Kommentar til artikkelen:


Forbud mot brekkjern?


Navn:*

 
E-post (ikke synlig):*

 
Nettsted:

 
Overskrift:*
 
Kommentaren:*

Enhver står personlig ansvarlig for sine innlegg. Redaksjonen leser ikke innlegg før publisering, men følger debatten løpende. Redaksjonen forbeholder seg retten til å korrekturlese og redigere tekstene, samt å fjerne innlegg vi finner meningsløse og usaklige eller av andre grunner finner upassende. Dette skjer uten forhåndsvarsel, og fullstendig etter skjønnsbaserte vurderinger gjort i redaksjonen.

HTML-kode i kommentarene godtas ikke. Maks. lengde er 2000 tegn. Lengre artikler kan sendes ballade@mic.no


Kommentaren du svarer på:
 
REKK OPP HANDA!
Skrevet 03/18/2009 04:54:53 PM av Karl Seglem

Herleg Knut. Jess jess jess. Eg trur faktisk vi må ned på det nivået. Rute 1. Ein må igjen og igjen begynne i den enden som heiter åndsverksloven og opphavsrett. I dagens samfunn er det få - om nokon, som jobbar gratis utan lønn, utan inntjening. Det er det det heile går ut på (slik vi har stelt det til pr. idag).

Å skapa noko, f.eks. musikk er arbeid. Å gje vekk arbeidet sitt gratis er totalt meiningslaust (iallfall i det samfunnet vi har idag). Fleirtalet av vaksne oppegåande menneske i dagens Norge - inkludert visse politikarar, har på ein eller annen måte fått innprenta eit totalt respektlaust forhold til det å skapa noko, til oss opphavsmenn og kvinner
Det er trist, og ein lang veg å gå - for å snu hårreisande haldninger, som også mange i musikkbransjen har. Dei sagar av greina dei sit på om dei sjølv ikkje gjør eit krafttak for opphavsretten og åndsverksloven.
Og Kjelsberg: I kva retning tenkjer du å endra åndsverksloven? Kom varen ( lydfila) før nokon skapte den? Du skriv: "Vi må finne inntektsmuligheter som ikke baserer seg på dagens versjon av åndsverksloven.
Åndsverkslova lovfestar retten til å eige ting ein har skapt. Og dermed retten til Å TJENA PENGAR på den eigedomsretten, tjena til livets opphald, på linje med andre yrkesgrupper i Norge (verda).
Som skapande kjenner vi faktisk, vonaleg på linje med andre i samfunnet, ei "plikt" til å arbeida, fungere, og gje noko til det samfunnet ein er ein del av. Men då må vi ha betalt for det arbeidet vi gjer, som alle andre i dette samfunnet. Tjena på det vi har skapt, skapar. Sjølv også når vi lyd- og historiefestar musikken vår på CD (så lenge de formatet finst) - og altså produserar lydfiler. Eit format som etter mi meining er ei fullverdig vare som vi må handsama som nettopp det. Lovleg nedlasting fungerer, og har gjort det lenge. Det er vel igrunn det debatten handlar om - også - men ned på bakken med den. Rekk opp handa dei som ikkje tek eller får betalt for å arbeida, og syns det er heilt greitt.


 




Hva skjer i dag:



Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten