MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen: "Gåtesong": Historisk CD frå Etnisk Musikklubb

Publisert: 08/23/2005 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005082311572656063630

Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen har med utgjevinga "Gåtesong" teke utgangspunkt i ulike type vekselsongar frå folketradisjonen. Gåteviser frå mellomalderen er eit hovudtema på plata. I tillegg har andre poetiske mellomalderviser, stev og bornesongar funne ein naturleg plass i repertoaret. Duoen er óg Månadens artist i Norsk folkemusikkatalog.


Norske gåter og gåtekampforteljingar i norrøne gudesegn har parallellar i eldgamle kulturar som til dømes Hellas og India. Tradisjonen som framførast på "Gåtesong" kan såleis seiast å vera ei grein av eit globalt kulturminne. Ei av gåtene Buen Garnås & Halvorsen har i stevform er gåta om morgonsola, også kjend frå jødisk og indisk tradisjon:

"Det stend eit tre i Billingsberg, druper utivi hav. Hennes greinir lyser som gull. Du gjet ikkje det i dag."

Billingsberget (bildingsberg) er havet som speglar av himmelen. Treet og greinene er dermed sola og solstrålene som renn opp over havet.

I 1924 gjorde Rikard Berge eit voksrullopptak med Kari Dale frå Seljord. Ho song inn eitt brot av ei gåtevise. Dette opptaket er unikt i sitt slag, og det er truleg den fyrste lydfestinga av ein fleire hundre år gamal gåtevisetradisjon.

Gåtevisene var på denne tida i ferd med å gå ut av bruk, tillike med annan eldre songtradisjon. Stoffet på plata er ei blanding av munnleg tradisjon, arkivopptak frå 1900-talet og nedskrifter frå midten av 1800-talet.

Ingvill Marit Buen Garnås kjem frå Bø i Telemark og vaks opp i ein familie med rike folkemusikktradisjonar. Ho er dotter av Agnes Buen Garnås, og har m.a. samarbeidd med henne, bror sin Per Anders Buen Garnås, Anders Erik Røine og Nils Økland. Ho har vunne Landskappleiken to gonger (1999, 2003). Sist (2005) blei ho nr. 2, hakk i hel med ikkje ukjende Kirsten Bråten Berg. Ho bur i Venabygd i Gudbrandsdalen.

Jon Anders Halvorsen kjem frå Lunde i Telemark, og har studert folkemusikk på Ole Bull Akademiet. Han har vunne Landskappleiken ein gong (2002). Han er medlem av folkemusikkgruppa Dvergmål, har eit duosamarbeid med gitaristen Tore Bruvoll og har ei av hovudrollene i Tryllefløyten - ein folkeopera (Tamino/Prins Sveinung) med premiere på Den norske opera 14. oktober 2005. Han bur i Oslo.

Dei to kvedarane hadde urframføring av programmet Gåtesong på Telemarkfestivalen i 2002. Etter den tid har dei utvida repertoaret for nye konsertar, og no plate. Gåtevisene og steva har vore i bruk frå mellomalderen fram til vår tid. Dei inneheld ofte poetiske og underfundige naturskildringar og glimt av gamle levesett. I tillegg til gåtevisene føyde dei etterkvart til fleire mellomalderballadar med vakre dialogar og draumeaktige vers. Dei fantasifulle bornesongane slutta seg mest til av seg sjølve.

Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen opptrer på Àrinn-festivalen i Kristiansand 3. september. Du kan lese meir om Árinn, som mellom anna er eit samarbeid mellom Norsk Folkemusikk- og Danselag og Valle og Bykle kommune, Setesdal Regionråd, Aust- og Vest-Agder fylkeskommune og Cultiva, på denne nettsida.

Utgjevinga har kome inn under Norsk Kulturråds klassikerstøtte.
 

Relaterte bedrifter:

Etnisk Musikklubb AS (Distributører/grossister; Postordre; Plateselskap; Plateselskap)

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter)

ÁRINN - internasjonal festival for tradisjonell folkemusikk og folkedans (Festivaler\September)

Norsk Folkemusikkatalog (Media\Oppslagsverk)

Cultiva (Støtteordninger)

Relaterte personer:

Ingvill Marit Buen Garnås, Kveder, Artist

Jon Anders Halvorsen, Vokalist

Relaterte begivenheter:

ÁRINN 2005 - Internasjonal festival for tradisjonell folkemusikk og folkedans

Relaterte artikler:

15.06.2005 Árinn: Et arnested for tradisjonsmusikken

16.03.2005 NFD presenterer ny folkemusikkfestival - og åpent møte om å leve av folkemusikk og -dans

13.10.2003 Oslo lag for folkemusikk er 100 år - om media, bevisstgjering og interesse

31.01.2003 Norsk folkemusikk- den nye eksportartikkelen til USA

01.09.2004 Idédugnad for Riksscene for folkemusikk og folkedans

31.03.2004 Støtter initiativet til nasjonal scene for folkemusikk og folkedans

04.03.2004 Debatt om nasjonal folkemusikkscene: - Det handler om å ville noe

03.03.2004 Musikklivets tiltakspakke: Slik vil vi ha det!

29.04.2005 Kulturråd-evaluering roser Norsk Folkemusikk og -Danselag

07.01.2005 Unni Løvlid: - Ad hoc-stønad til folkemusikarar!

24.03.2004 God europeisk mottagelse for norske nattsanger

15.04.2005 Folkemusikkgruppa Dvergmål på turné for Rikskonsertene

18.03.2004 Programslepp for Telemarkfestivalen

18.08.2009 Nye ideal i ”Vokal folkemusikk”?

07.12.2007 Diverse artister - ”Viser på vandring i Norden”

16.11.2007 Tysk platepris til Etnisk Musikklubb

23.02.2007 Daniel Sandén-Warg: En reise fra Sverige til Setesdal

26.04.2006 - Det er jo artig, da!

21.04.2006 Folkemusikk møter klassisk på Árinn

01.12.2005 I Lindemans fotefar: Tre timars storkonsert

31.10.2005 Dette er også norsk folkemusikk

20.10.2005 Tryllefløyta - ein folkeopera: Rikskonsertenes største satsning noen gang

05.09.2005 EDVARD-pris til Jorun Marie Kvernberg

31.08.2005 Hauk Buen: Høvdingen av hardingfela

29.08.2005 For første gong i historia: Edvard-pris for ny folkemusikk

26.08.2005 NRKs Gro Holm: - Slåttespelet er ufattelig rikt

25.08.2005 Árinn - folkemusikk anno 2005

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no