MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



The Thing med Joe McPhee (350x245)Sterkt haustprogram frå Voss jazzklubb

Publisert: 08/15/2005 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005081014570988664682

Det er eit internasjonalt snitt over haustprogrammet til Voss jazzklubb i år. Programmet avslører ikkje at det heile blir servert i ein ombygd fraktgodssentral i ei innlandsbygd på Vestlandet med knappe 14.000 innbyggjarar. Musikalsk spenner det frå Alf Prøysens ukjende sider til rock og avantgarde jazz i lukkeleg samspel.


Det heile opnar med Cato Salsa Experience i møte med The Thing og den amerikanske saksofonlegenden Joe McPhee. Konstellasjonen har gjort stor lukke både på Vossa Jazz og Kongsbergfestivalen. Veka etter er Mats Eilertsen på plass med bandet Turanga.

Eilertsen har følgje med den nederlandske cellisten Ernst Reijseger, den svenske saksofonisten Fredrik Ljunkvist og Thomas Strønen på trommer. Turanga leverte i følgje Lars Mossefinn i Voss jazzklubb ein av fjorårets sterkast CDar. Meir internasjonalt blir det når den litauiske saksofonisten Liudas Mockunas møter den danske trommeslagaren Stefan Pasborg i det musikalsk fabulerande kollektivet Toxikum.

- Eit av haustens høgdepunkt er Jan Erik Vold siste prosjekt ”Det store svadaåret”, fortel Mossefinn. - Her sit sarkasmane laust mildt framført av ein vital Vold på eit musikalsk bakteppe som spenner frå rockabilly til calypso.

Meir poesi vert det når Jørn Simen Øverli samarbeider med saksofonist Rolf-Erik Nystrøm og pianist Helge Lien i programmet ”Prøysenvisene som forsvann”.

Lars Mossefinn meldar og at det 27. oktober er duka for" groovy gitarjazz i trioformat". Den amerikanske gitarviruosen Charlie Hunter er óg på turné, og legg turen innom Voss og Fraktgodsen.

Konserthausten i Voss jazzklubb held fram med meir gitarmusikk. Då er det duka for den franske trioen ULM med gitaristen Marc Ducret i spissen.

- Siste konsert denne hausten er eit møte med Susanna Wallumrød og Morten Quenild, som i denne samanhengen går under nemninga The Magical Orchestra – eit svært så dekkande namn på den musikalske trollmannen frå Kongsberg, meiner Mossefinn.

Alle konsertane går føre seg i Fraktgodsen. Jazzklubben tilbyr som vanleg sesongkort som gjer at ein kan få med seg alle 8 konsertane for 650 kroner.

- Sagt i ungdommeleg sjargong er dét eit sinnsjukt godt tilbod, sier Mossefinn. Heile haustprogrammet kan du sjå på i detaljar på www.vossajazz.no, som og er heimesida til festivalen med same namn.
 

Relaterte bedrifter:

Vossa Jazz (Festivaler\Mars; Plateselskap)

The Thing (Utøverinstitusjoner\Band)

Relaterte personer:

Lars Mossefinn, Leiar

Jan Erik Vold, Forfatter

Thomas Strønen, Trommeslager

Relaterte artikler:

18.03.2005 Påskeintervjuet: Solskinn, appelsiner og herr Qvenild

28.01.2005 Jan Gunnar Hoff med tingingsverk til Vossajazz

20.01.2005 Vossa Jazz med variert påskemeny

23.04.2003 Frykt og avsky på Voss

30.04.2003 Gilad Atzmon: Postmoderne musikk fra Absurditetens teaterscene

22.04.2003 Live Roggen: En dame med mange hatter

21.01.2003 Vossa Jazz med rikt program

22.03.2002 Vossa Jazz åpner i dag

05.09.2002 Overskot i Vossa Jazz

16.01.2002 Vossa Jazz 2002 - Musikalsk vårflaum!

16.01.2001 Klart for Vossa Jazz 2001

19.06.2002 Cato Salsa Experience: -Rå musikalsk dressing over indiebule

12.11.2008 Tekstforfatterfondets Ærespris til Jan Erik Vold

30.11.2007 Jolajazz 2007

08.06.2007 Food feirer ti år

05.09.2006 Vossa Jazz: Overlever og ser framover

25.08.2006 Ope brev til Vossa Jazz-styret og Lars Mossefinn

11.08.2006 Tøffe tider for Vossa Jazz

18.01.2006 Begeistret selvskryt fra Vossajazz

16.01.2006 Trygve Seim skriv tingingsverk til Vossa Jazz 2006

31.08.2005 Turnéstart for Two Bands And A Legend

22.08.2005 Tjuvstart i Trondheim

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no