MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Skrekk (190x110)Skrekk og gru i skulane i Vestfold

Publisert: 04/22/2002 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002042213013051998626

Rikskonsertane gjer kvardagen ljosare (eller mørkare) for ungdomen i Vestfold. Frå 6.- 21. mai gjer dei Skrekk med kvedarene Tone Juve og Camilla Granlien saman med spelemannen Åse Teigland. Dei tre kvinnene vil ta utgongspunkt i skillingsvisa og gje ungdomar og born i ålderen seks til tretten år dramatikk og spenning.


Rikskonsertane og Norsk Folkemusikkatalog presenterar denne månaden skulekonsertar med fælsleg innhald . Den aktuelle skulekonsertturné i Vestfold gjer plass for folkemusikktrioen Skrekk. Dei tre utøvarane, kvedarane Tone Juve og Camilla Granlien og spelemannen Åse Teigland har sett saman eit program fullt av dramatikk og spenning. Utgangspunktet er dei gamle skillingsvisene, og desse tekstane vert presentert på ein levande og detaljrik måte akkompagnert av cello (Tone), kontra-bass (Camilla) og hardingfele/fele (Åse).

Skillingsvisene hadde si glanstid på 1800-talet og fungerte nok meir eller mindre slik som dagens tab-loidaviser, dei vart spreidd over store delar av landet og kosta ein skilling stykket. Historiene har ofte eit dramatisk innhald: Dystre sjalusidrap, sørgjelege kjærleikshistorier, gjenferdforteljingar, ran, og skandalar av ymse slag.

Tekstene vert formidla gjennom song, forteljing, drama og musikalske effekter. Konserten vert av omsyn til sarte sjeler krydra med humor og viser av det muntre slaget.

Dette er temaet som, i regi av Rikskonsertene, no vert presentert for elevar i 1-7. klasse i Vestfold-skulene. Turnéen går frå 6. til 30 mai. I alt skal 3700 born i alderen 6-13 år få gleda av å høyre dei fælslege historiene.

Norsk Folkemusikkatalog er eit oppslagsverk på Internet. Organisasjonen vil vere ein ressurs for dei som er interessert i norsk folkemusikk og og - dans, eit oppslagsverk for arrangørar og potensielle oppdragsgjevarar og ei hjelp for profesjonelle artistar og folkemusikkutøvarar til å få fleire oppdrag.

Katalogen vert driven av Norsk Folkemusikkformidling, på initiativ frå Norsk Folkemusikk- og Danselag og i samarbeid med Landslaget for Spelemenn.

Tidligare månadens artistar hjå Norsk Folkemusikkatalog har vore Steinar Ofsdal, Karl Seglem, Vintermåne, Streif, Per Anders Buen Garnås med fleire.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Folkemusikkatalog (Media\Oppslagsverk)

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

Rikskonsertene (Konsert management / Event; Offentlige institusjoner)

Landslaget for Spelemenn (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

Skrekk (Utøverinstitusjoner\Band)

Relaterte artikler:

02.08.2001 Furholt er Månadens artist

06.11.2001 www.folkogdans.no

27.09.2001 Synnøve S. Bjørset er Månadens Artist

01.09.2000 Øyonn Groven Myhren - Månadens Artist hos Norsk Folkemusikkatalog

19.04.2005 OsloFOLK presenterer Skrekk

13.11.2002 Kvinne skal lede spelemennene

23.09.2002 Blåbrune toner fra Paris

19.06.2002 Norsk folkemusikk i Skuret

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no