MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
Ragnar Bjerkreim
Foto: Morten Brakestad



- Kunstnarar må sikrast vederlag

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2010102709395638801098

INNLEGG: At ny kultur skal oppstå ved Elektronisk Forpost Norges frie modell, har eg ingen tru på, skriver Ragnar Bjerkreim, styreleiar i NOPA og medlem i arbeidsutvalet i Dele, ikke stjele


Thomas Gramstad i EFN - Elektronisk Forpost Norge fyrer nok ein gong laus mot opphavsretten, denne gongen i ballade.no. Han kjem med heftige karateristikar mot notatet Dele, ikke stjele-aksjonen (DIS) har sendt til kulturdepartementet. Som medlem i arbeidsutvalet i DIS mister eg mest munn og mæle av hans argumentasjon og påstander.

Arbeidsutvalet i DIS har på vegne av 37 opphavsrettsorganisasjonar levert eit 11 siders dokument til kulturdepartementet i samband med revisjonen av åndsverkslova. Notatet er forma og utarbeida av ekspertar på opphavsrett og internasjonale konvensjonar. Dokumentet er etter vår meining både fagleg og sakleg, og balanserar omsynet til personvern, rettstryggleik og informasjonsfridom. At 37 organisasjonar står bak ein slik oppmoding til styresmaktene er unikt i europeisk samanhang.


Vil sjølvsagt ikkje ha politistat
Vi har aldri hatt som intensjon å halda notatet hemmeleg, slik Gramstad hevdar. Snarare tvert imot. Det er sendt til alle 37 medlemsorganisasjonane i DIS. Vi planla å overlevera notatet til kulturministeren personleg med presse til stades. Av ulike praktiske grunnar lot det seg ikkje gjera før Elektronisk Forpost Norge sendte ut pressemelding og gjekk til frontalåtak mot dokumentet.

DIS går sjølvsagt ikkje inn for at det skal utviklast politistatlege tilstander på nettet. Vi vil at det skal vera konsekvensar for grove brot på åndsverkslova. Dette er Noreg forplikta til ut frå internasjonale lover og konvensjonar. Vi overlet sjølvsagt til styresmaktene å koma med konkrete forskrift, der rettsstatlege prinsipp er lagt til grunn. Her er ikkje noko nytt i vårt innspel. Alle elementa i dokumentet har regjeringa si eige referansegruppe alt diskutert.

Vårt mål er å verna om, og utvikla, den delen av kulturlivet som har nettformat.


Må sikrast vederlag
Kunstnarar og kulturprodusentar må sikrast vederlag innafor det digitale området slik at ny kultur kan oppstå. At ny kultur skal oppstå ved Gramstads frie nettmodell har eg inga tru på. Vi vil vel ikkje ha eit land der staten betaler og kompenserar for all kultur på nettet? Kor blir det av den frie rett til å ytra seg i eit slikt regime ?

Som komponist og tillitsvald innafor musikkfeltet vil eg til slutt peika på ein del av den digitale kulturøkonomien. Spotify, Wimp og Itunes er gode og brukarvenlege tenester. Den norske musikkdatabasen phonofile leverer tjenester i verdsklasse. Skal desse få etablert seg og utvikla seg må ulovleg aktivitet på området stengjast. Skal film og litteraturbransjen utvikla sine digitale distribusjonsystem må ulovleg distribusjon stoppast.

Vårt innspel til kulturdepartementet er ei oppmoding til vern og utvikling av norsk kulturliv.

Red anm: Notatet fra DIS blir også gjenstand for debatt i morgen, da Dagbladets Jan Omdahl og generalsekretær i norsk journalistlag, Jahn-Arne Olsen, møtes for å diskutere opphavsrett og personvern.
 

Relaterte bedrifter:

EFN - Elektronisk Forpost Norge (Bibliotek/arkiv\Organisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter; Kurs; Foreninger)

NOPA - Norsk forening for, komponister og tekstforfattere (Foreninger; Profesjonelle organisasjoner\Komponister)

Relaterte personer:

Ragnar Bjerkreim, Styreleder

Thomas Gramstad, Leder

Relaterte artikler:

26.10.2010 Digital kulturøkonomi eller politistat - et vanskelig valg?

19.10.2010 Hemmelig "retthaversk" notat vil amputere person- og rettsvernet

24.08.2011 Frihetskamp for stemme og tone

Relaterte tema:

Fildeling

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no