MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Illusorisk sansning og musikk

Publisert: 10/22/2010 av Sigrun Sæbø Åland

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2010102213505854066834

Er du ein av tusen som kan smake eller sjå tonar? Måndag er det atter ein gong duka for musikkforum på Litteraturhuset. Denne gongen er temaet synestesi.


I psykologien er synestesi nemninga på ei blanding av ulike typar sansingar. I praksis vil dette seie at enkelte menneskjer kan smake berøringar, sjå lydar eller høyre fargar. Utruleg? Det er faktisk heilt sant.


Grensa mellom assosiasjon og synestesi
Nokre forskarar trur synestesi kjem av ei litt uvanleg krysskopling i hjernen, og er ein tilleggseffekt av kreativ tenking. Det vert også hevda at denne evna har hatt mykje å bety for utviklinga av språket. Sjølv om synestesi er ein nevrologisk tilstand, er det også interessant frå eit musikalsk perspektiv. Ein kan jo til dømes lure på korleis synestesien har påverka det musikalske virket til storleikar som Duke Ellington, Olivier Messiaen eller Stevie Wonder.

- Eg trur det er vanleg for folk som skriv musikk, å få assosiasjonar eller mentale bilete medan dei komponerer. Eg håpar folk vil dele erfaringar slik at vi saman kan utforske grensa mellom assosiasjon og illusorisk sansing, seier Torgny Amdam som er ein av produsentane bak musikkforum.


Eit utbredt fenomen
Bruno Laeng er professor i kognitiv-nevropsykologi ved Universitetet i Oslo. Han forskar mellom anna på synestesi, persepsjon og emosjonar i andlet og musikk. Det er Laeng som skal halde måndagens foredrag, som har fått tittelen ”Synestesi: Illusorisk sansning og musikk”. Laeng kan fortelje at det finnast fleire synestetikarar enn fyrst antatt.

- På ein måte er synestesi eit utbredt fenomen. Det er fleire synestetikarar der ute enn kva ein fyrst trudde, men det er framleis uklart kor mange. Om ein skal tru statistikken, er om lag ein av tusen synestetikar. Det er også kartlagt fleire kvinner med synestesi enn menn.


Synestesi og komposisjon
Eit av spørsmåla Laeng skal freiste å svare på i foredraget sitt, er kva innflytelse synestesi kan ha på skapinga og erfaringa av musikk. Han fortel at synestesi slett ikkje er uvanleg blant musikarar, eller kunstnarar generelt.

- For det fyrste veit vi at mange komponistar har synestesi, både store historiske namn, og kontemporære komponistar. Det er nok litt varierande korleis dette verkar på den einskilde, men mange rapporterar at dei nyttar synestesien aktivt i komposisjonssamanheng. Olivier Messiaen til dømes, har skrive mykje om tema. Han freista å finne harmoniar ikkje berre i lyd, men også i fargar. Han nytta også ulikt skalamateriale på grunnlag av korleis skalaene ”såg ut”. Dette gjev ei unik forståing av korleis denne komponisten arbeidde, og kva verkemiddel han nytta. Når det kjem til musikkoppleving og synestesi, tykkjer dei fleste det er behageleg. Ikkje alle vil kunne forstå ein synestetikar si skildring av musikk, men opplevinga genererer oftast glede. Men det var ein synestetikar som meldte om smaksopplevingar i musikk. Dette gav utslag i intervallar. Døme på dette var at vedkommande smakte atonale intervall som bitre, eller nokre gongar motbydelege.


Medfødt
Lista av komponistar og musikarar med synestesi er lang. I tillegg til dei som allereie er nemnde, kan ein leggje til namn som Ludvig van Beethoven, Jean Sibelius og Jimi Hendrix. Med Laeng si forteljing om Messiaen i bakhovudet, kan nok synestesi verke forlokkande på kreative sjeler. Men er dette eigentleg noko ein kan trene opp?

- Eg trur diverre synestesi er medfødt, men alle har nok litt av det i seg. Om ein ikkje til dømes blanda noko synestesi med fornuft, hadde det vore vanskeleg å forstå metaforar, seier Laeng.


Musikkforum er Norsk komponistforening og NOPA sitt felles faglege forum med målsetjing om å skape større medvit og engasjement kring tekst og komposisjon.
Tid og stad: Litteraturhuset måndag 25. oktober kl. 19.00, gratis og ope for alle.
 

Relaterte bedrifter:

NOPA - Norsk forening for, komponister og tekstforfattere (Foreninger; Profesjonelle organisasjoner\Komponister)

Norsk Komponistforening (Foreninger; Profesjonelle organisasjoner\Komponister)

Relaterte artikler:

01.10.2010 Typisk norsk?

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no