MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



NRK og Ta:lik gjer ut unik CD med folkemusikk

Publisert: 04/11/2005 av Cato Strøm

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005041109515470597390

NRK satsar vidare på norsk folkemusikk. No skal meisterspelemannen Odd Bakkerud (1931 - 1989) med hardingfela fram i lyset med plateslepp ein dobbel-CD. - Dette er eit godt eksempel på at også det heilt oppsiktsvekkande er å finne i arkiva våre, seier arkivsjef i NRK, Bjarne Grevsgard. CDane baserer seg på opptak gjort av NRK i perioden 1959-1971, og kjem ut på Ta:lik.

Odd Bakkerud, 1931 - 1989 (Foto: Ta:lik) (340x318)

- Meisterspelemannen Odd Bakkerud frå Nes i Hallingdal dominerte og imponerte på kappleikar frå 1955 og tjue år framover, men lite kom ut på plate.

- Når vi no har inngått eit samarbeid med det unge plateselskapet ta:lik records er det blant anna fordi vi vil presentere ein stor musikar som Bakkerud med dei genuine opptake, men med ein presentasjon og grafisk design som inviterer andre enn det etablerte folkemusikkmiljøet, sier Grevsgard.

Fleire CDar i år
NRK er involvert i ulike samarbeidsprosjekt som fører til CDar med materiale frå folkemusikkarkivet, nokre av dei svært lokale. Men i det samarbeidet som no er etablert med ta.lik er arkiva i NRK i ferd med å legge planer for ei rekkje CDar utover året.

Grevsgard understrekar at det ofte ligg mye arbeid bak å få fram gode opptak.

- I NRK herska heilt fram til 80-talet den merkelige ide at lydband var så dyrt at det måtte brukast om att og om att. Dei originale opptaka var derfor kopiert inn i for eksempel Folkemusikkhalvtimen og deretter sletta. Når vi no har fått henta fram igjen og presenterer ikkje mindre enn 41 opptak med Odd Bakkerud, møter vi ein musikar med ei innleving og ein intensitet som grip tak i alle som ikkje har utstyrt seg med mental hardingfele-sperre.”

Før jul opna NRK ein rein folkemusikkanal på DAB og nettradio, og no lanserer NRK eit samarbeid med plateselskapet ta:lik som skal føre til at meir av det unike materialet som finst i Folkemusikkarkivet kjem ut på CD.

- Eineståande arkivopptak

Plateselskapet ta:lik arbeider med å gje ut norsk folkemusikk. Selskapet vart stifta i 1999, og har til no gjeve ut 14 Cd-ar, og laga to musikkvideoar. Dei har spesialisert seg på å gje ut arkivopptak i NRK, Norsk folkemusikksamling, Arne Bjørndal-samling og i andre offentlege og private samlingar, men produserer også nyinnspelingar.

Ta:lik har ein distribusjonsavtale med Musikkoperatørene, og selskapet er også medlem i FONO.

Plateslepp og konsert for utgjevinga var på Buskerudkappleiken, Nesbyen 8. april.
 

Relaterte bedrifter:

NRK - Norsk Rikskringkasting (Media\Radio\Riksdekkende; Offentlige institusjoner)

ta:lik (Plateselskap)

Relaterte artikler:

09.09.2002 Unik plateutgjeving

14.01.2004 - MEN underslår halve historia

30.01.2004 Folkemusikkkonsert i "Afrika"

13.02.2004 - Ikke for utøvere som har Norge som hovedmarked

02.09.2002 - NRK har eit særleg ansvar

09.12.2004 Ny NRK-kanal: Alltid Folkemusikk

06.01.2005 Musikalsk rasisme eller styrt dumskap?

10.01.2004 Om kveding, ungdomsmusikk og rare regnestykker

27.01.2004 NRK P2: - Kritiske kommentarer tas aldri på alvor

01.02.2007 Musikk- og kulturlivet om NRKs nye sjef

30.03.2006 650 000 kroner til tre folkemusikkprosjekter

20.02.2006 Ingvill Buen Garnås: Når NRK slår ei plate

14.02.2006 - Knut Buen skyt i blinde

22.06.2005 Nita Kapoor: - Også en allmennkringkaster må kunne betale regningene

16.06.2005 Kulturkutt i NRK - ni stillinger forsvinner

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no