Spelet om Heilag Olav

Stiklestad Nasjonale Kultursenter
7650 VERDAL
 

Web: www.stiklestad.no

E-post: stiklestad@snk.no


Telefon: 74 04 42 00

Telefax: 74 04 42 10




Nordens største friluftsteater - "Spelet om Heilag Olav" - er ei dramatisering av det som skjedde på garden Sul dagane før slaget på Stiklestad i året 1030. Stykket er ei blanding av fri dikting og historiske hendingar bygd på Snorre sine kongesoger. "Spelet" er skrive av Olav Gullvåg og har vore synt fram på Stiklestad sidan 1954. Musikken er laga av Paul Okkenhaug. 850 aktørar er med i og omkring oppsettinga, blant desse fleire av dei fremste skodespelarane i landet. "Olsokdagane på Stiklestad" har dei siste åra utvikla seg til ein festival kring "Spelet". I ti heile dagar er det Olsokfeiring med middelaldermarknad, kunstutstilling, konsertar, teaterframsyningar, foredrag, Barnas Speldagar, Olsokjazz, Årets Olsokkunstnar og mykje meir.



Festivaler\Alle
Festivaler\Pr.mnd\Juli

 

MIC Norsk musikkinformasjon · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110 (Solli plass)
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · info@mic.no
Åpent hverdager 9:00 - 15:00