MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Dvergmål, 2005 (350x235)Folkemusikkgruppa Dvergmål på turné for Rikskonsertene

Publisert: 04/15/2005 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005041513184842970473

Rikskonsertane samarbeider denne våren med folkemusikkgruppa Dvergmål om ein konsertturné med helgasongar av Elias Blix. Den norske kyrkja har nyleg fått si eiga kulturmelding, og i fylgje denne bør kyrkja etablere eit eige kunstsenter for å styrkje kulturengasjementet. Rikskonsertane ynskjer å vere ein aktiv medspelar i arbeidet med å bruke kyrkjerommet til kulturføremål, og samarbeider blant andre med kyrkjer i Nordland med denne konsertturneen.


Konserten med Dvergmål inneheld eit utval helgasongar av Elias Blix (1836-1902) og fleire av songane priser våren og lyset. Dvergmål byrja alt i 1997 å sysla med tekster av Blix i folketonedrakt. Blix-konserten blei laga til 100-årsmarkeringa for at Blix døydde i 2002 og vart til CDen "Song i himmelsalar" i 2004 utgjeve på Grappa Musikkforlag as.

Dvergmål (eit gamalt ord for ekko) er ei ung folkemusikkgruppe som i 1996 med brask og bram gjekk i studio og spelte inn "Visor og kvæde frå Blåberglandet", og endte med å bli Spelemannpris-nominert. Medlemmene i Dvergmål er: Jon Anders Halvorsen (song, harmonium, frå Lunde i Telemark busett i Oslo), Marit Mattisgard (song, langeleik, frå Valdres), Øyonn Groven Myhren (song, lyre, seljefløyte, frå Oslo), Turid Spildo (song, hardingfele, frå Granvin i Hardanger, busett i Reykjavik).

Elias Blix, fiskarsonen frå Gildeskål i Nordland blei Noregs fyrste store nynorske salmeskald, i tillegg til å vera professor i hebraisk ved Universitetet i Oslo og kyrkjestatsråd ein periode. Songane og salmene til Blix blei fyrst møtt med spott og hån, fordi mange syntes at skaparverket ikkje kunne lovprisast på slikt eit språk. Fyrste gongen ei Blix-salme blei bruka i den norske kyrkja var under joledagsmessa i Lårdal i 1884, og det var eit lovbrot. Men etterkvart blei salmane godkjende til kyrkjebruk, og endå viktigare: særs omtykte blant lek og lærd. Snart slo salmar som "No livnar det i lundar", "Barndomsminne frå Nordland" og "No koma Guds englar" seg fast i songminnet til mang ein nordmann.

Tre av medlemmene i Dvergmål skal også vitja Nordland hausten 2005 i samband med ei folkemusikkoppsetjing av Tryllefløyta. Jon Anders Halvorsen har rolla som Prins Sveinung (Pamino), Øyonn Groven Myhren har rolla som Ung Silja (Tamina) og Marit Mattisgard er terne.


Rikskonsert-turné 2005:

27. april: Alstahaug kirke, Sandnessjøen
28. april: Ytteren kirke, Mo i Rana
29. april: Gildeskål kirke, Inndyr
30. april: Kjerringøy kirke, Kjerringøy
1.mai: Bodø Domkirke
3.mai: Laget Idrettshus, Risør
4.mai: Lyngdal kulturhus, Lyngdal

Turneen er støtta av Fondet for utøvande kunstnarar og Rådet for folkemusikk og folkedans. Interesserte kan lese mer på www.kveding.net, og på www.grappa.no.
 

Relaterte bedrifter:

Rikskonsertene (Konsert management / Event; Offentlige institusjoner)

Grappa Musikkforlag AS (Plateselskap)

Relaterte personer:

Jon Anders Halvorsen, Vokalist

Øyonn Groven Myhren, Folkemusiker, Kveder

Relaterte artikler:

24.03.2004 God europeisk mottagelse for norske nattsanger

02.08.2004 Kalottspel i Målselv satser friskt

17.09.2004 Melankolsk folkemusikkduo på Fabrikken

22.02.2005 INTRO-folk: Åtte folkemusikk-formidlere i kappestrid

12.09.2002 Folkemusikk og drama med Kvarts

23.08.2001 Folkemusikk på Grønland

10.11.2004 INTRO-folk: Storsatsing på folkemusikk

12.11.2004 Intro Folk: Stort løft for norsk folkemusikk

01.09.2004 Idédugnad for Riksscene for folkemusikk og folkedans

04.03.2004 Debatt om nasjonal folkemusikkscene: - Det handler om å ville noe

02.10.2006 Hopalong Knut ut på landeveien

20.10.2005 "Tryllefløyta": Mozart i springartakt

20.10.2005 "Tryllefløyta": Ein stemningsrapport

20.10.2005 Tryllefløyta - ein folkeopera: Rikskonsertenes største satsning noen gang

22.09.2005 KILL: Kompromissløst, men også retningsløst

21.09.2005 Studentsamfunnene tar i mot Animal Alpha

20.09.2005 Rikskonsertene presenterer KILL

05.09.2005 Pønker på Slottet?

23.08.2005 "Gåtesong": Historisk CD frå Etnisk Musikklubb

18.08.2005 Hvem blir Rikskonsertenes nye direktør?

08.08.2005 Majorstuen vant INTRO-folk

30.05.2005 Startskotet har gått for INTRO-folk 2005

20.04.2005 Og prisen for Årets Konsertarrangør går til...

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no