MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Aspirantstillingar for år 2002

Publisert: 09/18/2001 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2001091811561545185626

Norsk kulturråd gir tilskot til 18 aspirantstillingar for år 2002. Aspirantordninga skal gi kunstnarar i etableringsfasen høve til å utvikle seg kunstnarisk og etablere seg i det yrket ho eller han har valt. Stillingane er jamnt fordelt på institusjonar innanfor musikk, biletkunst og scenekunst.


I fordelinga av stillingane legg Kulturrådet vekt på kva arbeidsoppgåver aspiranten skal ha i verksemda og den kunstnariske kvaliteten på arbeidet. Dessutan har rådet tatt omsyn til kvalifikasjonane til den aspiranten det er søkt tilskot for, arbeidsmarknaden for den aktuelle kunstarten og geografisk fordeling.

Det er fjerde året det blir gitt tilskot til aspirantstillingar. Ordninga opnar for tilskot i inntil tre år, men også for 2002 blir det berre gitt tilskot for eitt år. Seks aspirantstillingar held fram frå førre utdeling, då dei etter søknad har fått vidareført stillinga eit år til. Desse er merkte med stjerne. Følgjande institusjonar har fått aspirantstilling for år 2002:

Musikk
Midt-Norsk Jazzsenter – Musikar/komponist Erlend Skomsvoll*
NoTAM – Komponist Lars Petter Hagen
Nordnorsk Jazzsenter – Musikar Tore Johansen
SISU – Musikar Bjørn Skansen*
BIT 20 Ensemble – Musikar Edvin Østvik*
Oslo Sinfonietta – Komponist Trond Olav Reinholdtsen*

Biletkunst
Kunstnersenteret i Oppland – Biletkunstnar Anna Østerberg
Norske Kunsthåndverkere – Biletkunstnar/kunsthandverkar Lise Stang Lund
Norsk Billedhoggerforening – Biletkunstnar/fotograf Signe Marie Andersen*
Atelier Nord, Oslo – Biletkunstnar Jadwiga B. Podowska
Bergen senter for elektronisk kunst – Biletkunstnar Ellen Røed
TopFloor,Trondheim – Biletkunstnar Helen Torp Andersen

Scenekunst
Grenland Friteater – Skodespelar
Carte Blanche – Dansarane Allan Lucien Øyen og Guro Nagelhus Schia
Den Norske Opera – Regissør Vegard Vinge
Det Åpne Teater – Dramatikar Gyrid Axe Øvsteng
Hålogaland Teater – Sceneinstruktør Nora Evensen*
 

Relaterte bedrifter:

Norsk kulturråd (Støtteordninger; Offentlige institusjoner)

NOTAM - Norsk Nettverk for Teknologi, Akustikk og Musikk (Kurs; Profesjonelle organisasjoner; Studio\Lyd)

SISU c/o Tomas Nilsson (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

BIT 20 Ensemble (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Oslo Sinfonietta (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte artikler:

Ny tildelingsrunde for lokale musikktiltak

Støtte til osloopera.net

Støtte til Bergen senter for elektronisk kunst

Fri scenekunst - første tildeling 2001

Ensemblestøtten 2001 er fordelt

Norsk kulturråd støtter plateutgivelser

Tilskudd til lokale musikktiltak

EU-støtte til kultur

En million til NoTAM

Kulturrådets turnéstøtte

Støtte til musikkfestivaler og festspill 2001

Norsk kulturråd støtter opera

02.06.2006 NOTAMs sommerskole 2006: Lyd og konsept

20.11.2003 - Aspirantordningen blir ofret

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no