Kommentar til artikkelen:


- Dei fleste musikarar vil jo spela


Navn:*

 
E-post (ikke synlig):*

 
Nettsted:

 
Overskrift:*
 
Kommentaren:*

Enhver står personlig ansvarlig for sine innlegg. Redaksjonen leser ikke innlegg før publisering, men følger debatten løpende. Redaksjonen forbeholder seg retten til å korrekturlese og redigere tekstene, samt å fjerne innlegg vi finner meningsløse og usaklige eller av andre grunner finner upassende. Dette skjer uten forhåndsvarsel, og fullstendig etter skjønnsbaserte vurderinger gjort i redaksjonen.

HTML-kode i kommentarene godtas ikke. Maks. lengde er 2000 tegn. Lengre artikler kan sendes ballade@mic.no


Kommentaren du svarer på:
 
Det er stor skilnad
Skrevet 06/05/2011 12:29:10 PM av Vigleik Haga

Eg er den kultursjefen det visest til i artikkelen. Og eg veit at musikarar gjerne vil ut og spele for folk, at det er lov å kontakta dei, og at det går an å få til samarbeid mellom arrangørar i fleire byar. Men: det er stor skilnad på å få eit tilbod om ein ferdig produsert konsert og å produsera den sjøl frå grunnen.


Om Christian Ihle Hadland kjem til Mo i Rana no i oktober har Rikskonsertane først funne fram til han som ein spennande og svært god musikar som det vil vere interessant å presentera for eit publikum ute i distriktene. Dernest har dei teke kontakt med han og funne ut når han har høve til å reisa på turne. Så har dei, reknar eg med, gjort ei avtale med han om honorar, reisemåte, overnatting, repertoar og alt anna han treng å ha avtale om. Avtalane samsvarar med dei standardane som gjeld for musikarar i høve til tariffar, arbeidsmiljølov m.v. Når dette er på plass finn Rikskonsertane lokale arrangørar i det store nettverket sitt som ynskjer å få Hadland til å spela nett hjå dei. Så syr Rikskonsertane ihop ein turne, ei reiserute, som gjer at det vert ein god kombinasjon av å nytte tida og samstundes taka vare på musikaren sine arbeidshøve. Når turneen nærmar seg lagar Rikskonsertane reklamemateriale, plakatar m.v. som dei sender til oss som skal ha konsert. I tillegg lagar dei PR for konserten i media rundt om. Min oppgåve vert å laga lokal reklame, reservera konsertlokalet, taka vel imot Hadland og publikum, og gjera opp økonomisk med Rikskonsertane etter ein fast avtale.

Skulle eg gjort heile produsentjobben, og i tillegg laga ein finansieringsplan, sendt inn søknader om økonomisk støtte og venta på svaret på desse, måtte eg hatt eit eige produsentapparat. Det har ikkje ein travel kultursjef i Mo i Rana. Difor hadde nok ikkje Hadland kome til Mo i Rana om det ikkje var for Rikskonsertane. Det er dei som er vårt produsentapparat. Ein støtteordning er ikkje i nærleiken av å vera same sak.

Venleg helsing

Vigleik Haga


 




Hva skjer i dag:



Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten