MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Håkon Høgemo (Foto: Norsk Folkemusikkatalog) (250x213)Festivalpub på Rytne Gard i Bygstad

Publisert: 05/10/2005 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005051013262595306019

Vårens siste festivalpub går av stabelen onsdag 11. mai - i løa på Rytne Gard i Bygstad. Det er trioen Bufaste Tonar, med Håkon Høgemo, Tom Karlsrud og Judith Vestrheim som får æra av å ha første konsert i den nyrestaurerte løa, som ligg ved foten av den kneisande Kvamshesten. Bufaste Tonar er for tida på turné i fylket med folkemusikk frå Sogn og Fjordane.


Bufaste Tonar spelte på festivalen i 2002, og er for tida på turné i fylket med eit repertoar som byggjer på folkemusikk frå Sogn og Fjordane. Før dei kjem til Bygstad har dei mellom anna vore i Jostedalen og i Aurland.

Rytne gard har ei historie som går heilt tilbake til 1100-talet, og løa oppunder fjellet burde vere ei perfekt ramme når trioen med hardingfelemeisteren Håkon Høgemo og trekkspelaren Tom Karlsrud set kvarandre i stemne – og for Judith Vestrheim si tolking av folketonar. Konserten vil spenne frå det vare og lågmælte til den meir heftige og intense slåttemusikk frå fjordane.

- For festivalen er det spennande å kunne legge arrangement litt ut frå Førde. I fjor hadde vi ein svært vellukka utekonsert på Rytna, og vi skal ha utekonsert i Bygstad på sommarens festival også, fortel Torill Gundersen Faleide på festivalkontoret.

– Så når Helge Kårstad og Merete Larsmoen på Rytna tok kontakt for å få eit pub-arrangement i løa deira, slo vi sjølvsagt til. Dette kan fort bli ein tradisjon!

Rytne har som nemd ei lang historie. Garden var kyrkjegods under Apostelkirken i Bergen frå ein gong mellom 1100 og 1300 fram til 1563, og har i over 650 år vore sjølvstendig gardsbruk.

- I dag er husa restaurerte, dei eldste frå 1600-talet. Vi har ynskja å ta vare på det spesielle gardsmiljøet med si historiske atmosfære. Her vil du finne ro, kunne stresse ned og late omgjevnadene gje deg ei heilt spesiell oppleving: Litt saktare, litt sprekare, litt "rikare", og litt meir naturleg, lovar Gundersen Faleiude.


Håkon Høgemo har vore frilans spelemann sidan 1993, og timelærar på Norges Musikkhøgskole sidan ´00, på Ole Bull Akademiet sidan ´93 og Griegakademiet (UiB) ´95-96. Han spelar i fleire grupper, mellom anna Bufaste tonar (sidan ´94), Slåttetrioen (sidan ´95) og UTLA (sidan ´92).

Høgemo har og medverka på CD-utgjevingane "Å fela ho let" (1988), "Mellom vener" (1988), "UTLA" (1992 - og nominert til Spelemannsprisen), "Juv" (1993), "Bufaste tonar" (1994), "Brodd" (1995), "Dans" (1999), "Solo" (2000 - vinnar av Spelemannsprisen), "Marylands" (2001) og "Femstein" (2004).

Meir om Rytne Gard kan du lese på www.kaarstadbruk.no.
 

Relaterte personer:

Håkon Høgemo, Felespiller

Relaterte artikler:

03.03.2003 Karl Seglem og Utla til Tyskland

16.05.2003 Bryggenspelet - folkemusikalsk maktdemonstrasjon i Bergen

28.07.2003 Internasjonal impro og installasjoner uten vei

15.11.2000 UTLA på Vestlandsturné

13.09.2001 Folkemusikk og balansekunst

09.09.2002 Unik plateutgjeving

12.05.2003 BBC-konsert og ny plate fra Karl Seglem og Utla

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no