Hordaland Kammerkor

Postboks 395 - Sentrum
5805 BERGEN
 

Web: www.kammerkor.com (offisielle sider)

E-post: tonemeretejansen@hotmail.com


Telefon: 55 28 30 87

Etablert: 01.01.1995



Hordaland Kammerkor er eit blanda kor som vart starta i januar 1995. Det var Hordaland Korforbund som tok initiativet til skipinga, og tanken bak var å gi korsongarar i Hordaland fylke eit ekstra tilbod. Koret har som målsetjing å dekke heile Hordaland, både når det gjeld medlemsrekruttering og val av konsertstader. Fleire kommunar i fylket har såleis hatt koret på vitjing ved ulike høve. Koret si verksemd er basert på 3 - 5 øvingshelger i semesteret. Denne arbeidsforma er naudsynt på grunn av den geografiske spreiinga av medlemmene. Koret har eit allsidig repertoar, der dei fleste tidsepokar og stilartar er representert. Dirigent for Hordaland Kammerkor er Elizabeth Oltedal. Ho er utdanna i musikk og musikkpedagogikk frå Durham og London Universities. Ho har budd i Noreg frå 1984, og har sidan 1991 mellom anna vore dirigent for Førde kammerkor. I 1998 tok ho hovudfagseksamen i korleiing ved Norges Musikkhøgskole. No underviser ho i musikk ved lærarutdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Elizabeth Oltedal har etter kvart opparbeidd seg ry som ein svært dyktig og inspirerande dirigent.


Kontaktperson(er):

Jansen, Tone Merethe Leder, 48 15 31 28 tonemeretejansen@hotmail.com

Oltedal, Elizabeth Dirigent, 91 58 81 73 elizabeth.oltedal@hisf.no

Stewart, Rolf J. Kasserer, 41 68 69 32 rolf.stewart@c2i.net



Utøverinstitusjoner\Ensembler
Utøverinstitusjoner\Kor

 

MIC Norsk musikkinformasjon · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110 (Solli plass)
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · info@mic.no
Åpent hverdager 9:00 - 15:00