Øystein Sandbukt

Øystein Sandbukt
Gitarist


Spelar mest på akustisk stålstrenggitar, men spelar el-gitar og bassgitar der det trengs. Øystein har bakgrunn frå rock og blues, men har i dei seinare åra fatta interesse for folkemusikk - noko som har resultert i ein mastergrad i tradisjonskunst, med fordjuping i folkemusikk, frå Høgskulen iTelemark. (Improvisasjon i tradisjon).

Øystein er aktiv i fleire folkemusikkgrupper som "Den Store Norske Gitarkvartett" og "Onkel Folke", og reiser på skulekonsert-turné med folkemusikk-produksjonen "Æppel Pæppel". I tillegg kan han halde solokonsertar, eller akkompagnere solistar i ulike genrar.

Øystein har også komponert mykje musikk, m.a. til to "Ut i Naturen"-program og fleire skulekonsert-produksjonar. Han har også arrangert folkemusikk for kor og spelemannslag.


Web: www.øysteinsandbukt.no


Født: 02.03.1969 (Sunndalsøra)



Flere lenker:

www.myspace.com/sandbukt -


Musikere\Gitar
Komponister
Pedagoger

 

MIC Norsk musikkinformasjon · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110 (Solli plass)
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · info@mic.no
Åpent hverdager 9:00 - 15:00