Norsk kulturråd om konferanse med Kulturvern og kulturelt mangfold

Innvandringa av menneske frå ikkje-vestlege samfunn dei siste tiåra utfordrar mange av førestillingane om den norske kulturarven, norske tradisjonar og kva det vil seie å vere norsk. På kva måte skal kulturvernet i Noreg møte utfordringane frå det kulturelle mangfaldet? Korleis vil den kulturelle globaliseringa rokke ved tradisjonelle kategoriar og forståingsformer? Desse sentrale spørsmåla skal diskuterast på ein konferanse Norsk kulturråd arrangerer i Oslo mandag 25. august.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Norsk kulturråd (logo)

Mellom foredragshaldararane finn vi historieprofessor Knut Kjeldstadli frå Universitetet i Oslo og Jette Sandahl, direktør ved Världskulturmuseet i Gøteborg. Forutan foredrag og innlegg er det sett av mykje tid til debatt, melder Norsk kulturråd i ei pressemelding.

Konferansen er skipa i tre bolkar der høvesvis forsking, formidling og forvalting står i fokus. Innleiingsvis blir det kasta lys over erfaringar med kulturelt mangfald i historiefaget, arkeologien, etnologien og folkloristikken. Mot denne bakgrunn vil heilskapsoppfatningar og forståingsformer i kulturarvinstitusjonar og i den sentrale forvaltinga bli diskutert.

Vidare skriv Kulturrådet at heilskapsoppfatningane av den norske historia og det norske samfunn har endra seg over tid. Dei humanistiske vitskapane har spela mange forskjellige roller og forståingsformene har tatt ulike former, alt etter kva som er sett på som viktig i samtida. For generasjonane som grunnla ein eigen historievitskap i Noreg i tiåra etter 1814, var historieforsking og -skriving ei nasjonalt identitetsskapande verksemd. Framveksten av ein eigen norsk kulturvitskap, organiseringa av eit kulturminnevern og tidlege museumsetableringar i Noreg inngår i dette bildet. Ein felleskulturell identitet er òg halden ved like gjennom nasjonsbyggingas siste fase: etableringa av velferdsstaten.

Kulturrådet ser det slik at den internasjonale migrasjon og den kulturelle globalisering som i dag finn stad, kan rokke ved tradisjonelle kategoriar og forståingsformer i Noreg. Særleg innvandringa av menneske frå ikkje-vestlege samfunn dei siste tre tiåra utfordrar mange av førestillingane om den norske kulturarven, norske tradisjonar og kva det vil seie å vere norsk.

Forståinga av "det norske" har utvikla og endra seg i takt med migrasjon, kulturutveksling og den allmenne samfunnsutvikling gjennom heile historia. Slik Kulturrådet ser det, kan det norske samfunn og norsk kultur vanskeleg forståast utan å vise til dei impulsar og prosessar som er verksame i ein pluralistisk kultursituasjon. Den kanskje største utfordringa ligg i å finne relevante heilskapsforståingar av kulturelt mangfald innan geografiske rammer som lokalsamfunn, by, region og nasjon. Denne konferansen tek primært utgangspunkt i utfordringar i eit nasjonalt perspektiv.

Konferansen er skipa i tre bolkar der høvesvis forsking, formidling og forvalting står i fokus. Forutan foredrag og innlegg er det sett av mykje tid til debatt. Innleiingsvis blir det kasta lys over rådande forståingsformer i humanistiske/samfunnsvitskapelege fagområde som er sentrale kunnskapsprodusentar og rekrutteringsdisiplinar for kulturminnevernet og ABM-sektoren. Kva innfallsvinklar til og erfaringar med kulturelt mangfald i Noreg har t.d. historiefaget, arkeologien, etnologien og folkloristikken?

Mot denne bakgrunn vil ein drøfte kva heilskapsoppfatningar og forståingsformer som er rådande i såkalla kulturarvinstitusjonar og i den sentrale forvaltinga. Kva konsekvensar har det kulturelle mangfaldet for formidlinga ved musea, for kulturminnevernets praksis og for ABM-sektorens verksemd? Det er òg av interesse å kaste lys over kva forståing av omgrepa kulturarv, identitet og tradisjon som er rådande i desse sektorane. Det blir vidare lagt vekt på å drøfte kva utfordringar det kulturelle mangfald representerer i høve til framtidige strategiar i arbeidet med vern og formidling av ein samansett og pluralistisk kulturarv i Noreg.

Norsk kulturråd har von om at konferansen vil gje ny innsikt i korleis kulturelt mangfald utfordrar arbeidet med vern og formidling av kulturarven i Noreg.

Konferansen finn stad ved Internasjonalt Kultursenter og Museum, Tøyenbekken 5 på Grønland, mandag 25. august, fra kl. 10.00 - 16.45. Kontaktperson i Norsk kulturråd er Stig J. Kalvatn.

For fullstendig program, sjå www.kulturrad.no/aktuelt og klikk på konferansar.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om politikk & debatt

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten