MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Kulturråd-evaluering roser Norsk Folkemusikk og -Danselag

Publisert: 04/29/2005 av Anne Hytta

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005042713290815666285

Kulturforskar Georg Arnestad har på oppdrag frå Norsk kulturråd evaluert Norsk Folkemusikk og -Danselag. I evalueringa gjev Arnestad "folkemusikkens enfant terrible" stor ære for å ha gitt folkemusikk ein tydelegare plass på den kulturpolitiske dagsorden og for å vere den organisasjonen som sterkast har bidratt til utvikling av viktige fellestiltak innan feltet. Han konkluderer med at NFD bør få auke i økonomiske tilskot og meir langsiktige økonomiske rammer å handle etter.

Jan Lothe Eriksen, Norsk Folkemusikk- og Danselag (207x235)

Av Anne Hytta, Kvinten

Norsk Folkemusikk og Danselag får det årlege drifttilskotet frå Post 74 i Norsk kulturråd på bakgrunn av søknader kvart år. No har alle organisasjonar og institusjonar som høyrer inn under denne posten blitt evaluert for « å legge et grunnlag for forvaltningen av Post 74 i sin helhet » som det heiter på Kulturrådet sine heimesider. I alt åtte forskarar har arbeidd med evalueringane av dei ulike organisasjonane, og no er altså NFDs evaluering klar.

"Organisasjonsmessig suksesshistorie"

Bak evalueringa står Georg Arnestad som for fire år sidan sto bak Norsk kulturråds utgreiing om norsk folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Norge (Arnestad 2001). Det er såleis ein forskar med djup kjennskap til miljøet som har evaluert NFD, og han konkluderer i evalueringa:

"NFDs 18-årige historie kan på ma nge måtar sjåast på som ei lita organisasjonsmessig suksesshistorie. Med relativt s må ressursar, hardt, målmedvite og strategisk klart retta arbeid har organisasjonen ikkje berre lykkast å stå fram som den mest profilerte organisasjonen inna nfor det norske folkemusikk- og f olkedansfeltet. NFD må også få ein god del av æra for dette feltet har fått ein tydelegare plass på den kulturpolitiske dagsorden. Det er dessutan eit faktum at NFD, folkemusikkens Bellona, "enfant terrible", uekte barn eller kva for karakteristikk vi skal bruke, er den organisasjonen so m i sterkast grad har lagt vekt på og lykkast med å få organisasjonane på felte t til å gå saman om, utvikle og delvis få realisert viktige fellestiltak.»
(...)

"Etter mitt syn er det no tid for at i alle fall delar av den omfattande og mangeårige prosjektretta aktiviteten til NFD bør konverterast i auka årlege driftstilskot, og at NFD bør godskrivast ein del av resultata frå det viktige samord na tiltaksretta kulturpolitiske arbeid et som har skjedd dei siste åra ."

- Kvalifisert gjennomgang

- Arnestad har sett og forstått samanhengen i vårt kulturpolitiske arbeid over tid, og det er gledeleg og svært tilfredsstillande for oss at han har sett dette, seier dagleg leiar i NFD, Jan Lothe Eriksen.

Han oppfattar evalueringa som ein kvalifisert og grundig gjennomgang av NFDs historie og arbeid på sikt.

Heile rapporten finn du på www.kulturrad.no under tittelen «Post 74» evaluert - tilskudd til faste tiltak under Norsk kulturråd.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter)

Norsk kulturråd (Støtteordninger; Offentlige institusjoner)

Relaterte personer:

Jan Lothe Eriksen, Dagleg leiar

Relaterte artikler:

Ballade og MIC passerer 200 000 unike brukere

16.03.2005 NFD presenterer ny folkemusikkfestival - og åpent møte om å leve av folkemusikk og -dans

07.01.2005 Unni Løvlid: - Ad hoc-stønad til folkemusikarar!

19.11.2004 NFD: - Behov for talentskoleordning i folkemusikk

07.10.2004 Statsbudsjettet 2005: - Folkemusikk og folkedans ute på sidelinja igjen, meiner NFD

07.10.2004 Statsbudsjettet 2005: "Samstemt"-organisasjonene er skuffet

19.05.2004 Norsk Folkemusikk- og Danselag søker prosjektutviklar

05.05.2004 NFD: - Kulturministerens krav om mer enn 35% norsk musikk i NRK - et langt skritt i riktig retning!

13.10.2003 Oslo lag for folkemusikk er 100 år - om media, bevisstgjering og interesse

31.01.2003 Norsk folkemusikk- den nye eksportartikkelen til USA

13.03.2002 - Tid for kulturpolitisk anerkjenning

04.04.2002 Kulturpolitiske utfordringer for folkemusikkfeltet

15.06.2006 Norsk Folkemusikk- og Danselag søker redaktør

03.04.2006 Åshild Vetrhus er ny leiar i NFD

14.02.2006 Riksscenen for folkemusikk: - Vi vil lytte til hele musikklivet

17.11.2005 Uff da, Ballade!

14.10.2005 Turné- og arrangørtilskot frå Norsk kulturråd

25.08.2005 Árinn - folkemusikk anno 2005

23.08.2005 "Gåtesong": Historisk CD frå Etnisk Musikklubb

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no