MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Velle Espeland (foto: Lisbeth Risnes/MIC) (300x452)Norsk visearkiv - et kompetansesenter

Publisert: 09/13/2005 av Velle Espeland

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005091310480839254291

Flere sentrale aktører i norsk musikkliv har nå flyttet sammen i Nasjonalbibliotekets nyrestaurerte bygg i Drammensveien 42. Det dreier seg blant annet om Norsk Jazzarkiv, Norsk Visearkiv, Nasjonalbiliotekets musikksamling og Musikkinformasjonssenteret. Ballade vil den nærmeste tiden la disse aktørene få presentere seg selv, sin historie og fortelle litt om hva de kan tilby sine brukere. Nestemann ut i denne serien er Norsk Visearkiv, som ble etablert i 1983 under navnet Visearkivet. Daglig leder Velle Espeland har hermed ordet.


Av Velle Espeland, daglig leder i Norsk Visearkiv

Korkje engelsk, tysk eller fransk har noko ord som heilt tilsvarer vårt vise. Og visa, denne songen med stor vekt på teksten, har vore dyrka i dei nordiske landa i mange hundre år.

Likevel har visesongen lett for å falle mellom stolar. Dette gjelder både i forsking, arkiv og i kulturpolitikk. Visa er korkje ein litterær eller ein musikalsk sjanger og blir difor ofte sett på som eit marginalfenomen frå båe sider. Men song er den aller vanlegaste form for musikkutøving og visedikting er ei av dei vanligaste basisformer for språklig estetisk uttrykk i Noreg i dag. Mye av det som blir laga er enkle songar som blir brukt berre ein gong, men den store mengda og kreativiteten gir likevel kulturell tyngde.

Visesong som kunstart kan virke enkel formelt sett. Men den bygger på ein avansert kombinasjon av fleire ulike uttrykksformer: Viseartisten er songar, skodespeler, arrangør, musikar/akkompagnatør, ofte også tekstforfattar og komponist. Dette er ei slags totalkunst, der det ikkje er teknisk briljans i ein disiplin, men ein vellykka kombinasjon av ulike element som skaper det beste resultatet.

Målsetting og oppgåver
Det er den norske visetradisjonen i alle sine fasettar som er objektet for Norsk Visearkiv. Vi samlar material for å dokumentere norsk visehistorie, vi er ein serviceinstitusjon open for alle interesserte, men vi er også eit kompetansesenter som driv forsking i den grad vi kan avsjå tid til det.

Norsk Visearkiv er eit kompetansesenter og servisearkiv innanfor den folkloristiske forskingstradisjonen. Det er denne forskinga som har tatt visa på alvor som vise både som tekst og melodi, lyrikk og musikk. Det inneber at vi er like interessert i representativitet og gjennomslagskraft som i kunstnarleg verdi, og like interessert i kvardagssongen som i profesjonell song.

Norsk Visearkivs nisje er mellomstillinga. Vi er ikkje eit reint musikkarkiv, heller ikkje eit reint tekstarkiv. Vi ligg mellom, og med god kontakt både til akademiske forskingsmiljø og brukarmiljøa. Men vi er heller ikkje knytt klårt opp til ein brukarorganisasjon. Den største brukargruppa vår er uorganiserte og uorganiserbare kvardagssongarar. Vi er både eit kompetansesenter med formell forskingskompetanse og eit servisearkiv for breie brukargrupper.

Vi ser heile den norske songtradisjonen som vårt arbeidsfelt. Song er ei allmennmenneskeleg uttrykksform som kan brukast av nesten alle og i nesten alle situasjonar, og visa er truleg den aller mest utbreidde folkelege, estetiske uttrykksforma.

Norsk Visearkiv ønskjer å bidra til meir song for fleire og i fleire situasjonar.

Kva kan du bruke Norsk visearkiv til?
Norsk visearkiv prøver å svare på alle spørsmål om norske viser. Vi har ein datakatalog over nesten 70 000 viser som alle finst i våre samlinga. Vi kan også skaffe fram bakgrunnsmateriale om enkeltviser eller songtradisjonar.

