Bjørn Sigurd Glorvigen
Folkesongar


Bjørn Sigurd Glorvigen er folkesongar ifrå Dovre i Gudbrandsdalen, busett i Oslo. Utdanninga si har han frå Universitetet i Oslo (Storfag musikk 2001) og Norges Musikkhøgskole (Bachelor folkesong 2010). For tida studerer han pedagogikk ved NMH (PPU deltid). Karriera starta med visejazz-bandet Østenfor Sol som nytta tekstar på dialekt av dovrediktarane Vegard Vigerust og Ragnar Solberg. Dei gav ut platene «Syng, Dovre» (1998) og «Troillspel» (2001) på plateselskapet Major Studio. Gruppa vart lagt godt merke til og fekk gode kritikkar før den vart lagt ned i 2002. Da hadde bandet gjort mange turnéar, laga bestillingsverk for pilgrimsdagane på Dovrefjell og gjesta både landsdekkjande TV og radio. Seinare har Glorvigen vore med i andre bandprosjekt, slik som til dømes framføring av bestillingsverket «Tango vs. Jazz» på Dølajazz med påfølgjande turné i regi av Oppland fylkes-kommune. Mellom 1998 og 2008 var Glorvigen medlem i Oslo kammerkor. Der hadde han ei sentral rolle i folkemusikkprosjekta til koret. I 2005 representerte koret Noreg ved verdas korsymposium i Kyoto, Japan. Koret gjesta USA i 2007 og 2009 og turnerte i Italia i 2008. Ved alle desse konsertane var Glorvigen solist på folketonar. Sidan 2008 har Glorvigen vore innleidd som solist i samband med konsertar, plateinnspeling og lanseringsturné for prosjektet «Strid». Plata har hausta gode kritikkar og fekk mellom anna terningkast 5 i Aftenposten og beskrivinga "Unbelievably beautiful—what more can I say?" frå nettmagasinet Audiophile Audition. Dei siste åra har Glorvigen jobba med fleir grupper der han sett folkemusikken inn i nye konstellasjonar. I gruppa «TidligFolk» blir folkemusikk og barokkmusikk sett saman. Førestillinga «Kristin Laveransdatter og folkevisene» kom til som ei bestilling ifrå pilegrimsdagane på Dovrefjell i 2010. Her blir folkemusikk sett saman med utdrag frå Sigrid Undset sin store trilogi. Glorvigen sin musikalske identitet er nært knytt til musikken og lyrikken ifrå Dovre. Det har vore viktig for han å lyfte fram lokale diktarar både lokalt og nasjonalt, som til dømes gjennom arbeidet med Østenfor Sol. Likeeins hentar han repertoaret sitt i folkemusikken ifrå Nord-Gudbrandsdalen og særleg Dovre. I løpet av 2011 vil han også gjere eit større innsamlingsarbeid av folkesong i Dovre, støtta av Rådet for Folkemusikk og Folkedans.


Web: www.myspace.com/glorvigen


Født: 1972 (Dovre)




Musikere\Sang

 

MIC Norsk musikkinformasjon · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110 (Solli plass)
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · info@mic.no
Åpent hverdager 9:00 - 15:00