Sigrid Moldestad
Folkemusikkartist


Sigrid Moldestad har sin bakgrunn i spelemannsmiljøet i Nordfjord og er fast medlem i gruppene Spindel og Gamaltnymalt. Men det er som soloartist ho har markert seg dei siste åra. Særlig gjennom konsertforestillinga “TAUS” som hadde premiere våren 2007, skrive av Sigrid sjølv og regissert av Tore Nysæther. Den handla om dei uvanlig mange kvinnelige spelemennene frå hennar heimtrakter 150 år tilbake i tid, og den evig aktuelle historia om kampen for-og retten til-å vere seg sjølv. Forestillinga resulterte i glitrande kritikkar, plate og Spellemannsprisen 2007 i klassen for folkemusikk.

Våren 2010 kom plata Sandkorn. Ei plate med fleire eigne songar, nynorske gjendiktiningar av Robert Burns og tekstar av Jakob Sande. Ho samarbeidar fast med Sigbjørn Apeland, Anders Hall, Anders Bitustøyl og Jørgen Sandvik. I tillegg har svenske Mattias Perez og bergenske Stein Urheim vore innom ensemblet både på plate og konsertar.

Folkemusikkutdanning frå Ole Bull Akademiet, Voss
Statens Etablererstipend for yngre folkekunstnere 2001-2002.
Fleire perioder som ansatt i NRK Sogn og Fjordane og NRK P2 Musikkred.
Fulltidsfrilansmusiker siden 2000.

Diskografi:
2010 Sigrid Moldestad "Sandkorn"
2007 Sigrid Moldestad "Taus"
2005 Spindel "Aminje"
2005 Moldesad-Høgemo-Mjølsens "Nygamaltgamaltnymalt å fyy!.."
2001 Liv Merete Kroken & Sigrid Moldestad "Spindel"


E-post: sigmold@online.no


Født: 19.07.1972


LYTT & KJØP - fra musikkonline
 


Flere lenker:

www.myspace.com/sigridmoldestad -

www.solidmusikk.com -

www.myspace.com/spindelfiddles -

www.myspace.com/gamaltnymalt -


Musikere\Hardingfele
Musikere\Fiolin
Musikere\Sang

 

MIC Norsk musikkinformasjon · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110 (Solli plass)
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · info@mic.no
Åpent hverdager 9:00 - 15:00