Arkivet låner ikkje ut bøker eller lydopptak, men i svært mange tilfelle vil det vere mogleg å kopiere enkeltviser, lytte til opptak eller vi kan vise til CD-ar som er i salg.

Organisasjonen
I slutten av 1970-åra starta ei rekkje institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar arbeidet med å etablere eit norsk visearkiv etter modell av Svenskt Visarkiv i Stockholm. Arkivet vart etablert under namnet Visearkivet i 1983. I 1996 vart namnet endra til Norsk Visearkiv.
Arkivet lever av ei løyving over statsbudsjettet. Denne løyvinga gir berre rom for to fast tilsette, men i tillegg engasjerer vi medarbeidarar til spesielle prosjekt.

Velle Espeland er folklorist og dagleg leiar. Astrid Nora Ressem har ansvar for det musikkfaglege.

Samlingane
Norsk Visearkiv består av ei rekkje samlingar. Den viktigaste er nok boksamlinga som blant anna inneheld vise- og songbøker. Lydsamlinga består av CD-ar, LP-plater og lydband. I motsetning til folkemusikkarkiva har ikkje visearkivet sjølv gjort store innsamlingar av lyd og vår samling av upublisert lyd er ikkje imponerande. Dessutan har vi samlingar av skillingstrykk, notetrykk og manuskript. Vi har også arkivmateriale som dokumenterer viserørsla. Mest interessant er kanskje arkivet til Visens Venner frå 1944 og fram til slutten av 1970-åra.

Ein datakatalog bind alle desse samlingane samman. Mest nytte har vi av førstelineregisteret vårt som omfattar nesten 70 000 referansar. Katalogen vår er dessverre ennå ikkje lagt ut på nettet.

Litt visehistorie
Dei eldste visene våre finn vi bland folkevisene. Den gruppa vi kallar balladar har vore sunge i hundrevis av år, og mange av dei har ei historie som går tilbake til mellomalderen. På 1600- og 1700-talet var det ikkje vanleg med bøker i Noreg, men ved sidan av salmeboka var to visebøker populære: Peder Syvs Kjempeviseboka frå 1695 og Petter Dass’ Bibelsk visebok frå tidleg 1700-tal. Utover på 1800-talet kom innsamlinga av folkeviser i gang, kjente forfattarar dikta gode tekster og samstundes blomstra ei rik folkeleg visedikting. Sjømenn improviserte sjantiar og jarnvegsarbeidarane laga sine rallarviser. Omreisande koffertkremmarar brakte skillingsviser til alle avkrokar i landet.

På slutten av 1800-talet dukka dei første revyane opp og rundt 1900 var Kristiania ein rein tivoliby, med ei rekkje kabaretscener. Chat Noir vart opna i 1911 ved at Bokken Lasson song visa om Piken med vannspannet. I 1944 vart Visens Venner stifta i Oslo. Målsettinga var å få oppvurdert visa som kulturuttrykk, og gjennom radioprogram, konsertar og visebøker klarte dei å etablere begrepet Den gode vise.

På 1970-talet kom visebølgja som ein del av ein internasjonal, ungdommeleg motkultur, og visa vart radikal, moderne og populær. Med nye generasjonar vart visa "umoderne" på 1980-talet, sjølv om gode tekster ennå generelt står sterkare enn før.

Ellers kan vi merke oss at visa framleis er ein suveren reidskap når det gjeld å etablere gruppeidentitet og sjølvkjensle i tidlegare undertrykte grupper. Dei siste åra har vi til dømes sett ei aukande interesse for sigøyner- og taterviser i arbeidet med å bygge ein positiv identitet for desse gruppene.

Det ser likevel ut som om almennsongen, den introverte, upretensiøse daglegsongen, har fått ei stadig svakare stilling.

Forsking og prosjekt

٭ Balladeprosjektet
Norsk visearkiv har hatt fagleg ansvar for arbeidet med den store balladedatabasen Balladar i Noreg sidan 1992. Basen inneheld visematerial som har lege bortgøymt i snart 150 år og trass i manglande korrekturlesing vart tekstmaterialet lagt ut på Internettet i 1998.

Astrid Nora Ressem har i mange år arbeidd med å digitalisere melodioppskriftene til balladetekstene og det siste året har Elin Prøysen arbeidd på timebasis med korrekturlesing av både melodiar og tekst.

٭ Olea Crøgers folkeminneoppskrifter
Samman med Brynjulf Alver og Reimund Kvideland har Astrid Nora Ressem gitt ut Olea Crøgers oppskrifter frå 1840- og 50-talet. Boka Lilja bære blomster i enge kom ut i 2004 og Astrid Nora Ressem hadde ansvaret for melodimaterialet.

٭ Lindemans folkemelodioppskrifter.
Saman med Rådet for folkemusikk og folkedans hadde Norsk Visearkiv fagleg ansvar ved publiseringa av Lindemans folkemusikkoppskrifter. Bind 2 kom ut i 2003 og heile verket kom som CD-rom i 2005.

٭ CD-utgåve av gamle balladeopptak
I samarbeid med Norsk folkemusikksamling skal Norsk visearkiv gje ut ein CD med tradisjonsopptak av mellomalderballadar henta frå arkivet i folkemusikksamlinga. Utvalet spenner frå 1912 til 1992. Arbeidet med utval, innleiing, tekster og kommentarar har vore visearkivets ansvar. CD-en vil komme ut i 2005.

٭ Handbok for viseinteresserte
Velle Espeland har arbeidd med ei handbok for viseinteresserte. Førebels ser det ut til at boka kjem til å innehalde eit kort oversyn over norsk visehistorie, eit leksikalsk oversyn over genrar og enkeltkapittel om spesielt viktige genrar.

٭ Anna
Både Astrid Nora Ressem og Velle Espeland har skrive ei rekkje artiklar om viser og visehistorie i ulike tidskrift, årbøker og antologiar. Oversikt over dette finst på visearkivets heimeside her.


I 2005 var Astrid Nora Ressem ein av redaktørane for Balladar og Blue Hawaii, eit festskrift med folkloristiske og musikkvitskapelege studiar tileigna Velle Espeland på hans 60-årsdag.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Jazzarkiv (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek)

Norsk Visearkiv (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek)

Musikkinformasjonssenteret - MIC (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek; Butikk\Noter; Forlag\Musikk; Media\Nettsteder; Media\Oppslagsverk)

Nasjonalbiblioteket Norsk Musikksamling (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek)

Nasjonalbiblioteket, avd. Oslo ()

Relaterte personer:

Velle Espeland, Daglig Leder

Astrid Nora Ressem, Musikkfaglig konsulent

Relaterte artikler:

22.08.2005 Musikken inn i Nasjonalbiblioteket - et heldig samboerskap?

16.08.2005 Nasjonalbibliotek for fulle seil

15.08.2005 Norsk Jazzarkiv - et kompetansesenter

12.03.2004 Musikkorganisasjoner ønsker samling i Nasjonalbiblioteket

06.11.2003 Velle Espeland snakker om nøkk, skrømt og spøkelser

23.01.2003 Norsk visearkiv er 20 år

04.12.2002 500.000 mer til Norsk Visearkiv

11.11.2002 Rådet for folkemusikk og folkedans om Norsk visearkiv

06.11.2002 Mer støtte til Norsk visearkiv

31.10.2002 Stor sympatibølge for Norsk visearkiv

30.10.2002 Norsk visearkiv har ikke penger til drift i november

30.04.2002 Sammen for en sterkere sangkultur

12.10.2000 Kulturbudsjettet setter Norsk visearkiv i en kattepine

06.02.2008 Ballader.no

25.10.2007 Vern av den norske musikkarven

14.08.2007 Pliktavlevering av lydopptak

16.02.2007 Norsk musikksamling 80 år

14.06.2006 Kulturelegi til Trond Giske

23.01.2006 Håvard Skaadels artikkelserie under lupen

25.11.2005 Middelalderballader på CD for første gang

11.10.2005 MFO støtter riksscene for folkemusikk i Oslo

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no