Jørgen Karlstrøm. Tysdag skal han og gitarist Knut Schreiner drøfte "den norske smak" på Litteraturhuset.


I den internasjonale verda ryktast nordmenn å vere trauste, stive og inneslutta. Er dette berre ein eldgamal stereotypi, eller finnast det sanning i rykta?

Om ein vender nasa mot musikken, er det mykje som tyder på at den typiske nordmannen er over gjennomsnittet oppteken av trygge og stabile rammer. Dette er i alle høve noko norske komponistar har vorte kritisert for tidlegare. Edvard Grieg vart til dømes kritisert for manglande evne til å skrive verk i stort format. Om ein ser vekk i frå A-moll konserten og eit par andre verk, var Grieg meir oppteken av å skrive små pianostykke, noko som gav han tilnamnet ”Nordens Chopin”. Dette er også eit namn enkelte meiner Grieg sin musikk ikkje lev opp til, grunna mangel på eksperimentering.

Med både tradisjon og kommersialitet teke i betraktning; er det til dømes mogleg å trekke fram fellestrekk i musikksmaken til i underkant av 5 millionar nordmenn? Kva er typisk norsk? Kven og kva er norske publikumarar, komponistar og utøvarar? Dette freistar gitarist Knut Schreiner og komponist Jørgen Karlstrøm å belyse i musikkforum på Litteraturhuset 5. oktober kl 19.00.


Normdannande verk og ”den norsk trudelutten”
Karlstrøm vi særskilt ta opp tema som ”den norske trudelutten”, normdannande men mislukka verk, og omfamninga av det provinsielle. Her fokuserer han på norske komponistar og deira evne til eksperimentering og nyskaping.

- Det er vanskelig å seie definitivt at eit stykke er både mislukka og normdannande, særskilt i det feltet eg er i. Ofte får verk lite merksemd, og vert lite oppført. Om ein likevel ser på kva som vert oppført, så er det jo nokre verk som spelast meir andre, og då må ein rekne med at det har å gjere med smak. Om ein går litt attende i tid, så ser ein til dømes at Kjempeviseslåtten til Harald Sæverud spelast mykje. Dette tykkjer ikkje eg er eit særskilt vellukka verk. Når det er sagt, er det kanskje heller ikkje så mange norske komponistar som let seg inspirere av han i dag, men han dannar likevel eit bakteppe, seier Karlstrøm. - Kva er det med Kjempeviseslåtten du ser på som mislukka?

- Det er fleire ting. Arrangementet til dømes, ber preg av ei bruksmusikalsk tilnærming til orkesteret, altså ei lite raffinert forståing av korleis ein behandlar forskjellege orkestergrupperingar. Kompositorisk er verket kantete, stivt og repetativt. Det er same problem som hjå Grieg, som vert kritisert for å ikkje greie å utvikle ting i store former. ”Den norske trudelutten” er noko som pregar mange norske komponistar. Dette er eit lite motiv eller ein ide ein arrangerar, men ikkje greier å utvikle vidare, eller sette i nye konstellasjonar. Ein gjer ikkje så mykje med materialet bortsett frå å utvikte det dynamisk, og dette er diverre typisk norsk. - Kan norske komponistar seiast å vere romantiske eller konservative i arbeidet sitt?

- Det er i alle høver særs få norske samtidskomponistar utan ein romantisk tendens. Særs mange grip til verkemiddel som er dramatiske, sentimentale eller nasjonalromantiske. Kanskje det handlar om lokalt engasjement, men om ein snur flisa kan ein like gjerne hevde at det kjem frå provinsielle haldningar. Det handlar nok også om at det er få utdanningsinstitusjonar i Noreg, og at alle studerer under dei same lærarane. Dette fører til eit homogent påverkingsfelt. I Tyskland til dømes, er situasjonen annleis. Der er det eit konservatorie i kvar by.


Her spiller HMK Garden "Kjempeviseslåtten" i Oslo Konserthus:



Norsk smak?
Om Jørgen Karlstrøm tek seg av den kunstmusikalske delen av diskusjonen på Litteraturhuset, vil Knut Schreiner ta seg av den rytmiske. Schreiner har ei mangeårig karriere bak seg som gitarist i til dømes Kåre and the Cavemen, Euroboys og Turboneger. Med rockekulturen kjem også fankulturen, og få norske band kan vel seiast å ha hatt ein så markant fanklubb som ”Turbojugend”. Dette tek oss attende til den norske smaken, om ein i det heile kan hevde at noko sånt finnast.


Kosen skal med
Noko som imidlertid er sikkert, er at dei aller fleste av oss har eit personleg forhold til musikk, eit forhold vi ikkje er redde for å utdjupe. Om ein ser vekk i frå politikk og religion, er det faktisk få tema som kan starte like oppheita diskusjonar som musikk. Musikkpraten er sjølvsagt sterkt prega av subjektive vurderingar, men dette hindrar oss ikkje i å dra fram kraftuttrykk for å beskrive kor bra eller dårleg vi tykkjer noko er. På sporet av den norske smaken, vil Schreiner også belyse tema som ”den norske kosen”, distriktspolitikk, og elite og folkelighet. Heng denne folkelige tendensen saman med det Karlstrøm omtalar som provinsielle haldningar?


Lyden av norsk musikk
Om ein skal komme på sporet av den norske smaken, må ein også komme på sporet av den norske sounden. Gjennom historia finnast det fleire døme på lyd som har blitt omtala som ”typisk norsk”. Av desse kan ein vise til eit breitt utval sjangrar, frå dei gamle slåttetradisjonane, til Edvard Grieg og nasjonalromantikken, eller til plateselskapet ECM som sette den kjølige, norske jazzen på verdskartet. Likevel verkar det noko generaliserande å trekkje all norsk musikk under same kam. Dette er Jørgen Karlstrøm einig i, men han hevdar også at norsk musikk er prega av gjensidig påverknad.

- Det er nok ikkje eintydig mulig å beskrive lyden av norsk musikk i dag. Feltet er så samansett og fragmentert, og ting er ikkje direkte samanliknbare. Folk kjem frå vidt forskjellege bakgrunnar, med forskjellege tradisjonar. Miljøet er likevel lite, så ein blir jo påverka av kvarandre. Det finnast nok fellestrekk, men det er vanskeleg å finne ei eintydig beskriving.

Musikkforum er Norsk Komponistforening og NOPAs felles faglige forum. Arrangementet begynner kl. 19, og det er gratis adgang.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Komponistforening (Foreninger; Profesjonelle organisasjoner\Komponister)

NOPA - Norsk forening for, komponister og tekstforfattere (Foreninger; Profesjonelle organisasjoner\Komponister)

Relaterte personer:

Jørgen Karlstrøm, Komponist

Relaterte artikler:

22.10.2010 Illusorisk sansning og musikk

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no