Åpent spørsmål til Spellemannprisen

Folkemusikk-forkjemper Kjell Bitustøyl er redaktør av Spelemannsbladet, og har vært blant de sterkeste, kritiske stemmene etter årets Spellemann-show. Han klarer ikke helt å svelge Knut Værnes sin påstand om at alle vinnerne i salen kom på direkten på fjernsynet - all den tid Frode Fjellheim i Åpen klasse definitivt var til stede. "Er det rart det blir forvirring, feil og påfylgjande irritasjon når ikkje eingong formannen i Spellemannkomiteen kjenner til disponeringane i programmet?" skriver han i denne replikken.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Frode Fjellheim, Transjoik

Av Kjell Bitustøyl, redaktør av Spelemannsbladet

Spellemannprisen - eit spørsmål

Spellemannkomiteen sin formann Knut Værnes skriv i eit innlegg på ballade.no at grunnen til at nokre sjangrar blei sendt i opptak på fjernsyn i ei redusert utgåve, var avdi vinnarane ikkje kunne vera tilstades i salen og ta imot prisane.

Han skriv vidare at dette ikkje var noko forsøk på å halde smalare sjangrar ute av sendinga. Dette høyrest beroligande ut - heilt til ein oppdagar at noko skurrar.

For på direkte spørsmål frå meg på e-post om kvifor ikkje Frode Fjellheim som var i salen og var vinnar i open klasse, ikkje kom med i den direkte sendinga, får eg til svar frå Knut Værnes at - eg siterer: "Jeg vet ikke hva som var bakgrunnen for akkurat dette."

Er det rart anna det blir forvirring, feil og påfylgjande irritasjon når ikkje eingong formannen i Spellemannkomiteen kjenner til disponeringane i programmet! Eg har difor eit spørsmål til den eller dei der ute som måtte vita det, om det gjeld TV2 eller andre: Kvifor kom ikkje open klasse og vinnaren der med i den direkte sendinga?

Det som er sikkert er at Frode Fjellheim dukka ikkje slik spontant opp på Spellemannprisutdelinga, det kan eg stadfeste, for eg hadde eit avtalt intervju med han i førekant av utdelinga.

Kjell Bitustøyl
redaktør av Spelemannsbladet

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om folkemusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten