MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
Duoen Albatrosh er bland dei som har fått fleire prisar i Molde.
Foto: Lasse Berre / RIkskonsertene



Jazzprisfestivalen i Molde

Publisert: 07/19/2012 av Olav Opsvik

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2012071814282518462348

Under Moldejazzen blir tre betydningsfulle prisar delt ut til lovande jazzmusikarar. Fleire tidlegare vinnarar kjem tilbake og får prisar ein gong til.


Mellom tysdagen og onsdagen under jazzfestivalen i Molde vert vinnarene av konkurransen Jazzintro 2012, talentprisen Jazztalent 2012 og stipendet JazZtipendiat kåra. Årets vinnarar er henholdsvis gruppa Mopti, Anja Eline Skybakmoen og duoen Albatrosh, som også tok heim Jazzintro-sigeren 2008 førre gang dei var i Molde.


Gjer dei beste enda betre
Albatrosh er ikkje åleine om å ta i mot fleire av desse prisane. Eit anna døme er vokalist Ingrid Lode, som bleir årets JazzTalent 2005, som også fekk utdelt JazZtipendiatet i 2007 med Kobert, som er eit av hennar hovudprosjekt.

Festivalsjef i Molde, Jan Ole Otnæs, ser positivt på denne tendensen.

 - Det å ha ein progresjon og moglegheit til å utvikle seg er kjempeviktig. Det er ikkje slik som enkelte seier, at ein ikkje må gi dei samme folka moglegheita fleire gangar. Det er nettopp det vi må gjere! Vi skal bygge opp folk over tid, og la dei beste bli enda betre, forklarar festivalsjefen.



Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook



Aktivitet avlar meir aktivitet
Årets JazZtipendiatar Eyolf Dale og André Roligheten i Albatrosh får eit stipend på 250 000 kroner frå SpareBank1 og anledninga til å skape ein ny produksjon saman med ei sjølvvalt utgåve av Trondheim Jazzorkester, der MidtNorsk Jazzsenter og og Moldejazz også legger inn betydelege ressursar. Pianist Eyolf Dale ser også effekten Jazzintro-sigeren har hatt.

 - Jazzintro-sigeren gav oss ei forandring over natta. Vi blei ein del av eit større apparat, og alle dei drømmane vi hadde hatt kunne setjast ut i live i løpet av veldig kort tid. Frå å ha vore eit gutteromsband kunne vi endeleg få det ut.

Dale meiner det ikkje nødvendigvis er Jazzintro-sigeren i seg sjølv som har ført fram til stipendiatutdelinga i dag, men at det likevel er naturleg at det blir slik fordi høg aktivitet avlar meir aktivitet.

 - Mykje aktivitet avlar meir aktivitet, forklarar han.


Les også: Countryfestival fikk for liten tid


Plateinnspelingar
Både Jazztalent Anja Eline Skybakmoen og Jazzintro-vinnarar Mopti vil bruke midla dei tek i mot til å gjere studioarbeid.

- Dette gir meg moglegheita til å få realisert eit stort prosjekt, nemleg ei plate i eige namn. No kan eg senke skuldrane og få fokusert ordentlig på det, fortel Skybakmoen.

Jazztalent-prisen ho tek i mot vert også delt ut av Sparebank 1 Midt-Norge og er på 50 000 kroner.

Gutane i Mopti har vore i studio tidlegare utan å bli heilt nøgde med resultatet. No kan dei få retta opp i dette.

- Det er på høg tid at vi får dokumentert det vi jobbar med, så plate blir det absolutt, seier bassist Christian Meaas Svendsen.


Gjengangarar
Meaas Svendsen deltok med heile tre band i Jazzintro-finala, og fleire andre av musikarane i årets konkurranse var også medverkande i fleire prosjekt.

- Det er litt synd for konkurransen sin del, men samtidig er det sjølvsagt veldig heldig for dei av oss som blir eksponert fleire gangar. Vidare er det heldig for dei ulike banda. Viss ein deltakar blir meir eksponert, så drypper det kanskje litt ned på bandet, forklarar han.


Siste nytt fra musikk-Norge rett i innboksen: Ballades nyhetsbrev


Ønskedrøm frå Bugge Wesseltoft
I forkant av starten på årets Jazzintro-turnering i mars fortalte Bugge Wesseltoft til Ballade at den viktigaste effekten Jazzintro gir er fokus på eit einskild prosjekt, og at ein må satse på eit band for å lukkast.

- Det er jo drømmetenking frå Bugge Wesseltoft, det må eg seie, meiner saksofonist Harald Lassen.

- Altså, det er i alle fall svært få som kan klare å drive kun eit prosjekt. Sidan Esbjörn Svensson Trio er det nesten ingen eg kan komme på, held han fram.

Likevel vedgår dei at dette kan gå utover andre prosjekt dei fem medlemmane har.
 
 - Det blir eit tidsspørsmål. Alle har naturlegvis lyst til å satse på Mopti, og det kjem vi i høgaste grad til å gjere, men samtidig har vil ein også ta vare på dei andre flotte banda ein spelar i, fortel gitarist David Aleksander Sjølie.


Mopti består i tillegg av Kristoffer Eikrem (trompet) og Andreas Wildhagen (trommer). Gjennom jazzintro vil bandet no motta ein større lanseringspakke frå Norsk Jazzforum og Rikskonsertene, i tillegg til eit arbeidsstipend frå Gramo på 150 000 kroner.
 

Relaterte bedrifter:

Molde International Jazz Festival (Festivaler\Juli; Festivaler\Jazz)

Albatrosh (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte begivenheter:

16.07.2012 Moldejazz 2012

Relaterte artikler:

17.07.2012 - Mentor og inspirator

16.07.2012 Balke anno 2012

24.07.2012 Moldejazz med tap

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no