Asle Fjeldstad

Asle Fjeldstad
Trommeslager


I femteklasse skulle det startast band, og villige foreldre ofra øyrene og deler av stova til fordel for eit trommesett. Bandet blei det aldri noko av, men Asle Fjeldstad fekk undervisning av dei lokale trommeheltane i heimbygda Voss gjennom tenåra og byrja etterkvart på musikklina ved Voss gymnas. Gjennom 90-tallet fekk Asle brei musikalsk erfaring, frå rock og funk i diverse band til å bryna seg på notelesing i det lokale symfoniorkesteret, pluss fast publikumar på Vossajazz-festivalen.
Etter siviltenesta byrja han på Toneheim folkehøgskule og fekk der jazzbasillar og gode kontaktar, som blant anna førte til ein konsert med Silje Karlsen band på Molde jazzfestival sommaren 2005. Diverse tilfeldigheitar førte til at Asle flytta til Stavanger og byrja på universitetet med mellom anna jazzimprovisasjon og arrangering/komponering som fag, og korpsinstruksjon og julebordspeling som inntektskjelde.
Stilmessig har det alltid vore variert, men med ekstra fokus på improvisert musikk, noko som har ført til spelejobb under Maijazz-festivalen med bandet No Ant og turné med den plateaktuelle songar/låtskrivaren Christer Wulff. Hausten 2009 byrja han på bachelor i utøvande jazz på Universitetet i Stavanger, og får moglegheita til å jobba vidare som utøvar, bandmedlem og komponist, og jobber for tida med å skrive låtar til eit eige prosjekt.


Web: www.myspace.com/aslefjeldstad

E-post: aslefjeldstad@gmail.com


Født: 04.08.1984 (Voss)




Musikere\Trommer
Komponister\Jazz

 

MIC Norsk musikkinformasjon · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110 (Solli plass)
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · info@mic.no
Åpent hverdager 9:00 - 15:00