MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Gjermund og Einar Olav Larsen, 2004 (340x231)Slåttemusikk frå Verdalen

Publisert: 11/26/2004 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2004112612273787925841

Plata "Søttenpassingen" med brørne Einar Olav Larsen og Gjermund Larsen frå Verdalen blei onsdag sleppt med konsert og overraskingar på Fabrikken i Oslo. Det var servering av tradisjonell fingermat frå Verdalen, og alle som kom fekk ein lottokupong utfylt av ein verdaling. Utgjevar er det vesle selskapet ta:lik, som mellom anna har spesialisert seg på å gje ut hsitoriske arkivopptak frå folkemusikkfeltet.


Plateselskapet ta:lik arbeider med å gje ut norsk folkemusikk. Selskapet vart stifta i 1999, og har til no gjeve ut 14 CDar, og laga to musikkvideoar.

- Vi har spesialisert oss på å gje ut dei eineståande arkivopptaka i NRK, Norsk folkemusikksamling, Arne Bjørndal-samling og i andre offentlege og private samlingar, men vi produserer også nyinnspelingar, fortel Frode Rolandsgard på heimesida til selskapet.

- Ta:lik arbeider for å løfte fram dei beste utøvarane innan den tradisjonelle folkemusikken, i eit hovedsakleg tradisjonelt uttrykk, men vi ønskjer å presentere den genuine musikken i ei moderne innramming, med moderne grafikk og nye idear.

Ta:lik omtalar Einar Olav og Gjermund som "to av dei fremste unge folkemusikarane i dag, kjenneteikna ved eit intenst og briljant samspel på fele". "Søttenplassingen" er den første plata der dei spelar saman og solo. Brørne er saman og på kvar sin kant kjende frå grupper og samarbeid med musikarar som Odd Nordstoga, Majorstuen, Frigg og mange fleire. Dei har delteke i Kjempesjansen på NRK, dei har laga bestillingsverk og musikk til teaterframsyningar, og trass i ung alder har dei fått mange utmerkingar for felespelet sitt.

På plata får ein høyre alt fra sære verdalsslåttar til vare visetonar etter Hilmar Alexandersen. CDen inneheld eldre slåttar i gamal Trøndelags-tradisjon, samt ein heil del melodiar etter Hilmar Alexandersen. Plata representerer slik utgangspunkt og basis for Einar Olav og Gjermund. Fleire av slåttane har aldri tidlegare vore presentert på plate, skriv Talik i si pressemelding.

Ta:lik, som har distribusjonsavtale med Musikkoperatørene, drives av Tore Bolstad, Niels J Røine, Anders E. Røine og Frode Rolandsgard. Meir om selskapet kan du finne ved å gå til denne sida.
 

Relaterte bedrifter:

ta:lik (Plateselskap)

Relaterte personer:

, <

Relaterte artikler:

09.09.2002 Unik plateutgjeving

30.01.2004 Folkemusikkkonsert i "Afrika"

13.02.2004 - Ikke for utøvere som har Norge som hovedmarked

14.01.2004 - MEN underslår halve historia

16.11.2004 Forunderlig fabrikk-ferd med Susanne Lundeng

05.11.2004 Nils Økland med lanseringskonsert måndag

19.10.2004 Laget for Folkemusikk inviterer til Oslokappleik

17.09.2004 Melankolsk folkemusikkduo på Fabrikken

14.09.2004 Rusk avslutter Norgesturné på Voss og i Oslo

02.08.2004 Odd Nordstoga fekk Telemarkfestivalen sin folkemusikkpris

30.03.2006 650 000 kroner til tre folkemusikkprosjekter

14.02.2006 - Knut Buen skyt i blinde

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no