MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
Foto: inderberg.com



Nye tider ved jazzlinja

Publisert: 08/03/2012 av Olav Opsvik

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2012070914003846844586

John Pål Inderberg har vore ein sentral skikkelse ved jazzlinja på NTNU heilt sidan byrjinga. Sjette august er det over.


På slutten av søttitalet blei jazzlinja i Trondheim starta av Terje Bjørklund, og var i første omgang ei prøveordning. I dag er det ein sentral institusjon i norsk musikkbransje, og har fostra opp svært mange av dei mest betydningsfulle musikarane i landet. John Pål Inderberg har vore med heile vegen.

- Eg har hatt pluss minus 50% stilling i mange år, men sjette august er det 100% slutt, fortel Inderberg. Han ser tilbake på arbeidet ved jazzlinja med glede.


Les også: - Det utdannes for mange jazzmusikere


Beholdt lidenskapen
Saman med Erling Aksdal har Inderberg vore sentral i organiseringa og utforminga av jazzen ved NTNU. Det har vore eit godt samarbeid.

- Det har vore utruleg smertefritt, interessant og alle positive ord du kan finne. Vi har klart å vere medmusikantar og kollegaer, beholdt lidenskapen for musikken og lysta til å
samarbeide. Og det er ikkje sjølvsagt innanfor eit universitetsystem med massevis formalitetar å forholde seg til, forklarar Inderberg.

Erling Aksdal set stor pris på arbeidet Inderberg har gjort. Det har ikkje alltid vore like enkelt å kjempe for ideologien og dei arbeidsmetodane linja forfektar.


- Det er ein slags strukturell motstand mot vår type læringsmodell i tradisjonell opplæring og utdanning. John Pål si standhaftigheit har vore sentral for å tydeleggjere det pedagogiske tankegodset til jazzlinja, fortel Aksdal.

I 2010 mottok Inderberg Lindemanprisen for nettopp dette.


Følg musikkdebatten: Ballade på Twitter


Utvida stab
I tillegg til at Inderberg sluttar til hausten, er der oppretta tre nye stillingar som har gått til Eldbjørg Raknes, Eirik Hegdal og Tor Yttredal. Alle tre er tidlegare studentar ved linja, men dei siste åra er det kanskje Raknes og Hegdal som har hatt sterkast tilknytning der, medan Yttredal har vore tilsett ved jazzlinja i Stavanger. Både Aksdal og Inderberg har tru på dei nye tilsette.

- Mange studentar tek med seg verdiane frå studiene vidare i livet, og arbeidet John Pål har gjort vil bli vidareført, meiner Aksdal. Han ser fram til å benytte seg av dei moglegheitene ein større stab vil gi.

- Ensembleverksemda vil bli styrka av dette. Elles vil eg jobbe for å sette kvar enkelt lærar sine kvalitetar i spel, slik at dei kan arbeide med det dei er best på.


Ballade på Facebook


Inn med opent sinn
Sidan Tor Yttredal har vore med å bygge opp jazzlinja i Stavanger, har han hatt mykje kontakt med John Pål Inderberg.

- Tor har gode idear om mellom anna samarbeid mellom dei ulike institusjonane og det å tenke nasjonalt, og om kva slags type entrepenørskap det skal byggast opp til, fortel Inderberg.

- Det var nettopp derfor vi ville ha nokon i ei litt større stilling, for å kunne tenke litt heilskapleg, held han fram.


Sjølv går Yttredal inn med eit opent sin. Samtidig er han oppteken av kontinuitet, og meiner der ligg eit ansvar i å halde på den metodikken Inderberg har stått for.

-
Det er forferdeleg trist at John Pål sluttar. Men den læreprosessen som han har vore ein av eksponentane for har slått rot i jazzutdanning generelt rundt omkring, trur eg, og det er klart at den metoden vil bli lagt vekt på, fortel Yttredal.

- Men slike læreprosessar er veldig individuelle og ein må gjere det på sin måte. Når det er slik kan enkeltpersonar få alt for stor betydning, men då er det godt at vi er mange som arbeider slik.

 

Relaterte bedrifter:

NTNU, Institutt for musikk (Musikkutdanning\Høyere utdanningsinstitusjoner)

Relaterte personer:

John Pål Inderberg, Saksofonist, Arrangør, Komponist

Erling Aksdal, Universitetslektor

Eldbjørg Raknes, Frilanssanger, Komponist, Pedagog

Eirik Hegdal, Musiker, Komponist

Relaterte artikler:

06.07.2012 Salmetonar i fri harmoni

20.06.2012 Fusjon i lotusstilling

14.05.2012 ''Glokal'' jazz og norsk arroganse

29.03.2012 - For mange jazzmusikere

26.01.2012 Nyskaping, 50 år senere

19.12.2012 Improvisasjonskampen

03.08.2012 Punk i Horten

03.08.2012 Lydnysgjerrighet

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no