MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Ulike ynskje om samarbeid

Publisert: 09/06/2012 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2012090608114646770428

Oslosentrert og institusjonalisert, men dei andre samtidsfestivalane samarbeider gjerne meir med Ultima.


Med knutepunktstatusen til Ultimafestivalen følgjer ei rekkje kriterium. Eitt av desse er arbeid med koordinering og samarbeid på samtidsmusikkfeltet, noko festivalane har ulike oppfattingar av.

- Når me har arbeidd med fleire leiande komponistar dei siste åra, som Stockhausen, Pierre Henry, Arne Nordheim, Steve Reich og fleire, skulle du tru at ein knutepunktfestival for ny musikk på eitt eller anna punkt ville kontakta oss. Enn så lenge har dei ikkje det, seier Martyn Reed, festivalsjef for Numusic i Stavanger.


Les også: For vide kriterium?


Reed ynskjer seg ein tettare relasjon til Ultima, gjerne i form av samarbeid der ein presenterer Numusic for Ultima-publikummet, og omvendt.

- Det er ei utfordring me ikkje klarer åleine, sidan me er ein uavhengig festival med få ressursar. I tillegg meiner eg Ultima i større grad kunne vurdert å ta rolla som plattform for fleire regionale hendingar og organisasjonar. I augneblikket opplever eg festivalen for oslosentrert og institusjonalisert, seier Reed.


Les også: Knutepunktordningen ikke god nok


Langsiktig utvikling
Også Borealis i Bergen kunne tenkt seg tettare samverknad, men Alwynne Pritchard meiner det har skjedd ei endring med Lars Petter Hagen attende som direktør.

- Eg ville vera overraska om heile miljøet var nøgde med Ultima som knutepunkt slik festivalen har vore dei siste åra. Men dei arbeider med det no. Ultima Academy er ein god start. Ideen med ein arena for konversasjonen om musikk og problemstillingar på området er viktig.

Pritchard åtvarer mot ei for lik dreiing av institusjonane.

- Miljøet er for stort til at ein kan ha tett kontakt med absolutt alle. Og dette er eit felt der det uformelle og eksperimenterande er viktig. Ultima kunne kanskje vore meir samlande, men ikkje for å definera strukturane i feltet for mykje, seier ho.

Likevel, Pritchard ynskjer seg tettare samarbeid med Ultima. Mellom anna kunne ho tenkt seg fleire samtaler om felles bestillingsverk og om høvet for å gje enkelte artistar eit langsiktig perspektiv på arbeidet sitt.

- Det kunne skjedd ved at me gav ein kunstnar høve til å utvikla eit prosjekt over fleire år, festvalane imellom, seier ho.


Følg knutepunktdebatten: Ballade på Facebook


Ikkje noko sakn
Erik Honoré i Punktfestivalen i Kristiansand, som også startar i dag, ser ingen grunn til å kritisera Ultima for manglande samarbeid.

- Me har ikkje hatt mykje samarbeid med Ultima, bortsett frå dette året der me deler kostnader knytt til felles tilreisande. Det opplever eg ikkje negativt. Me samarbeider gjerne med Ultima når felta våre kryssar kvarandre. Oftast vil dette gjelda logistisk, sidan me opplever noko av den same interessa internasjonalt frå bransje, media og kunstnarar — til dels òg publikum, sjølv om me på grunn av geografien ikkje har nokon direkte konkurranse.

Det er ikkje noko sakn, eller krav til Ultima, at dei skal fungera som knutepunkt for Punkt.

- Det er like naturleg at ein jazzfestival skulle gjort det, seier Honoré.
 

Relaterte bedrifter:

Ultima (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\September; Festivaler\Samtidsmusikk)

Numusic Productions (Bookingselskaper; Festivaler\September; Konsert management / Event)

Punkt (Festivaler\August)

Borealis (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Mars; Festivaler\Samtidsmusikk)

Relaterte personer:

Lars Petter Hagen, Direktør

Martyn Reed, Festivalsjef

Alwynne Pritchard, Kunstnerisk Leder

Erik Honoré, Kunstnerisk leder

Relaterte artikler:

05.09.2012 Knutepunktordningen ikke god nok

13.08.2012 - Frihet til å kutte

10.08.2012 Bundet av Kulturdepartementet

08.08.2012 Proft, men hektisk

07.08.2012 Klare kriterier

02.11.2012 Punkt i knipe

13.09.2012 Et komposisjonsstudium

13.09.2012 Ultima uten brodd

12.09.2012 Ut av gettoen

11.09.2012 Lyden av Erik Honoré

10.09.2012 Remix av røynda

07.09.2012 Punkts utvida remix-omgrep

07.09.2012 Strukturert tilfeldighet

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no